Hopp til innhald

Fagstoff

Sentrale trekk i religionar og livssyn

Kva er eigentleg det mest sentrale i ein religion eller eit livssyn? Er det synet på Gud, etikken eller rituala? Eller er det kanskje samanhengen mellom desse som er viktigast?
Seks religiøse symbol på kvar sin lapp med to armar på kvar side. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Religionar og livssyn kan bestå av mykje ulikt. Det kan vere ritual, gjenstandar, musikk, oppfatningar om verda, kva som er rett og gale og mykje meir. Når vi skal prøve å forstå kva som er sentralt i ein religion eller eit livssyn, kan vi vurdere det utanfrå ved å observere ritual, lese heilage tekstar eller faglitteratur om den aktuelle religionen eller det aktuelle livssynet.

Ein annan innfallsvinkel er å undersøke kva som blir oppfatta som sentralt innanfrå, altså korleis medlemmene av den aktuelle religionen eller det aktuelle livssynet sjølv oppfattar det. Det kan vere nødvendig å bruke begge desse perspektiva for å forstå viktige samanhengar i ein religion eller eit livssyn.

Utanfråperspektiv

Når vi ser på religionar og livssyn utanfrå, kan vi kjenne igjen nokre fellestrekk som går igjen. Alle har til dømes ei oppfatning av kva verkelegheita består av, og kva eit menneske er. Vi finn òg tankar om kva som er rett og gale, altså etikk, i alle religionar og livssyn.

Den mest kjende skildringa av sentrale trekk i religionar blei utforma av religionshistorikaren Ninian Smart. Han såg at enkelte fenomen, som til dømes ritual og mytar, gjekk igjen i alle religionar. Ut frå dette definerte han i alt sju dimensjonar han meinte var sentrale i alle religionar. I artikkelen "Ninian Smarts sju religionsdimensjonar" får du innsikt i dimensjonane.

Eit utanfråperspektiv kan vere nyttig for å samanlikne ulike religionar og livssyn. Ein fare med å bruke slike faste kategoriar kan vere at vi går glipp av viktige variasjonar og særpreg. Ninian Smart har blitt kritisert for å basere dimensjonane sine på kristendommen, slik at dei ikkje nødvendigvis passar like godt på andre religionar. Når vi skal få eit inntrykk av kva som er sentralt i ein religion eller eit livssyn, er det derfor òg viktig å sjå på kva som opplevast som sentralt innanfrå.

Innanfråperspektiv

Når vi set oss inn i kva medlemmene av ein religion eller eit livssyn sjølv meiner er sentralt, kan vi ofte få andre svar enn når vi studerer det utanfrå.

Viss vi til dømes les Koranen for å finne ut kva som er sentralt i islam som ikkje-muslimar, kan vi fort tråkke feil. Vi kan tolke tekstane annleis enn det som er vanleg blant muslimar, eller vi kan henge oss opp i enkelttekstar som har lita praktisk betydning i islam. Derfor er det viktig å setje seg inn i kva tekststader som er sentrale for muslimar, og korleis muslimar sjølv forstår desse tekstane.

Tre personar held fram kvar si bok. Boka til venstre har eit kors på omslaget. Boka i midten har arabisk skrift og utsmykking. Boka til høgre har hebraisk skrift med bilete av ein skriftrull. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samanhengar mellom dei sentrale trekka

Ofte kan vi sjå at ulike sentrale trekk i religionar og livssyn påverkar kvarandre. Det er gjerne når vi forstår slike samanhengar, at vi verkeleg byrjar å forstå religionen eller livssynet.

I mange austlege religionar er verdsbiletet prega av ei sirkulær forståing av tid. Ifølge hinduismen blir verda skapt, går under og blir skapt på nytt. På same måten blir mennesket fødd, døyr og blir fødd på ny. Vidare heng trua på atterføding saman med oppfatninga om karma: Det er handlingane våre (karma) som bind oss til syklusen av atterfødingar. Gode handlingar gir ei betre atterføding. Kva som er gode og dårlege handlingar, utgjer etikken. Det er altså ein klar samanheng mellom verdsbilete (synet på tid), menneskesyn (atterføding) og etikk (god og dårleg karma) i hinduismen.

Vanlege feil

Når vi skal sjå på sentrale trekk ved religionar og livssyn som er framande for oss, kan det vere lett å tråkke feil. Her er nokre vanlege tilnærmingar vi bør unngå når vi skal forstå religionar og livssyn:

Etnosentrisme

Etnosentrisme er ein måte å tilnærme seg andre kulturar på der vi heile tida prøver å finne parallellar i vår eigen kultur og dømmer kulturen til andre ut frå vår eigen. Ein etnosentrisk ståstad blir kjenneteikna ved at vi ser på vår eigen kultur som den mest verdifulle og rette og gjer ikkje noko forsøk på å forstå andre kulturar på deira eigne premissar.

I kristendommen er trua på Gud og Jesu oppstandelse kanskje det aller mest sentrale. Det er trua som definerer at ein er kristen. Når ein som kristen skal prøve å forstå ein religion som hinduismen, er det lett å fokusere på kva hinduane trur på. For hinduar flest handlar religionen i større grad om kva ein gjer enn kva ein trur. Derfor kan ein kristen som studerer hinduismen med ei etnosentrisk tilnærming, gå glipp av det som er mest sentralt i hinduismen. Omvendt kan ein hindu i Noreg kanskje tenke at alle etniske nordmenn er kristne, sidan dei feirar jul og påske.

Alternativet til ei etnosentrisk tilnærming er å prøve å forstå religionen eller livssynet på religionen eller livssynet sine eigne premissar. Ei slik tilnærming blir kalla kulturrelativisme.

Eksotifisering

Eksotifisering betyr å fokusere på det ein synest er mest spennande, annleis eller rart i ein framand kultur. "Eksotisk" betyr framandarta, og eksotifisering fører til at kulturelle fenomen blir framstilte meir annleis og merkelegare enn dei er. Det fører òg gjerne til at ein fokuserer på ting som eigentleg ikkje er sentrale.

Tre sittande skikkelsar. Skikkelsen i midten er størst. Til venstre er ein skikkelse med elefanthovud og til høgre ein kvinneskikkelse. Begge lener seg mot den som sit i midten. Alle er rikt utsmykka og held ulike gjenstandar. Til dømes held skikkelsen i midten ein trefork og ei lita tromme. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Viss ein til dømes skal setje seg inn i betydninga av guden Ganesha som ikkje-hindu, kan det vere lett å henge seg opp i at han har elefanthovud og la seg fascinere av forteljinga om korleis han fekk det. Det er naturleg at desse sidene ved Ganesha verkar mest spennande for ein utanforståande. Men for ein hindu er det viktigare at Ganesha kan hjelpe dei å fjerne hindringar i livet og verne dei mot ulykker, enn at han har eit elefanthovud.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 20.05.2022

Læringsressursar

Religionskunnskap