Hopp til innhald

Fagstoff

Kjelder til kunnskap om eksistensielle spørsmål

Kvar kan du finne svar på eksistensielle spørsmål? Skal du leite i bøker? Eller kanskje du skal lytte til magekjensla eller vege ulike argument opp mot kvarandre ved hjelp av fornufta? Du kan òg spørje venner eller familie eller høyre på tradisjonane du er ein del av.
Ansikt beståande av forskjellige felt i ulike teksturar og fargar. Det representerer korleis kulturell identitet kan vere samansett og kompleks. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det finst mange ulike kjelder til svar på eksistensielle spørsmål om kvifor vi eksisterer, korleis vi bør leve, og kva som er meininga med livet. For å gjere det enkelt skil vi mellom åtte kjelder for å søkje etter svar på eksistensielle spørsmål vi finn igjen i ulike religionar, livssyn og filosofiske tradisjonar.

Åtte kjelder til kunnskap om eksistensielle spørsmål

  1. Fornuft
    Fornufta kan hjelpe oss å tenkje logisk og formulere og vurdere ulike argument og grunngivingar opp mot kvarandre når vi utforskar eksistensielle problemstillingar.

  2. Kjensler
    Kjensler seier noko om korleis vi oppfattar verda, kva som betyr noko for oss, og kva vi liker og misliker. Dei kan òg ofte vere med på å styre handlingane våre.

  3. Erfaring
    Våre eigne og andre sine erfaringar formar oppfatninga vår av verda og gir oss kunnskap om korleis vi kan svare på vanskelege spørsmål.

  4. Tradisjonar og normer
    Tradisjonar og normer formar biletet vårt av verda, og kva som blir sett på som viktig, meiningsfullt og moralsk rett i den kulturen vi er ein del av.

  5. Openberringar
    Meldingar frå gudar eller overnaturlege vesen kan, ifølgje dei som trur på dei, formidle innsikt i kvar verda kjem frå, og korleis vi bør leve.

  6. Tekstar
    Ulike tekstar, som heilage skrifter, filosofiske bøker, romanar, dikt, film, bilete, kunst og videoar, gir oss kunnskap om korleis vi kan forstå og svare på eksistensielle spørsmål.

  7. Opplevingar
    Spesielle opplevingar, gjennom til dømes meditasjon, yoga, faste, bønn og ritual, kan for somme vere ei kjelde til innsikt.

  8. Val
    Vi er sjølv med på skape verkelegheita vi er ein del av. Våre eigne val kan vere med på å forme svaret på kva som til dømes er eit godt og meiningsfullt liv.

I praksis kan det vere vanskeleg å skilje mellom dei ulike kjeldene til kunnskap. Kjensler, fornuft, erfaringar og opplevingar vil ofte gli inn i kvarandre, og det kan lett bli kunstig å skilje dei frå kvarandre.

Dei åtte kjeldene vi har beskrive, er heller ikkje ei fullstendig liste. Det finst mange ulike kjelder til svar på eksistensielle spørsmål. Viss du googlar eit eksistensielt spørsmål, er til dømes kunstig intelligens og algoritmar med på å bestemme kva svar du får.

Mann som sit på toppen av ei bokhylle og les i ei bok. Vi ser berre halvparten av kroppen hans. Hovudet hans er skjult. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Åtte kjelder til kunnskap – ei detaljert beskriving

Nedanfor finn du ei meir detaljert beskriving av ulike kjelder til kunnskap om eksistensielle spørsmål. Du finn òg døme på korleis kjeldene kan brukast til å svare på spørsmålet om Guds eksistens. Opp gjennom historia har menneske brukt mange ulike kjelder for å svare på spørsmålet om det eksisterer ein gud.

Fornufta

Fornufta er evna vår til å tenkje logisk og rasjonelt. Ved hjelp av fornufta kan vi avsløre sjølvmotseiingar og argumentere på ein logisk og samanhengande måte. Slik kan vi vege ulike svar opp mot kvarandre for å finne ut kva som er mest overtyande.

I filosofien er fornufta den viktigaste kjelda til kunnskap om eksistensielle spørsmål. Filosofar bruker fornufta for å grunngi standpunkt og diskutere ulike svar. Dei diskuterer til dømes om mennesket har ei sjel eller berre består av fysiske atom. Då bruker dei fornufta til å stille spørsmål som: Viss sjela ikkje er fysisk, korleis er ho forbunden med kroppen?

Fornufta er òg ei viktig kjelde til svar på eksistensielle spørsmål i mange trussamfunn. Ifølgje islam og kristendommen har til dømes Gud gitt menneska fornufta for at vi skal kunne bruke ho til å vurdere ulike alternativ i viktige spørsmål og reflektere over våre eigne val.

Ein statue av ein mann med skjegg og turban. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fornuften og Guds eksistens

Kan vi finne ut om Gud eksisterer ved hjelp av fornufta? Fleire kristne og muslimske tenkjarar har meint det. Eit fornuftsbasert argument for Guds eksistens er at alt som byrjar å eksistere, har ei årsak. Sidan universet byrja å eksistere ein gong, må det ha ei årsak, og denne årsaka er Gud. Eit anna fornuftsbasert argument er at verda vi ser rundt oss er så kompleks og formålstenleg, at ho ikkje kan vere skapt ved eit slumpetreff. Ho må derfor vere skapt av Gud.

Religionskritikarar har likevel hevda at vi ikkje kan bruke fornufta til å bevise Guds eksistens. Dei har tvert imot brukt fornufta til å tilbakevise argumenta for at Gud eksisterer. Religionskritikarar har til dømes hevda at sjølv om alt har ei årsak, må ikkje årsaka til universet nødvendigvis vere Gud. Viss alt har ei årsak, må det jo òg liggje ei årsak bak ein skapargud. Og dersom Gud ikkje treng ei årsak, kvifor treng verda å ha det? Dei har òg hevda at evolusjonsteorien på ein fornuftig måte kan forklare kompleksiteten i verda utan Gud.

Kjenslene

Kjensler som glede, sinne, angst og sorg er viktige signal. Dei pregar måten vi opplever verda på og er ofte ein viktig del av identiteten vår. Kjenslene fortel oss kva vi liker og misliker og styrer mange av handlingane våre.

I dag er det òg mange som seier at vi burde lytte til kjenslene når vi skal ta store avgjerder, men kjenslene kan òg raskt forandre seg. Kjenslene kan vere motstridande og derfor gi oss ulike svar på viktige spørsmål. Kjenslene våre er òg personlege. Det er berre vi sjølv som har tilgang til våre eigne kjensler, og dei kan vere vanskelege å setje ord på og kommunisere til andre.

Portrettbilete av dei fire bloggarane Suzanne Aabel, Sophie Elise Isachsen, Marna Haugen og Emilie Nereng "Voe". Dei er alle kledde i svart og har mykje ansiktssminke og langt hår. Dei står tett inntil kvarandre og held kvart sitt stetteglas med gulraudt innhald. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjenslene og Guds eksistens

Kan kjenslene fortelje oss om Gud eksisterer? Mange religiøse personar kan fortelje at dei kan kjenne Guds nærvære. Dette kjenslemessige bandet kan ofte vere viktig for korleis dei oppfattar Gud.

Mange religionskritikarar trur ikkje kjenslene er ei overtydande kjelde til kunnskap. Dei kritiserer ofte religiøse trussamfunn for å manipulere kjenslene til menneska og skape kjenslemessige illusjonar.

Erfaringar

Våre eigne erfaringar og dei personlege livserfaringane til andre er ofte viktige når vi skal ta stilling til eksistensielle spørsmål. Viss du til dømes skal svare på kva som gir meining til livet ditt, kan du ta utgangspunkt i eigne erfaringar. Når erfarte du sist at noko du gjorde eller deltok i, var verkeleg meiningsfylt?

Når vi skal ta stilling til eksistensielle spørsmål, bruker vi òg kunnskap frå erfaringa til andre. Då meiner vi ikkje berre kunnskapen frå erfaringane til venner og familie, men òg mykje av det vi lærer på skulen og i fritida.

Det er ikkje berre personlege erfaringar som er viktige når vi skal svare på eksistensielle spørsmål. Vitskapen er ein erfaringsbasert metode som samlar inn kunnskap om verda gjennom til dømes observasjonar, eksperiment og intervju. Dette er ei viktig kjelde til informasjon om verda rundt oss.

Mange delar av faget religion og etikk er baserte på religionsvitskap som bruker ulike erfaringsbaserte metodar for å samle inn og analysere kunnskap om religionar. Vitskapen kan ikkje gi oss fullstendige svar på eksistensielle spørsmål, men vitskapleg kunnskap er med på å forme biletet vårt av verda og måten vår å nærme oss eksistensielle problemstillingar på. Vitskapen kan til dømes fortelje oss at opphavet til universet er det store smellet, big bang, og at solsystemet og galaksen vår berre er ein bitte liten del av universet. For somme kan det vere ei kjelde til meining, for andre til meiningsløyse.

Lysande eksplosjon på mørk bakgrunn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Erfaring og Guds eksistens

Mange truande fortel om religiøse erfaringar som har styrkt eller somme gonger svekt trua deira på Gud. Innanfor ein trusfellesskap vil slike erfaringar ofte bli delte mellom venner, kjende og familiemedlemmar, og for dei truande vil dei vere ei viktig kjelde til kunnskap om Gud.

Den viktigaste erfaringsbaserte kjelda til kunnskap i dag er vitskapen, og mange vil i dag trekkje eit skarpt skilje mellom vitskap og religion. Dei fleste vitskapsfolk vil vere einige i at det ikkje er mogleg å bevise Guds eksistens ved hjelp av vitskaplege metodar som observasjon og eksperiment. På den eine sida har religionskritikarar brukt dette som eit argument mot Guds eksistens. På den andre sida har framståande vitskapsfolk forsvart Guds eksistens og hevda at det ikkje er noka motsetning mellom vitskapen og religion.

Tradisjonar

Gjennom oppveksten blir verkelegheitsoppfatninga vår forma av familien og samfunnet rundt oss. Vi møter klare forventningar til korleis vi bør tenkje og handle i familien, blant venner og på skulen.

Ordet "tradisjon" betyr å overføre og bringe vidare. Gjennom tradisjonen lærer vi ikkje berre enkle normer som at det er gale å stele. Tradisjonane formidlar ei heil livsform av konkrete normer, språk, praksisar, handlemåtar og tenkjemåtar frå ein generasjon til ein annan.

Tradisjonane vi er ein del av, kan i stor grad forme tilnærminga vår til eksistensielle spørsmål. Som ein del av ein tradisjonelt fellesskap, vil vi til dømes lære kva som blir sett på som eit godt og meiningsfullt liv. Viss du veks opp i ein sekulær humanistisk tradisjon, vil du kanskje leite etter svar på heilt andre måtar enn personar som veks opp i eit strengt religiøst trussamfunn.

To gutar plantar eit tre. Den eine guten står bøygd og plantar treet. Den andre guten ser ivrig ned på han som plantar treet. Dei står ute i naturen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tradisjonar og Guds eksistens

Den tradisjonen du veks opp i, vil ofte vere med på å forme synet ditt på Gud. Dei fleste barn tek over religionen og livssynet til foreldra og det synet på Gud som er dominerande i denne tradisjonen. Frå fødselen av vil vi delta i tradisjonelle ritual og høgtider som ofte byggjer på ei bestemd oppfatning av Gud. Dette vil for mange religiøse eller ikkje-religiøse vere ei viktig kjelde til kunnskap om Guds eksistens.

Det er ikkje berre religiøse tradisjonar som kan fungere som ei kjelde til kunnskap. Det finst òg tradisjonar for religionskritikk. Fleire av desse tradisjonane er skeptiske til religiøse førestillingar om Guds eksistens og har eit alternativt syn på verkelegheita. Ein føresetnad for at vi i samfunnet vårt kan ha ein open debatt om religiøse spørsmål og Guds eksistens, er liberale tradisjonar for ytringfridom og religiøs sjølvråderett.

Openberringar

Ei openberring er ein beskjed eller ei melding frå ein gud eller andre overnaturlege vesen til menneska. For dei truande kan openberringar vere viktige kjelder til svar på eksistensielle spørsmål.

I kristendommen blir Jesus rekna som ei openberring, og for dei kristne er Jesu ord og gjerningar ei viktig rettesnor når dei skal svare på eksistensielle spørsmål. For muslimar er Koranen, slik han blei openbert for Muhammed, ei viktig kjelde til svar. I andre religionar og trussamfunn finn vi døme på openberringar frå naturen eller frå åndene til forfedrane. Desse åndene kan rettleie dei truande og hjelpe dei med å finne svar på kva som er eit meiningsfullt liv, og korleis dei bør leve.

For mange truande vil ikkje Guds vilje berre bli formidla gjennom direkte openberringar, men òg kunne komme til uttrykk på andre måtar. I kristendommen skil vi mellom den spesielle openberringa, slik Gud viser seg i Jesus, og den allmenne openberringa, slik Gud viser seg gjennom naturen og historia. Den allmenne openberringa gjer at alle menneske, til ei viss grad, kan få kunnskap om Guds vilje ved hjelp av eiga fornuft og samvit, ifølgje kristendommen.

Kvinne held fram eit spedbarn. Menneske står rundt. Englar svevar over dei. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Openberringar og Guds eksistens

Det finst mange døme på religiøse openberringar innanfor ulike trussamfunn. Desse er ei kjelde til kunnskap om Gud for dei truande. I både jødedommen, kristendommen og islam er Abrahams og Moses' openberringar viktige vitnesbyrd om Guds eksistens. Den viktigaste openberringa i kristendommen er likevel Jesu liv og gjerningar. I islam er Muhammeds openberring av Koranen den viktigaste kjelda til kunnskap om Guds eksistens.

For at ei openberring skal kunne gi deg kunnskap om Gud, må du anten sjølv ha opplevd henne eller velje å tru på vitnesbyrdet til andre. Fleire religionskritikarar er derfor skeptiske til openberringar som ei kjelde til kunnskap. Dei meiner kunnskap om Gud må kunne dokumenterast på ein betre måte. Dei har òg sett spørsmålsteikn med kvifor ikkje Gud, såframt Gud eksisterer, ikkje openberrar seg på ein måte som er lettare tilgjengeleg for alle.

Tekstar

Tekstar er ei viktig kjelde til kunnskap om eksistensielle spørsmål. Til vanleg tenkjer vi ofte på tekstar som skriftlege kjelder, som til dømes bøker. I dag bruker vi likevel ofte eit utvida tekstomgrep for å beskrive tekstmangfaldet i det moderne mediesamfunnet. Det utvida tekstomgrepet omfattar ikkje berre skriftlege kjelder, men òg filmar, kunst, videoar, bilete, musikk og andre former for kommunikasjon.

I religionar vil ofte heilage tekstar, som til dømes Bibelen, Koranen, Vedaene eller Toraen, vere viktige kjelder til kunnskap. I filosofien har tradisjonelt bøker av og om viktige filosofar vore viktige kjelder. I dagens medieverkelegheit vil òg ei lang rekkje andre tekstar fungere som kjelder til kunnskap om eksistensielle spørsmål. Mange av filmane, seriane og videoane vi ser på YouTube, TikTok eller Netflix, er med på å forme biletet vårt av verkelegheita, og kva som er rett og gale, viktig og uviktig og meiningfult eller meiningslaust.

Same kva slags tekstar vi bruker som kjelde, vil vi alltid tolke dei på ein bestemd måte. Det finst ei rekkje ulike måtar å tolke tekstar på, og ulike grupper og enkeltpersonar kan ofte tolke éin og same tekst på svært ulike måtar.

I ulike trusamfunn og filosofiske tradisjonar vil òg somme tekstar vere vitktigare og ha større autoritet enn andre. I islam har til dømes Koranen større autoritet enn andre tekstar, mens i kristendommen har Bibelen størst autoritet. I filosofien vil originaltekstane til filosofane ofte vere dei viktigaste.

Tre ungdommar bruker sosiale medium inne i ein skulebygning. I lufta rundt dei svevar ikon som illustrerer interaksjonen som går føre seg. Illustrasjon.

Tekstar og Guds eksistens

For dei truande er heilage tekstar ei viktig kjelde til kunnskap om Gud. Dei heilage tekstane formidlar ofte openberringar og innsikter om Guds eksistens frå grunnleggjaren til religionen. Innanfor eit trussamfunn vil det òg vere ei rekkje andre typar tekstar som kan vere viktige kjelder til dei truande si forståing av Gud. Det kan til dømes vere forteljingar, teksttolkingar, preiker, dikt og songar.

I populærkulturen finn vi òg ei rekkje tilvisingar til Gud. Det kan vere musikkvideoar som beskriv dei truande sitt forhold til Gud innanfrå, filmar og seriar som bruker Guds eksistens som eit element i forteljinga og dokumentarfilmar som beskriv Gud frå eit utanfråperspektiv. Dei mange populærkulturelle tilvisingane til Gud som omgir oss i kvardagen, kan vere ei kjelde til gudsforståinga vår, og dei kan bevisst og ubevisst vere med å påverke biletet vi har av Gud.

Det finst òg religionskritiske tekstar som hevdar at Gud ikkje eksisterer. Det kan vere tekstar som hevdar at Gud er ein illusjon, og at førestillingar om Gud har blitt brukte som eit middel for undertrykking og diskriminering. På YouTube finst det til dømes mange religionskritiske videoar med kjende personar som Richards Dawkins, Stephen Fry og Ricky Gervais.

Opplevingar

Ei spesiell form for erfaring som kan vere ei kjelde til svar på eksistensielle spørsmål, er personlege opplevingar. Døme er opplevingar som kjem gjennom meditasjon, ritual, bønn, dans eller faste. Desse opplevingane kan få menneske til å sjå på verda og sitt eige liv på ein ny måte.

Mystikk er eit fenomen vi finn igjen i mange religionar og kan beskrivast som ei oppleving av foreining med Gud, det gudommelege eller den inste verkelegheita til tilværet. Det kan til dømes vere ei oppleving av eit indre møte med Gud gjennom bønn og kontemplasjon eller ei oppleving av å møte det gudommelige i naturen rundt seg.

Eit kjenneteikn ved samfunnet vårt er eit sug etter opplevingar. Mange menneske oppsøkjer eit breitt spekter av opplevingar gjennom reiser, festivalar, ekstreme fysiske anstrengingar og så vidare. Dette har gitt opphavet til ein eigen opplevingsøkonomi som til dømes skreddarsyr spesielle reiselivsopplevingar.

Ung mann med oransje klesdrakt sit i lotusstilling i ein gammal bygning. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Opplevingar og Guds eksistens

Innanfor mange religionar finn vi døme på at religiøse opplevingar kan vere kjelde til kunnskap om Gud for dei truande. I islamsk mystikk – sufismen – blir det til dømes praktisert åndelege øvingar som faste, bønn og dans for å erfare Gud. Ei form for meditasjon i ortodoks kristendom er Jesusbønna, der setninga "Herre Jesus Kristus, Guds son, forbarm deg (over meg ein syndar)" blir gjenteken mange gonger. Dette kan ifølgje dei truande skape ei oppleving av indre stille og nærleik til Gud.

I austlege tradisjonar finn vi døme på at meditasjon òg kan brukast som ei kjelde til kritikk av bestemde gudsførestillingar. I buddhismen finst ulike førestillingar om gudar, men ingen enkel skapargud. Ifølgje buddhismen vil vi gjennom meditasjon få innsikt i at alt er i forandring, og at ingenting har ein fast og uforanderleg kjerne. Sidan ingenting har ein ein fast kjerne, hevdar fleire buddhistar at det heller ikkje kan eksistere ein uforanderleg skapargud.

Fleire religionskritikarar har vore skeptiske til at spesielle opplevingar kan gi oss innsikt i Guds eksistens. Dei tviler ikkje nødvendigvis på at ritual, faste, dans og meditasjon kan gi ei spesiell oppleving av verkelegheita og fortelje oss noko om oss sjølv. Men dei set spørsmålsteikn ved om slike spesielle og subjektive opplevingar kan fortelje noko om korleis verda verkeleg er, og kva som verkeleg eksisterer.

Val

Vi er sjølv med på å forme den verkelegheita vi er ein del av gjennom våre eigne val. Svar på eksistensielle spørsmål er ikkje nødvendigvis berre nokon vi "finn" ute i verda eller inne i oss sjølv. Svara på kva som er eit godt liv og kva som gir meining i livet, er òg noko vi sjølv er med på å skape. Derfor kan våre eigne val òg vere ei viktig kjelde til innsikt i eksistensielle spørsmål.

Eksistensfilosofien eller eksistensialismen er ein tradisjon i moderne filosofi som i stor grad vektlegg betydninga av fridom og eigne val. Ifølgje eksistensfilosofien skaper mennesket seg sjølv gjennom vala sine. Mennesket blir ikkje fødd med ein fast natur, og det finst ingen objektive svar på kva som er rett og gale og korleis vi bør leve. Kvar enkelt person må innsjå at dei er frie til å forme sitt eige liv. Kva verdiar vi lever etter, og kva som gir oss meining, er til sjuande og sist noko vi sjølv vel.

Ein person står på kanten av eit stup og kikkar ned. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Val og Guds eksistens

Ifølgje den kristne eksistensfilosofen Søren Kierkegaard er trua på Gud noko vi vel. Han beskriv trua på Gud som eit dristig sprang ut på 70 000 famnars djup. Det finst ingen garanti for at den truande vil bli fanga opp når hen vel å kaste seg ut på djupet. Men ifølgje Kierkegaard vil hen bli møtt av Gud når hen gjennomfører spranget over i trua. Samtidig må dei truande alltid leve med ei viss uvisse. Trua på Gud er derfor eit val dei heile tida må stadfeste på nytt.

Den franske eksistensfilosfen Jean Paul Sartre er kritisk til Kierkegaards påstand om at det finst ei utanforliggjande kraft, ein gud, som kan fange opp dei truande. Ifølgje Sartre finst ikkje denne utanforliggjande krafta som kan fange opp mennesket. Mennesket er heilt overlate til seg sjølv og må sjølv skape ei meining i tilværet.

Kjelder

Baggini, J. (2018). How the world thinks. A global history of philosophy. Granta

Johansen, K.E. & Vetlesen, A.J. (2012). Innføring i etikk. Universitetsforlaget.

Kværne, P. & Hansen, J.E.E. (2019, 19. september). Mystikk. I Store norske leksikon. https://snl.no/mystikk

Kværne, P. (2020, 25. juli). Åpenbaring. I Store norske leksikon. https://snl.no/åpenbaring

Meilaender, G. & Werpehowski, W. (Red.). (2005). The Oxford Handbook of Theological Ethics. Oxford University Press.

Nyeng, F. (2014). Etiske teorier. En systematisk fremstilling av sju etiske teoriretninger. Fagbokforlaget.

Thorbjørnsen, S.O. & Heiane, G. (2021). Kristen etikk (2. utgåve). Universitetsforlaget.

Tranøy, K.E. (2019, 22. februar). Fornuft. I Store norske leksikon. https://snl.no/fornuft

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 22.08.2022

Læringsressursar

Kva er eksistensielle spørsmål?