Ninian Smarts sju religionsdimensjonar
Ninian Smart (1927–2001) var ein viktig religionshistorikar frå Skottland. Smart fremja det som blir kalla for komparativ religionsforsking, dvs. forsking som vektlegg å samanlikne ulike religionar. Han populariserte bruken av det han kalla dei sju religionsdimensjonane.
Ifølgje Smart er religion eit samansett verdsbilete som fungerer som ein organisme. Akkurat som ein organisme består av fleire delar, består også religion av ulike gjensidig avhengige delar, eller dimensjonar. Desse dimensjonane finn vi i alle religionar, og dei kan brukast til å samanlikne og kartleggje unike sider ved kvar ein religion.
Eit hjelpemiddel for å hugse alle dei sjuv religionsdimensjonane er akronymet ROMMELS. Tenk at kvar forbokstav av akronymet samsvarar med forbokstaven til kvar av dei sju dimensjonane:
- R – Rituelle dimensjonen: religiøse handlingar
- O – Opplevingsdimensjonen: kjensler og opplevingar
- M – Mytiske dimensjonen: religiøse forteljingar
- M – Materielle dimensjonen: bygningar, gjenstandar, kunst og naturfenomen
- E – Etiske dimensjonen: normer og verdiar
- L – Læredimensjonen: sentrale tankar
- S – Sosiale dimensjonen: fellesskap og organisering
All religion inneheld praktiske sider og er oppteken av utføringa av spesifikke handlingar. Slike religiøse handlingar blir ofte kalla ritar eller ritual.
Ritual er gjentekne symbolhandlingar som ofte har mange funksjonar. Det kan til dømes vere daglege ritual, som bøn i islam, eller årlege ritual, slik som påskegudstenesta i kristendommen. Den vanlegaste forma for ritual er truleg overgangsritual. Desse omhandlar overgangar i livet slik som fødsel, det å bli vaksen, å gå inn i eit samliv, og døden.
Kjende døme på ritual er bøn, meditasjon, ofringar og pilegrimsreiser.
Noko som skil religion frå til dømes filosofi, er vektlegginga av personleg erfaring og særeigne opplevingar.
Mystikken er ei haldning som finst i alle religionar om at den ytste verkelegheita er noko som berre kan erfarast direkte gjennom ei ekstraordinær oppleving – ei mystisk erfaring. Slike opplevingar blir ofte kalla openberringar, profetkall, ekstase, transe, kontemplasjon, osv. To kjende døme på mystiske erfaringer er Moses som blir beordra av Gud til å bli profet, eller Buddha som gjennom meditasjon og kontemplasjon oppnår overmenneskeleg innsikt i naturen til verkelegheita. Slike intense emosjonelle opplevingar kan bringast fram ved mystisk trening i form av bøn, askese, meditasjon, yoga, faste, bruk av psykedeliske middel osv.
Religiøse opplevingar utgjer likevel ikkje berre ekstraordinære opplevingar. Bøn og daglege ritual kan gi den religiøse ei kjensle av tryggleik eller nærleik til det heilage. Dette er for mange heilt grunnleggjande religiøse kjensler. Opplevingsdimensjonen er derfor særleg knytt til den rituelle dimensjonen.
Mytar er forteljingar som har ein forklarande funksjon. Desse kan forklare verdas opphav (skapingsmytar), korleis menneske oppstod, korleis ting vil vere i framtida, osv. Mytar er ofte symbolske, som betyr at dei ikkje er meinte til å takast bokstaveleg.
Kjende døme på mytar er skapingsmyten frå Bibelen, mytar om mirakla til Jesus, endetidsmytane frå Johannes' openberringar i Bibelen og norrøne myter om Tor med hammaren som skaper lyn og tore.
Religiøs arkitektur slik som kyrkjer, katedralar, moskéar og tempel, og annan religiøs kunst, speglar alltid noko sentralt om religionen han representerer. Heilage hus er viktige fordi dei gir ei ramme for seremoniane og rituala til fellesskapen.
Her kan du utforske Synagogen i Oslo:
Heilage skrifter og heilage stader i naturen, slik som elva Ganges, er også ein del av den materielle dimensjonen. I alle religionar finst det estetiske uttrykk, som betyr noko som direkte påverkar sansane, slik som religiøs musikk. Kort sagt tilhøyrer alt som er skapt av menneskelege hender denne dimensjonen.
Kvar ein religion vektlegg etikk og klare reglar for rett og gale. Historisk sett er det i stor grad religion som har gitt forklaringar og legitimitet til normene i dei aller fleste samfunn. I moderne tid har ideologiar og humanistiske verdiar teke over denne rolla i ein del av samfunnet.
Alle religionar har ulike variantar av den gylne regelen, og forbod mot drap og tjuveri. Fordi etikk utgjer ein sentral del av sjølvforståinga til religionar, er denne dimensjonen tett knytt til læredimensjonen.
Alle religionar har eit sett grunnleggjande læresetningar, ofte kalla dogmer, om korleis verda heng saman og fungerer. Desse er ofte formulerte i det vi kallar truvedkjenningar – kortversjonar av den viktigaste læra i ein religion. Til dømes vektlegg den kristne truvedkjenninga at Jesus er Guds son, mens den islamske vektlegg at Muhammed er Guds profet.
Andre sentrale tankar slik som verkelegheitsoppfatning, gudssyn, menneskesyn og læra om frelse er også viktige delar av denne dimensjonen.
Alle eksisterande religionar tilbyr ein sosial fellesskap og kan fungere som eit sosialt lim. Med andre ord kan religion vere ei samlande kraft som bind folk tettare saman. Religiøse grupper dannar ofte institusjonar som gradvis blir til tradisjonsberarar.
Nesten alltid oppstår det ein tydeleg maktstruktur innetter i religionar. Dermed får ein ein leiarskap med definisjonsmakt, ein elite, og ulike retningar innan same religion. Døme på tradisjonsberande institusjonar er den katolske kyrkja og den buddhistiske sangha. Døme på religiøst leiarskap med definisjonsmakt kan vere Dalai Lama i tibetansk buddhisme, og paven i katolsk kristendom.
Sentrale omgrep
- komparativ religionsforsking
- dei sju religionsdimensjonane
- verdsbilete
- ROMMELS
- ritual
- overgangsritual
- mystikk – mystisk erfaring
- religiøs oppleving
- myte
- estetiske uttrykk
- dogmer
- truvedkjenning
- verkelegheitsoppfatning
- gudssyn
- menneskesyn
- læra om frelse
- sosialt lim
Kessler, G. E. (2012). Fifty Key Thinkers on Religion. Routledge.
Kvamme, O. A., Lindhardt, E. M. & Steineger, A. E. (2018). I samme verden. Religion og etikk, vg3 (4. utg.). Cappelen Damm.
Smart, N. (1998). The World's Religions (2. utg.). Cambridge University Press.