Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Podkast: Kva er religion?

I desse oppgåvene skal du jobbe med temaet "Kva er religion?" ut frå ein podkast der Iselin Frydenlund og Jonis Yosef snakkar saman om emnet.

Oppgåve 1. Korleis definerer du religion?

Lag din eigen definisjon på omgrepet "religion".

Høyr podkasten og jobb med oppgåve 2 eller 3 før de samanfattar i oppgåve 4.

Mann med svart krøllete hår og skjegg poserer framfor eit mikrofonstativ. Foto.
Kva veit eg?

Religion

Kva er eigentleg religion? Religionsvitar Iselin Frydenlund er på besøk hos Jonis Josef.

0:00
-0:00

Oppgåve 2. Fortel att

  • Ta notat i form av nøkkelord mens du høyrer på podkasten.

  • Fortel att det du har lært til ein annan i klassen.

  • Når den første er ferdig med å fortelje att, fyller den andre på ut frå notata sine. Her er det altså viktig å vere ein aktiv lyttar.

Oppgåve 3. Spørsmål til podkasten

  1. Frydenlund seier religionsvitarar er ekspertar i noko dei ikkje heilt veit kva er, men at religion kan brukast som analytisk kategori. Kva betyr det?

  2. Kva kjenneteiknar substansielle definisjonar? Kom gjerne med døme.

  3. Kva kjenneteiknar funksjonalistiske (funksjonelle) definisjonar? Kom gjerne med døme.

  4. "Church of the Flying Spaghettimonster" blir rekna som ei form for makt- og religionkritikk. Forklar.

  5. Kva for andre døme på at definisjon av religion kan knytast til makt, finn du i podkasten?

  6. Religion kan både vere ein maktfaktor og ledd i undertrykking. Forklar.

  7. Yosef og Frydenlund har høvesvis innanfrå- og utanfråperspektiv på religion. Korleis kjem det fram?

  8. Kva meiner du om utsegnene deira om korleis kultur og religion heng saman?

  9. "Treng vi religion?" er eit av spørsmåla Yosef stiller. Frydenlund svarer at mennesket er "meiningssøkjande og meiningsskapande vesen". Kva trur du ho meiner med det? Kan vi finne meining andre stader enn i religion?

  10. "Verdsreligionar" er eit omgrep det har vore vanleg å bruke. Kva er utfordringane med dette omgrepet?

  11. Frydenlund har problem med kategoriane "austleg" og "vestleg" religion. Forklar kvifor. Kva kan vere gode alternativ?

4. Oppsummering

  • Var den første definisjonen din substansiell eller funksjonalistisk?

  • Snakk med den som sit ved sida av deg: Er det noko de ville ha sagt er religion som definisjonane dykkar ikkje dekkjer?

  • Oppdater din eigen religionsdefinisjon.

Relatert innhald

Med utgangpunkt i filmen "Hail Satan?" kan vi diskutere religionsdefinisjonar, religion, politikk, menneskerettar og mykje anna.

CC BY-SASkrive av Karen Marie Halden.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2022

Læringsressursar

Religionskunnskap