Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Podkast: Kriser og eksistensielle spørsmål

Korleis kan ei alvorleg livshending påverke synet ditt på livet? Oda Eriksen overlevde terrorangrepet på Utøya 22. juli. Morten Marius Skau blei lam frå livet og ned etter ei trampolineulykke. Saman reflekterer dei over spørsmål om identitet, meining, menneskesyn og det gode livet.

Oppgåve 1. Før du lyttar til podkasten

  1. Kva slags hendingar kan endre ungdommar sitt liv på ein heilt grunnleggjande måte? Nemn minst tre døme.

  2. Korleis trur du alvorlege hendingar kan påverke ungdommar sitt syn på livet?

  3. Kva for eksistensielle spørsmål trur du slike hendingar kan vekkje?

Oppgåve 2. Nøkkelord og refleksjonsnotat

Skriv nøkkelord i boksen under mens du lyttar til podkasten.

Raud notatbok med papir stikkande ut. I forgrunnen står teksten "Heilt personleg". Foto.
Heilt personleg

Kriser og eksistensielle spørsmål

I denne podkasten skal det handle om dei store spørsmåla i livet. For å snakke om dette har vi invitert Oda Eriksen og Morten Marius Skau. Dei har begge vore gjennom alvorlege hendingar. Som syttenåri...

0:00
-0:00

Oppgåve 3. Kriser og eksistensielle spørsmål

  1. Korleis beskriv Morten og Oda tida etter ulykka og terrorangrepet? Kva var dei opptekne av, og korleis prøvde dei å takle situasjonen?

  2. Korleis endra hendingane Morten og Oda sitt syn på seg sjølv og kven dei er?

  3. Kva har Morten og Oda lært av det dei har vore gjennom?

  4. Oda skil mellom å finne meining i livet og meininga med livet. Reflekter over

    • korleis Morten og Oda har prøvd å finne ei meining i livet sitt

    • i kva grad Morten og Oda sine erfaringar kan fortelje oss noko om kva som er meininga med livet for alle menneske

  5. Vel ut noko som gjorde inntrykk på deg i podkasten. Bruk det som eit utgangspunkt til å reflektere over korleis alvorlege livshendingar kan endre synet vårt på livet.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2022

Læringsressursar

Kva er eksistensielle spørsmål?