Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tolk biletet!

Dette biletet skal vise nokre sentrale trekk i religionshistoria. Klarer de å forstå kva det skal illustrere?
Tips til læraren: "Bilete frå minnet"

Denne oppgåva kan alternativt løysast ved hjelp av ein metode som historiedidaktikar Erik Lund har kalla "Bilete frå minnet".

Førebuing

"Bilete frå minnet" er ein teiknestafett der elevane blir delte i grupper på 4–5. Kvar gruppe blir så delt inn i einarar, toarar og så vidare. På kvart gruppebord må ein ha eit ark å teikne på. Læraren har biletet av grafen på PC-en sin, men skjuler dette for elevane førebels.

Stafetten

Først kjem einarane frå alle gruppene opp til kateteret. Dei får sjå biletet i cirka 30 sekund, så får dei eitt minutt til å byrje til å gi att biletet på arket i gruppa. Det er viktig at dei forklarer mens dei teiknar, og at dei instruerer nestemann som skal opp. Så kjem toarane opp og gjer det same og held fram på den same teikninga. Slik held det fram til alle har teikna.

Diskusjon i gruppe

Set av tid til at gruppene diskuterer seg imellom kva dei har teikna. Dei kan diskutere desse spørsmåla:

  • Kva betyr dei ulike detaljane, trur de?

  • Kva er bodskapen til illustrasjonen?

Metakognisjon i plenum

Ta ein runde i fellesskap der gruppene deler strategien sin under stafetten og deler kva dei har funne ut om teikninga, og korleis dei tenkte då dei skulle tolke og forstå teikninga.

Vis originalbiletet på storskjerm og hald fram samtalen rundt detaljane og formålet med biletet. Her kan ein òg gjerne samle inn teikningane og kåre ein vinnar, det vil seie den som er nærast originalen.

Kilde: Lund, E. (2006). Tren Tanken. Læringsstrategier og læringsstiler i samfunnsfag. Håndbok til
Aschehougs samfunnsfagserie for ungdomstrinnet.
Aschehoug.

Kart som viser opphav og utbreiing av dei store religionane. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sett dykk i grupper på 3–4 elevar, og jobb med oppgåvene under.

Del 1. Utan hjelpemiddel

Studer illustrasjonen over. Forsøk å forstå mest mogleg ved hjelp av deira eigen kunnskap og gjetting. Bruk cirka 10 minutt.

  • Kva betyr dei ulike detaljane, trur de?

  • Kva er bodskapen til illustrasjonen?

Del 2. Med hjelpemiddel

Bruk bøker og kjelder på nettet for å undersøkje dei tinga de var usikre på. Endre på svara i del 1 dersom det er naudsynt. Bruk cirka 10 minutt.

Del 3. I plenum

Sjå på illustrasjonen saman i klassen. Del kva de har funne ut.

  • Er de samde i alle detaljane?

  • Er de samde i kva bodskapen er med illustrasjonen?

  • Biletet er ei forenkling av verkelegheita. Kva er forenkla? Er det noko som manglar?

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2022

Læringsressursar

Religionskunnskap