Hopp til innhald

Fagstoff

Religionssynkretisme

Religionssynkretisme betyr blanding av religionar. Religionssynkretisme finn vi over alt – blant buddhistar, i nye religionar og i norske juletradisjonar. Finst det i det heile tatt religionar som ikkje har lånt noko frå andre religiøse tradisjonar rundt seg?
Bygning forma som ein kvit lotus-blomster. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er religionssynkretisme?

Synkretisme betyr samanblanding eller kombinasjon. Religionssynkretisme er derfor ein samanblanding eller kombinasjon av religionar.

Vi er vande til å tenkje at religionar er ublanda fenomen som eksisterer kvar for seg. Det er gjerne det biletet vi får når folk sjølv snakkar om sin eigen religion, eller når vi les om religionar i lærebøker og andre stader.

Sett med religionsfaglege briller stemmer dette biletet faktisk ikkje. Ser vi nøye nok, vil vi finne ulike former for religionssynkretisme overalt i verda, og i alle verdsreligionane.

Ein framgangsmåte kan vere å leite etter religionssynkretisme tre ulike stader:

  • i folkeleg praksis
  • innanfor ein religion
  • i religiøse feiringar

Religionssynkretisme i folkeleg praksis

Ein stad ein kan finne religionssynkretisme er i folkeleg praksis, altså når folk kombinerer ritual, praksisar og/eller førestillingar frå tradisjonar som dei sjølv kan skilje mellom. Ein kristen person kan til dømes starte med buddhistisk meditasjon og slik kombinere kristendom med buddhistisk praksis.

Slike døme finn vi mykje av i buddhismen, som er kjend for å ha inkorporert lokale gudar og overnaturlege vesen kvar gong han kom til nye kulturar. Dette ser vi framleis i dag.

Buddhistar i Thailand utfører til dømes ulike ritual retta mot åndevesen og spøkjelse kalla phi. I Burma tilber buddhistar nater – ein annan type åndevesen. Buddhistar i Japan kombinerer buddhisme med shintoisme, mens i Kina har buddhisme blanda seg med konfutsianisme og daoisme.

Tilsvarende døme kan vi finne i islam. Desse er knytte til til dømes eksorsisme av demonar, kjend som zarer i Nord-Afrika. Kristendommen lèt seg også kombinere med andre tradisjonar, til dømes blant kristne koreanarar som også går til sjamanar, kalla mu, for å kontakte smågudar og ånder av ulike slag.

I India har det tradisjonelt ikkje vore sterke skilje mellom ulike religionar, og folk besøkjer gjerne heilage stader på tvers av ulike tradisjonar. Tamilske hinduar i Noreg dreg på katolsk messe, sikhar kjem til hindutempel for å feire Divali, og hindutempelet på Slemmestad har statuar av Guru Nanak (sikhismen), Mahavira (jainismen) og Buddha.

Sist, men ikkje minst ser vi i dag ein tendens til at enkeltpersonar lagar sine eigne religionskombinasjonar for seg sjølv. Ikkje minst er dette vanleg i nyreligiøsiteten og alternativrørsla.

Religionssynkretisme innanfor ein religion

I alle dei døma vi har sett så langt, kan vi seie at det er folk som kombinerer element frå ulike tradisjonar som dei ofte sjølv kan skilje mellom. Andre gonger kan religionssynkretisme leie til kombinasjonar som blir etablerte til eit nytt heile.

Afrikanske religionar som Yoruba-religionen til Yurobafolket frå Nigeria har blitt blanda med katolsk kristendom som eit resultat av den europeiske slavehandelen. Dette har gitt opphav til voodoo-tradisjonar og nye religionar i Sør-Amerika som candomble, umbanda og santeria.

Kvinne drikk av ei flaske føre eit alterbord fullt av ulike figurar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bahá'í er eit døme på ein synkretisk religion som anerkjenner skrifter og viktige religiøse skikkelsar frå alle verdsreligionane. På liknande vis anerkjenner caodaismen i Vietnam religiøse skikkelsar frå ulike religionar og ser seg sjølv som alle religionar sin religion.

Dersom desse religionane kan seiast å vere synkretiske fordi dei anerkjenner skikkelsar frå andre religionar – kva då med islam som ser på Jesus og Moses som éin profet? Og kristne som ser Abraham som stamfar og bruker den jødiske Toraen som delar av si heilage bok? Eller hinduar som ser Buddha som ein avatar av guden Vishnu?

Synkretismeomgrepet minner oss på at det eigentleg ikkje finst «reine» religionar som ikkje har lånt frå andre tradisjonar rundt seg. Sett med religionshistoriske briller kan vi seie at ingen religion har utvikla seg utan påverknad frå andre religionar.

Dei religiøse forteljingane vitnar også om dette, noko vi kan sjå i forteljinga om Noah og syndefloda. Ho er antakeleg inspirert av liknande forteljingar i babylonsk religion og mytologi, blant anna om helten Gilgamesh som får tips frå ein gud om å byggje ein båt for å berge familie og dyreliv frå ein gudesend flom.

Religionssynkretisme i religiøse feiringar

I religiøse feiringar finn vi ofte at bitar frå ulike tradisjonar er vevd saman, nokre gonger som ulike lag som er lagt oppå kvarandre over tid. Eit godt døme på dette er den moderne julefeiringa i Noreg.

Dagens julefeiring kan nemleg seiast å vere ei blanding av gamle norrøne, andre før-kristne, katolske og protestantiske tradisjonar. Fjøsnissen er til dømes ikkje nemnd i Bibelen.

Fjøsnisse ligg i kiste med halm. To mus står ved sida av. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I oppgåva under kan du undersøkje ulike innslag av religionssynkretisme i julefeiringa.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Knut Aukland. Rettshavar: Oslomet
Sist fagleg oppdatert 01.02.2022

Læringsressursar

Religionskunnskap