Hopp til innhald

Fagstoff

Kva meiner vi med austlege og vestlege religionar?

Det har vore vanleg å dele religionane i verda opp i to delar – ein austleg og ein vestleg. Dette skiljet har vore basert på nokre sentrale fellestrekk, men er det i det heile mogleg å dele inn religionane i verda i to skilde båsar på denne måten?
Kart som viser østlige og vestlige religioner. Grafikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk etter

I kartet over har vi sett ein strek for å illustrere omtrent kvar skiljet mellom austlege og vestlege religionar går. Dette er ei svært grov forenkling av verkelegheita. Kva er fordelane og ulempene ved å forenkle verkelegheita på denne måten, meiner du?

Kva er austlege og vestlege religionar?

Alle dei store religionane har anten opphavet sitt i Midtausten eller India. Religionane med opphav i Midtausten (kristendommen, jødedommen og islam) har spreidd seg mest i den vestlege delen av Asia, Europa, Afrika og Amerika og kan kallast vestlege religionar. Religionar med opphav i India (hinduisme, buddhisme, sikhisme og jainisme) har spreidd seg mest i den austlege delen av Asia og kan kallast austlege religionar.

Fellestrekk i vestlege religionar

Jødedommen, kristendommen og islam har alle opphav i Midtausten. Dei er alle monoteistiske religionar, dei har berre éin gud, og trua på denne guden er på ulike måtar sentrale for å oppnå frelse.

Eit anna namn som er brukt på jødedommen, kristendommen og islam er abrahamittiske religionar, fordi dei alle har heilage tekstar som peikar på Abraham som stamfar. I tillegg til historia om Abraham (Ibrahim i islam) har desse tre religionane mange andre mytar til felles, til dømes skapingssoga og historia om Moses (Musa i islam).

Dei vestlege religionane har eit lineært historiesyn. Det vil seie at dei meiner historia har ei byrjing og ein slutt. Alle dei tre religionane meiner historia starta med at Gud skapte verda, og at det vil slutte med ein dommedag der verda går under og menneska får sin endelege dom av Gud. Førestillingar om dommedag er likevel lite sentrale i jødedommen, og det varierer veldig internt i kristendommen og islam kor viktig dette er.

Fellestrekk i austlege religionar

Hinduismen, buddhismen, sikhismen og jainismen har opphav i India. Eit viktig fellestrekk ved desse religionane er synet på karma og samsara. Samsara er trua på at mennesket er fanga i verda gjennom atterføding, og målet er å komme ut av denne sirkelen av atterfødingar.

Dei austlege religionane er òg einige om at det er handlingane dine (karma) som bestemmer kva tilstand du vil bli atterfødd i. Denne trua på atterfødingar er eit uttrykk for eit syklisk historiesyn som skil desse religionane frå dei vestlege religionane med det lineære historiesynet sitt.

Problematisk skilje?

Dei austlege og vestlege religionane har altså nokre fellestrekk vi kan bruke til å skilje dei frå kvarandre. Det kan vere interessant å samanlikne religionar på tvers av desse skiljelinjene. Det er likevel ikkje heilt uproblematisk å dele religionane inn i to grupper på denne måten.

Det er veldig upresist å dele verda i ein austleg og ein vestleg del basert på utbreiinga til religionane. Eit døme som illustrerer dette er Indonesia, som er det største muslimske landet i verda. Indonesia ligg aust for kjerneområdet til dei austlege religionane.

Viss vi i staden tek utgangspunkt i kvar dei store religionane har oppstått, er det enklare å dele inn i "religionar med opphav i Midtausten" og "religionar med opphav i India". Då kan ein kanskje òg kalle den første gruppa for "vestleg" og den andre for "austleg", sidan India ligg aust for Midtausten. Problemet med dette er at ei slik inndeling ser heilt bort frå alle andre religionar som ikkje har opphav i eit av desse to områda, til dømes tradisjonell afrikansk religion, japansk shinto eller nyare religionar som Scientologikyrkja eller mormonarane.

Korleis forstå omgrepa i skulefaget?

Austlege og vestlege religionar er altså problematiske omgrep. Dei kan likevel gi oss ein måte å forstå og gruppere religionar på og vere eit utgangspunkt for samanlikning.

Når inndelinga i austleg og vestleg blir brukt i læreplanen, seier det noko om at det skal vere ei breidde i utvalet av religionar de jobbar med. I faget skal du vere innom ulike typar religionar, slik at du får ein god base til å forstå andre religionar seinare.

Relatert innhald

I desse oppgåvene skal du jobbe med temaet "Kva er religion?" ut frå ein podkast der Iselin Frydenlund og Jonis Yosef snakkar saman om emnet.

Denne oppgåva tek utgangspunkt i eit bilete som skal vise nokre sentrale trekk i religionshistoria. Klarer de å forstå kva det skal illustrere?

CC BY-SASkrive av Karen Marie Halden og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2022

Læringsressursar

Religionskunnskap