Hopp til innhald

Fagstoff

Ulike typar religion

Religion er eit uendeleg mangfaldig fenomen. Aztekarane ofra på 1400-talet tusenvis av menneske til gudane kvart år. I jainismen gjer munkar alt dei kan for å unngå å drepe sjølv det minste insektet. Nokre viktige fagomgrep kan hjelpe deg med å få litt betre oversikt i mylderet.

Gudstru

Ein måte å dele inn religionar på er å sjå på korleis dei tenkjer om overnaturlege skikkelsar eller krefter. Mange religionar har tru på éin eller fleire gudar.

Monoteistiske religionar

Religionane som har éin gud, blir kalla for monoteistiske religionar. Ordet kjem av gresk monos (åleine) og theos (gud). Jødedommen, kristendommen og islam – dei abrahamittiske religionane – tilhøyrer den same monoteistiske tradisjonen. Sikhismen blir gjerne rekna for å vere påverka av denne tradisjonen og er monoteistisk òg. Det finst òg eksempel på retningar innan hinduismen som reknar seg som monoteistiske, for eksempel Gaudiya Vaishnavisme, der ein tilber Krishna som einaste gud.

I monoteistiske religionar trur ein gjerne på ein skapargud som i tillegg til å ha skapt verda også har bestemt kva for etiske og naturlege lover som skal gjelde. Den eine guden er som regel allvitande, allmektig, allstadnærverande, god og rettferdig. Gud eksisterer uavhengig av skaparverket, men kan vere til stades i det, vise seg i det og gripe inn i det. Dette synet på gud kallar vi for teisme.

Men her finst det òg variasjonar. Enkelte monoteistar meiner for eksempel at gud er alt, og at alt er gud. Dette blir kalla for panteisme (pan- er ei gresk forstaving for all-). Då er gud som regel ikkje ein personleg skikkelse, men ei upersonleg kraft. Motsett kan enkelte hevde at gud er heilt åtskild frå skaparverket, at gud har skapt verda, men ikkje viser seg og ikkje grip inn i vår verd. Dette kallar vi for deisme. Desse variasjonane finst innanfor dei fleste religionar.

Polyteistiske religionar

Polyteisme er det å tru på fleire gudar. Ordet poly er gresk og tyder fleire. Dette er gjerne personlege gudar med ulike eigenskapar, slik som i gammal gresk, romersk, norrøn og egyptisk mytologi.

Det er vanleg å sjå på hinduismen som polyteistisk, sidan hinduar ofte tilber mange ulike gudar og gudinner. Men hinduismen kan òg bli forstått som monoteistisk, fordi mange hinduar ser dei ulike gudane som forskjellige aspekt ved den eine guden, Brahman. Brahman blir gjerne oppfatta panteistisk, som ei guddommeleg kraft som finst i alt. Hinduismen er altså eit døme på at ulike gudsførestillingar kan leve side om side og treng ikkje å utelukke kvarandre.

Det finst òg eksempel på dualistisk gudssyn. Manikeismen var ein slik dualistisk religion, som meinte verda blei styrt av lyse og mørke krefter, av Gud og Satan. Manikeismen var ein religion som var svært utbreidd i Europa og Asia og var ein konkurrent til kristendommen i Romarriket.

Animistiske religionar

I animistiske religionar har alt i naturen sjel eller kraft. Her er det ikkje snakk om éin eller fleire personlege gudar som gjennomstrøymer naturen, men ulike dyr, planter, fjell, elver, vêrfenomen, sol, måne og stjerner som har ulike krefter. Slike oppfatningar finn vi mellom anna i tradisjonell samisk religion, hos urfolk i Amerika og hos aboriginarar i Australia.

Krishna-tilhengjarar dansar og syng i gatene i Praha. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tradisjon, misjon og organisering

Eit anna skil går ved skriftbaserte religionar og religionar som baserer seg på ein munnleg tradisjon.

Skriftreligionar

Alle verdsreligionane er skriftreligionar, men dei har stort sett opphavleg vore baserte på munnlege tradisjonar. Alle religionar har kunnskap som skal overførast frå generasjon til generasjon, og når kunnskapen blir skriven ned, påverkar dette religionen på fleire måtar. Det som er skrive ned, får fort ein opphøgd status og blir sett på som heilag. Denne effekten av skrift kan vi òg merke i det sekulære livet. Ein avtale eller plan som er skriven ned, blir gjerne oppfatta som meir bindande eller «heilag» enn det som berre er gjort munnleg. Når sanningane i religionen blir skrivne ned, inneber det òg ofte meir makt til ein elite, ei gruppe som er ekspertar på å tolke tekstane. Vi får ei gruppe profesjonelle religiøse – eit presteskap.

Openberringsreligionar

Mange skriftreligionar er i tillegg openberringsreligionar. Dei meiner bodskapen i skrifta har ei guddommeleg kjelde. Eit typisk eksempel på dette er Koranen i islam, som skal vere eit resultat av at Muhammad tok imot openberringar frå Gud gjennom engelen Jibril (Gabriel).

Buddhismen er eksempel på ein skriftreligion som ikkje baserer seg på openberringar. Her er det innsikta og kunnskapen til Siddharta, den første Buddha, og andre sentrale skikkelsar som er kjelda til sanningane i religionen.

Universalreligionar

Det er òg stor forskjell på korleis religiøse stiller seg til omverda. Enkelte ser på sin religion som den einaste sanninga, som bør gjelde for alle. Slike religionar kallar vi for universalreligionar. Desse prøver gjerne å spreie bodskapen sin – dei er misjonerande. Dette gjeld for eksempel buddhismen, kristendommen og islam.

Etniske religionar

Andre religionar er meir knytte til eit folk eller eit land. Eksempel på slike etniske religionar eller nasjonalreligionar er jødedommen og store delar av hinduismen, som er knytte til høvesvis det jødiske folket og India. Ein må i utgangspunktet vere fødd inn i jødedommen og hinduismen, mens det i universalreligionane er mogleg å konvertere til religionen.

Særpreget til religionane

Ulike religionar legg vekt på ulike sider av trua eller praksisen. Enkelte religionar, som jødedommen og islam, legg vekt på å følgje dei religiøse reglane og kan kallast regelreligionar.

Andre religionar legg meir vekt på personleg oppleving av gud eller det heilage. Då seier vi gjerne at dei er prega av mystikk (frå gresk mysticos, dvs. hemmelegheitsfull). Dette gjeld for eksempel for ortodoks kristendom og mange retningar innan hinduismen. Ofte krev denne kontakten med gud eller det heilage ei spesiell innviing eller opplæring i hemmelege ritual. Denne typen religionar blir kalla for mysteriereligionar og kan finnast som underretningar innan fleire av dei store religionane. Sufisme i islam og kabbala i jødedommen er eksempel på dette. Fleire retningar i tidleg kristendom var òg mysteriereligionar. Det same gjeld nyare religionar som scientologi og heksereligionen Wicca.

Andre religionar kan leggje vekt på for eksempel endetida og dommedag og blir kalla eskatologiske religionar (av gresk eskhatos, dvs. ytst, sist), eller religionane kan leggje vekt på ting som ofring til gudane, frelse, magi eller fruktbarheit.

Personar i kvite kjortlar snurrar i heilag dans. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Viktige omgrep

  • monoteisme
  • polyteisme
  • panteisme
  • animisme
  • teisme
  • deisme
  • skriftreligion
  • universalreligion
  • nasjonalreligion
  • etnisk religion
  • regelreligion
  • mysteriereligion
  • sufisme
  • kabbala
  • eskatologi
CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2022

Læringsressursar

Religionskunnskap