Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk heilage tekstar

Kva veit du eigentleg om kva som står i dei mest kjende heilage tekstane? I denne oppgåva skal du utforske nokre heilage tekstar.
Tre personar held fram kvar si bok. Boka til venstre har eit kors på omslaget. Boka i midten har arabisk skrift og utsmykking. Boka til høgre har hebraisk skrift med bilete av ein skriftrull. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når vi les heilage tekstar, inneber det alltid ei form for tolking. I tillegg har vi menneske ein tendens til å finne det vi leitar etter.

Dei fleste truande vil fokusere på det dei sjølv oppfattar som positive sider ved tekstane. Ein som ønskjer å kritisere ein religion, vil kanskje i større grad fokusere på innhald som er meir kontroversielt.

Oppgåve 1. Utforsk heilage tekstar

Individuell utforsking

  • Vel ut nettversjonar av religiøse tekstar frå religionar de har jobba med.

  • Vel 2–3 relevante tema du er nysgjerrig på og søk etter temaa i dei religiøse tekstane. Hugs at du kan finne noko om temaet mange stader. Sjå om du finn skriftstader som kan tolkast ulikt.

  • Bruk gjerne for å finne tips til relevante tekststader. Søk til dømes etter: Kva seier Bibelen/Koranen/Bhagavadgita om ...? Notér kven som står bak sekundærkjeldene.

Tips

Viss det er vanskeleg å finne tema, kan du utforske nokon av desse:

  • dødsstraff

  • skapingssoger og følgjer for forståinga av kjønn, kjønnsroller og likestilling

  • kvinnelege prestar, imamar og andre leiarar

  • krig

  • alkohol og andre rusmiddel

  • sambuarskap

Felles diskusjon

Etter undersøkinga kan de dele døme og diskutere følgjande i klassen:

  1. Kva tema var det vanskeleg å finne noko direkte om? Kvifor trur de det er sånn?

  2. Blei de overraska over nokon av funna? Kan dette i tilfelle seie noko om fordommar de kan ha hatt til tekstane?

  3. Kva er problemet med å bruke enkelte lausrivne tekstutdrag som einaste kjelde når de skal seie noko om ein religion?

  4. Kvifor kan det vere viktig å forstå samanhengen utdraget er skriven i? Gi gjerne døme.

  5. Diskuter påstanden: Når vi bruker sekundære kjelder, er det viktig å vere klar over kven som står bak.

  6. På kva måtar kan generell kunnskap om den enkelte religionen hjelpe oss til å forstå tekstane betre?

  7. Har de funne tekstutdrag som kan danne grunnlag for religiøse praksisar eller politiske avgjerder? I tilfelle – kva fortel det oss?

Nettversjonar av heilage tekstar

Jødedom og kristendom:

bibel.no: Nettbibelen

Islam:

islam.no: Søk i Koranen

Buddhismen:

Dhamma-biblioteket: Buddhas budskap (PDF)

Tekstar i utval, ordna etter tema. Omsett av Kåre A. Lie.

Hinduismen:

nb.no: Bhagavadgita. Skanna utgåve

Sikhismen:

srigranth.org: Guru Granth Sahib (engelsk)

Oppgåve 2. Fordommar om tekstane?

I Nederland oppretta nokon eit prosjekt kalla The Quran project. Ein person puttar ein bibel inn i eit koranomslag og les opp nokre mindre hyggjelege avsnitt frå Det gamle testamentet til tilfeldige menneske på gata. Fleire reagerer med vantru og hevdar at Bibelen er annleis. Mange blir sjokkerte når det blir avslørt at det dei har høyrt, er frå Bibelen og ikkje Koranen. Etter avsløringa seier ein av dei spurde at ho har gått på kristen skule, men at ho likevel ikkje visste at det stod noko sånt i Bibelen.

  1. Korleis og kvifor trur du at slike fordommar, på godt og vondt, kan oppstå?

  2. Kva trur du hadde skjedd viss du hadde gjort det same, og spurt medelevar om utdrag frå Bibelen?

  3. Kva seier denne forteljinga oss om kvifor det er viktig med kjeldekritikk – også når det er tema som står oss nært?

Du kan lese meir om eksperimentet i den fleirkulturelle avisa Utrop:

Relatert innhald

Ekstra-oppgåve: The Brick Bible

Elbe Spurling har gjennom prosjektet The Brick Bible laga ein versjon av Bibelen ved hjelp av fotografi av legofigurer. Gå inn og sjå korleis dette er gjort: The Brick Bible.

Reflekter over følgjande:

  • Sjekk om The Brick Bible har brukt Bibelen som han er, eller om det er gjort endringar i teksten.

  • Trur du det står ein truande eller ikkje-truande bak prosjekta? Grunngi.

  • Delane er merkte med bokstavar. Kva står dei for?

  • Kva tenkjer du er formålet med denne merkinga?

  • Gjer denne framstillinga noko med ditt eige syn på Bibelen?

Prosjektet er seinare utvida med starten på Mormons bok. Sjå The Brick Book of Mormon.

CC BY-SASkrive av Karen Marie Halden.
Sist fagleg oppdatert 10.08.2022

Læringsressursar

Religionskunnskap