Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er eksistensielle spørsmål?

Kven er eg? Kvar kjem eg frå? Kva er meininga med livet mitt, og korleis bør eg leve? Eit av dei viktigaste kjenneteikna ved mennesket er at vi set spørsmålsteikn ved grunnleggjande sider av livet og den verda vi er ein del av.
Mann hoppar mellom klippar i skjergarden i Archipelago, Sverige. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er eksistensielle spørsmål?

Av og til blir vi stilte overfor eksistensielle spørsmål. Det er spørsmål som rører ved dei mest grunnleggjande sidene ved livet vårt og kan til dømes handle om kva som er viktig i akkurat vårt liv. Kva er det som gir livet ditt meining og retning og styrer vala du tek i kvardagen?

Å eksistere betyr å vere til. Eksistensielle spørsmål er om det å vere til i verda. Det kan vere spørsmål som handlar om deg heilt personleg, og som samtidig rører ved dei mest grunnleggjande sidene ved det å vere eit menneske. Det er òg spørsmål det ofte ikkje finst enkle og sikre svar på: Kvifor eksisterer vi? Kva er eit meiningsfylt liv? Kva skjer med oss etter at vi døyr?

Eit ansikt delt opp i puslespelbrikker. Vi ser auga, øvste delen av nasen, litt av munnen og litt av eit kinn. Foto.

Kva kjenneteiknar eksistensielle spørsmål?

For det første handlar eksistensielle spørsmål om kva som er viktig for deg i livet ditt. Det er spørsmål du er kjenslemessig involvert i, og som det verkeleg betyr noko å finne eit svar på. Desse spørsmåla, og dei svara du eventuelt kjem fram til, vil vere med på å gi livet ditt meining og forme viktige livsval.

For somme menneske kan spørsmålet om Gud eksisterer, vere eit eksistensielt spørsmål. For ein kristen munk eller nonne vil Guds eksistens gi livet meining, og viss dei byrjar å tvile på at Gud verkeleg eksisterer, vil det opplevast som ei eksistensiell krise. For andre kan spørsmålet om Guds eksistens opplevast som uviktig og irrelevant. Det er eit spørsmål som ikkje opptek dei, og som derfor ikkje blir opplevd som eit eksistensielt spørsmål.

For det andre handlar eksistensielle spørsmål om grunnleggjande sider ved det å vere til. Som menneske deler vi nokre felles levevilkår. Det gjer at vi alle blir stilte overfor nokre av dei same eksistensielle spørsmåla:

  • Vi er alle sårbare og dødelege vesen. Når blir fødde, er vi hjelpelause babyar og heilt avhengige av andre for å overleve. Dette leier til eksistensielle spørsmål om korleis vi bør oppføre oss, og kva ansvar vi har overfor andre menneske.

  • Vi er òg sjølvbevisste vesen. Det vil seie at vi har evna til sjå oss sjølv utanfrå og setje spørsmålsteikn ved vår eigen eksistens: Kva vil det seie å vere eit menneske? Kvifor eksisterer vi, og kva betyr det at vi alle ein gong skal døy?

  • Mange vil òg meine at grunnleggjande trekk ved mennesket er at vi er frie og meiningssøkjande vesen. Vi må derfor alle gjere viktige livsval og finne ei meining i livet.

Samtidig er ikkje nødvendigvis dei eksistensielle spørsmåla som er viktige for oss i dag, dei same som før. Menneskja har gått gjennom store forandringar i løpet av historia. Dagens klimakrise og teknologiske revolusjonar stiller oss til dømes overfor heilt nye eksistensielle spørsmål.

Er alle viktige spørsmål eksistensielle?

For mange ungdommar kan spørsmålet om når eit nytt dataspel kjem ut, vere viktig. Men dette er likevel ikkje eit eksistensielt spørsmål, for det handlar ikkje om nokon grunnleggjande sider ved det å vere til. Likevel kan dataspelinga godt leie til eksistensielle spørsmål. Tenk deg at du bruker all tida di på dataspel. Etter kvart kan det føre til at du stiller deg nokre eksistensielle spørsmål om meining, fridom og det gode livet: Er det meiningsfylt å bruke så mykje tid på dataspeling? Er det du som styrer dataspelinga, eller er det dataspelinga som styrer deg? Er det verkeleg dette livet du inst inne ønskjer deg?

Kvifor skal vi utforske spørsmål som ingen har svaret på? Sjå fram til 1:45 i videoen frå TEDEd under og tenk over kvifor det kan vere spennande å reflektere rundt desse spørsmåla.

Eksistensielle spørsmål i religion, livssyn og filosofi

Eksistensielle spørsmål og svar har alltid vore ein viktig del av religionar, livssyn og filosofi. Ulike trus- og livssynssamfunn og filosofiske fellesskap har vore ein viktig arena for å utforske eksistensielle spørsmål, og for mange menneske har dei vore ei viktig kjelde til svar.

Somme eksistensielle spørsmål finn vi igjen i alle livssyn og religionar. Dette er gjerne spørsmål om kvar verda kjem frå, kva som skjer etter at vi døyr, og korleis vi bør leve.

Ein gut hoppar frå ei klippe og ned i vatnet. Han smiler og held armane høgt opp i veret. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eksistensielle spørsmål i religion

Kva for eksistensielle spørsmål som er mest sentrale, kan variere mellom ulike trussamfunn og religiøse tradisjonar.

I dei monoteistiske religionane som kristendommen, jødedommen og islam har til dømes spørsmål om Gud vore sentrale. Viss Gud er god, kvifor finst det då vondskap i verda? Viss Gud er allvitande, og kjenner framtida, har vi menneske då fri vilje? Slike spørsmål har vore viktige for mange truande.

For Buddha var ikkje Guds eksistens eit sentralt spørsmål. Sentrale eksistensielle spørsmål for Buddha var: Kva er liding? Kvar kjem lidinga frå, og korleis vi kan fri oss frå ho? Buddhismen oppstod i India, og vi finn fleire av dei same eksistensielle spørsmåla i buddhismen og hinduismen. Det kan vere spørsmål om kva som er sant, og kva som verkeleg eksisterer.

I naturreligionar har eksistensielle spørsmål knytte til naturen vore viktige. Som ei følgje av dagens klima- og miljøtruslar er dette spørsmål som i aukande grad har blitt aktuelle i alle dei store religionane.

Ung jente sit igjen aleine i klasserommet. Ho kviler hovudet i den eine handa og held ein kulepenn i den andre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eksistensielle spørsmål i filosofi

I både austlege og vestlege filosofiske tradisjonar finn vi igjen mange av dei same grunnleggjande spørsmåla: Kva er verkeleg sant? Kva består verda av? Korleis bør vi leve, og kva er eit godt liv og eit godt samfunn?

I store delar av verda er religiøse og filosofiske tilnærmingar til eksistensielle spørsmål tett knytte saman, og det kan vere vanskeleg å skilje dei. Dei siste to–tre hundre åra har det likevel vakse fram eit skarpare skilje mellom filosofi og religion i fleire delar av verda.

Ein moderne filosofisk tradisjon som fokuserer spesielt på eksistensielle spørsmål, er eksistensfilosofien. Han fokuserer på store livsspørsmål som forholdet vårt til døden, meining, fridom og forholdet til andre menneske. Ifølgje eksistensfilosofien har ikkje mennesket ein essens eller kjerne som er bestemd på førehand. Vi er tvert imot kasta ut i verda og må sjølv bestemme kva vi skal vere, og korleis vi skal leve livet vårt. Mennesket er ikkje fødd godt eller vondt eller med eit bestemt formål, men er tvert imot fritt og må skape si eiga meining i livet. Det er derfor ingen andre som kan svare på dei eksistensielle spørsmåla for deg – du må svare på dei sjølv.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 10.05.2022

Læringsressursar

Kva er eksistensielle spørsmål?