Hopp til innhald

Fagstoff

Utbreiinga til religionane

Alle dei store religionane i verda i dag kan sporast tilbake til to tradisjonar: éin som oppstod i Midtausten, og éin som oppstod i India.
Fargekodet verdenskart som viser ulike religioner
Opne bilete i eit nytt vindauge

Over 75 % av verdas befolkning tilhøyrer ein av dei fire største religionane, kristendom, islam, hinduisme og buddhisme. Kartet viser kva religionar som dominerer i ulike verdsdelar.

Religion

Prosentdel

Tilhengjarar

Kristendom

31,2 %

2,3 milliardar

Islam

24,1 %

1,8 milliardar

Ingen religion

16%

1,2 milliardar

Hinduisme

15,1 %

1,1 milliarder

Buddhisme

6,9 %

500 millionar

Sikhisme

0,4 %

25 millionar

Jødedom

0,2 %

14 millionar

Andre

6,5 %

478 millionar

Kjelde: The Changing Global Religious Landscape

Mange er ateistar og agnostikarar

Omtrent 16 % oppgir at dei ikkje tilhøyrer nokon religion. Blant desse finn vi ateistar, dei som meiner gud eller gudar ikkje eksisterer, og agnostikarar, dei som ikkje har teke stilling til eller meiner det ikkje er mogleg å vite noko om gud finst eller ikkje. Men i denne gruppa finst det òg personar med gudstru som ikkje identifiserer seg med nokon bestemd religion.

Blant dei som oppgir at dei tilhøyrer ein religion, kan dette handle om ei kulturell tilknyting til religionen utan at det religiøse speler noka særleg stor rolle. Ifølgje ei undersøking frå 2016 oppgav ein tredjedel av dei spurde som var medlem av Den norske kyrkja, at dei var ateistar. Les meir: Aftenposten: Flertallet av kirkemedlemmene er ikke kristne

I ei undersøking blant dei som reknar seg som muslimar i Albania i 2012, oppgav 21 % at dei ikkje trur på Allah og Muhammed som profeten hans. Sidan ein legg forskjellige ting i det å tilhøyre ein religion, er det vanskeleg å vite noko eksakt om dette. Det som er sikkert, er at dei som oppgir at dei tilhøyrer same religion, ikkje er noka einsarta gruppe. Kjelde: The World's Muslims: Unity and Diversity

Kristendommen og islam dominerer

Dei to største religionane, kristendommen og islam, er òg dei to yngste av dei vi gjerne kallar verdsreligionar. Dette er monoteistiske universalreligionar med sterke skriftlege tradisjonar. Viss ein religion skal vekse, er det sjølvsagt ein fordel at han er ein universalreligion, det vil seie at han hevdar å vere for alle.

Religiøs makt og verdsleg makt

Suksessen til desse religionane er òg basert på at dei har fungert som støtte for politiske leiarar gjennom historia. Trua på éin gud lèt seg lett overføre til trua på éin keisar, konge eller kalif som herskar på jorda på vegner av Gud eller med Gud si velsigning. Skrifttradisjonen har òg gitt autoritetane kontroll over religionen og eit slags monopol på sanninga i ei tid der få kunne lese.

I Europa blei kyrkja etter kvart ein eigen mektig organisasjon ved sidan av staten, men då hadde allereie kristendommen festa stillinga si i verdsdelen. Gjennom handel, kolonisering, erobring og misjonering heldt han fram med å spreie seg til andre verdsdelar.

Islam har òg spreidd seg gjennom handel, misjonering og erobring. Religionen veks framleis kraftig i dag i forhold til andre religionar. Ein grunn til dette er stor folkevekst i muslimske land. Rundt 2050 kan det vere like mange muslimar som kristne i verda.

Les meir: The Future of World Religions: Population Growth Projections, 2010-2050

Kristendommen er dominerande i Europa og landa som har vore under europeisk kolonistyre: Nord- og Sør-Amerika, Afrika sør for Sahara og Oseania. Islam dominerer i områda som har lege under muslimske imperium over lengre tid, i hovudsaka i Midtausten og Nord-Afrika. Utanfor dette området er Indonesia det viktigaste muslimske landet. Dessutan er rundt 14 % av befolkninga i India muslimar.

Hinduismen og jødedommen

Dei eldste av dei større religionane, hinduismen og jødedommen, er ikkje misjonerande universalreligionar og har derfor i liten grad spreidd seg utanom høvesvis det jødiske folket og India. 94 % av verdas hinduar bur i India. Når hinduismen likevel er såpass stor, kjem det først og fremst av stor folkevekst i India.

Jødiske samfunn finst mange stader i verda, spesielt i Europa og Nord-Amerika. Etter at staten Israel blei oppretta i 1948, har mange jødar flytta dit, og i dag bur nesten halvparten av verdas jødar i Israel.

Buddhismen

Buddhismen er ein universalreligion som har spreidd seg i store delar av Søraust-Asia. Omtrent halvparten av verdas buddhistar bur i Kina. Kinesisk buddhisme fekk ein alvorleg knekk etter kulturrevolusjonen i 1966. Då blei all religion forbode i ti år. Buddhismen har no vakse fram att i Kina, men styresmaktene har framleis streng kontroll over religiøsiteten til folk.

Viktige omgrep

  • ateist
  • agnostikar

  • misjon

  • universalreligion

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 27.01.2022

Læringsressursar

Religionskunnskap