Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Podkast: Meininga med livet

Kva er meininga med livet? Filosofen Einar Duenger Bøhn meiner han har funne svaret. Lytt til ein podkast med Jonis Josef og Einar Duenger Bøhn og reflekter over kva meininga med livet verkeleg er.
Silhuett av ein mann som trillar ei stein opp ein bakke. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Før du lyttar til podkasten

  1. Kva trur du er meininga med livet?

  2. Trur du det finst eit svar på spørsmålet om kva meininga med livet er som gjeld for alle menneske?

Oppgåve 2. Nøkkelord og refleksjonsnotat

Skriv nøkkelord i boksen under mens du lyttar til podkasten.

Jonis Josef i podkaststudio. Foto.
Kva veit eg?

Meininga med livet

Professor i filosofi, Einar Duenger Bøhn, diskuterer spørsmålet: Kva er meininga med livet? Kva er forskjellen på å finne meining i livet og å finne meininga med livet? Kvifor er det viktig at vi prøv...

0:00
-0:00

Oppgåve 3. Meininga med livet

  1. Kva er forskjellen på spørsmåla: Kva er meininga i livet, og kva er meininga med livet?

  2. Kvifor er det viktig å reflektere over kva meininga med livet er?

  3. Ifølgje Einar Duenger Bøhn er meininga med livet "å forbetre ting". Kva trur du han meiner med det?

  4. Kvifor er Einar Duenger Bøhn kritisk til at religion kan gi eit svar på kva som er meininga med livet? Er du einig eller ueinig? Grunngi svaret.

Oppgåve 4. Myten om Sysifos

  1. Kva er myten om Sysifos?

  2. Kvifor kan Sysifosmyten brukast som eit bilete på eit meiningslaust liv?

  3. Diskuter i kor stor grad Sisyfosmyten er eit godt bilete på det livet dei aller fleste menneska lever i dag?

  4. Diskuter kva som kan gjere Sisyfos sitt tilvære meir meiningsfullt.

To menn svevar liggjande i lause lufta. Dei peikar mot kvarandre med ein pistol. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 5. Tankeeksperiment – eit draumeliv

I podkasten beskriv Einar Duenger Bøhn eit filosofisk tankeeksperiment. Tenk at du kunne kople deg til ein drøymemaskin som gav deg ei ektekjend oppleving av å leve det livet du sjølv ønskjer deg. Men når du først har kopla deg til maskinen, er det ingen veg tilbake, og du vil aldri få vite at resten av livet ditt berre er ein draum.

  1. Kva kan vere grunnane til at nokon ønskjer å kople seg til ein slik maskin?

  2. Kva kan vere grunnane til at nokon ikkje ønskjer å kople seg til ein slik maskin?

  3. Kva for eit av vala trur du ville føre til eit mest mogleg lykkeleg liv? Grunngi svaret.

  4. Diskuter kva for eit av vala som ville føre til eit mest mogleg meiningsfylt liv.

  5. Kva val ville du sjølv teke viss du fekk moglegheita? Grunngi svaret.

Oppgåve 6. Lykke, meining og moral

Ifølgje Aristoteles sin dydsetikk er det ein samanheng mellom lykke, moral og meining. Han meinte at meininga med livet er å finne lykka ved å leve moralsk og realisere potensialet vårt som menneske. Einar Duenger Bøhn meiner derimot at det å handle moralsk, finne lykka og finne ei meining i livet, er tre ulike ting.

  1. Finn nokre konkrete døme på at det kan vere ein samanheng mellom å handle moralsk og bli lykkeleg og å finne ei meining med livet.

  2. Finn nokre konkrete døme på at det ikkje er ein samanheng mellom å handle moralsk, vere lykkeleg og finne meining.

    • Kan noko vere meiningsfylt utan at det gjer deg lykkeleg?

    • Kan det å handle moralsk av og til stå i vegen for lykka?

    • Kan noko vere umoralsk og samtidig meiningsfylt?

  3. Reflekter over kva samanheng du sjølv tenkjer det er mellom å handle moralsk, bli lykkeleg og finne meining i livet.

Relatert innhald

I dydsetikken er målet at menneska utviklar dei rette kjenslene, dei rette haldningane og ei god moralsk dømmekraft.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2022

Læringsressursar

Kva er eksistensielle spørsmål?