Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Diskuter religionsdefinisjonar

Les om Yuval Noah Harari sin definisjon av religion frå boka Sapiens (2015). Diskuter måten han definerer religion på med andre elevar i klassen.
Foto av mann som står bak ein bunke med bøker. Tittelen av bøkene er "Sapiens".
Opne bilete i eit nytt vindauge

Yuval Noah Harari hevdar i boka Sapiens (2015) at mennesket skil seg frå andre dyr ved at vi er i stand til å samarbeide i store grupper, samtidig som vi er tilpassingsdyktige. Årsaka er at vi kan skape ei innbilt verkelegheit som vi i fellesskap trur fullt og heilt på, og som vi lever etter.

I denne samanhengen meiner Harari det er liten forskjell på det å tru på ein tradisjonell religion som kristendommen eller hinduismen og det å tru på ein statsleiar, eit pengesystem eller eit lovverk. Han meiner derfor at alle desse tinga som utgjer den kollektive innbilte verkelegheita vår, kan kallast religion.

Hvis du vil, kan du se et foredrag med Harari på TED, der han forklarer synet sitt nærmere.

Diskuter desse spørsmåla i klassen:

  1. Er det nyttig å forstå religion slik Yuval Noah Harari gjer i boka Sapiens?
  2. Er Harari sin bruk av omgrepet religion substansiell eller funksjonalistisk?
  3. Finn argument for at Harari sitt religionsomgrep er for vidt (tek med for mykje) eller for snevert (tek med for lite).
  4. I kva samanhengar vil Harari si forståing av religion fungere dårleg?
  5. Er det mogleg å forstå religion utan å ta stilling til om læra til religionen er sann?
CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Religionskunnskap