Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Intervju om eksistensielle spørsmål

Kva tenkjer menneske med ulike livssyn om dei store spørsmåla i livet? Ein spennande måte å utforske eksistensielle spørsmål på er å intervjue nokon med ein annan religion eller eit anna livssyn enn deg sjølv.
Jente med skjema vender seg til ein mann. Begge smiler. Mannen peikar på skjemaet som jenta held, og jenta held ein penn i handa klar til å skrive. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Førebuing

Finn ein person som har eit anna livssyn enn deg sjølv og vil vere med på eit intervju. Det kan til dømes vere ein person med ein annan religion.

Førebu intervjuet ved å lage forslag til ulike spørsmål du har lyst til å få svar på.

Forslag til spørsmål:

  • Kva er eksistensielle spørsmål etter di meining?

  • Kva for nokre eksistensielle spørsmål er viktige for deg?

  • På kva måte er desse eksistensielle spørsmåla viktige med tanke på ditt eige livssyn?

  • Korleis prøver du å svare på dei eksistensielle spørsmåla?

  • Kva svar kan ditt eige livssyn gi på desse spørsmåla?

  • Er det nokon andre viktige personar, religionar eller livssyn som har inspirert deg eller gitt deg nokon verdifulle innspel?

Eit intervju er eit lite forskingsprosjekt. Det er derfor viktig at du følgjer nokre grunnleggjande forskingsetiske normer og reglar.

Forskingsetiske normer og reglar

Deltakinga skal vere frivillig, og dei som deltek, kan når som helst trekkje seg frå undersøkinga.

  • Dei som deltek, må vite kva slags undersøking dei skal vere med på og gi informert samtykke.

  • Du må behandle deltakarane med respekt og til dømes akseptere at det er somme spørsmål dei ikkje ønskjer å svare på.

  • Du bør unngå å spørje om sårbare tema som til dømes seksuelt misbruk og vald i nære relasjonar.

  • Dei som deltek, skal vere anonyme. Det skal derfor ikkje vere mogleg å kunne identifisere konkrete enkeltpersonar når du presenterer resultata.

  • Observasjonar og svar skal behandlast konfidensielt. Du kan ikkje lagre observasjonar og svar saman med reelle namn. Bruk i staden fiktive namn, pseudonym eller dekknamn.

  • Svara og observasjonane du samlar inn, må gjengivast objektivt, nøytralt og presist. Du må ikkje utelate viktig informasjon, forfalske svar eller observasjonar, eller prøve å tilpasse materialet ein bestemd konklusjon.

Del 2: Gjennomfør intervjuet

Avtal tid og stad for intervjuet og gjennomfør samtalen. Det kan vere lurt å finne ein stad som er uforstyrra, så ingen andre høyrer kva de snakkar om. Då kan det bli lettare å få til ein open og fortruleg samtale. Sjå fleire tips til korleis du kan gjennomføre intervjuet under.

Tips til intervju
  • Avtal intervjuet på førehand

  • Start gjerne med enkle spørsmål

  • Still korte spørsmål som er lette å forstå

  • Ikkje still fleire spørsmål på ein gong

  • Ikkje still leiande spørsmål

  • Ver ein interessert lyttar

  • Observer kroppsspråket til informanten

  • Forsøk å skape ei trygg og hyggjeleg stemning

  • Be gjerne informanten utdjupe svara sine

  • Lag gjerne ei hugseliste med tema, stikkord og spørsmål, men ikkje følg henne slavisk

  • Still oppfølgingsspørsmål viss det dukkar opp noko interessant

  • Ta opptak av samtalen eller noter undervegs

Del 3: Etterarbeid

Innhent meir informasjon om religionen og livssynet til personen du har intervjua.

  • Gi ei kort skildring av religionen og livssynet til personen du intervjua.

  • Er det nokon av svara til intervjupersonen som kan knytast til læra i religionen eller livssynet? Gi konkrete døme.

  • Diskuter korleis religionen eller livssynet til intervjupersonane kan vere med på å forklare kva spørsmål dei var opptekne av, og kva for svar dei kom fram til.

Ta perspektivet til andre!

Når du er ferdig med intervjuet og etterarbeidet, kan du be den du har intervjua lese gjennom det du har skrive. Kjenner personen seg igjen i skildringane dine? Kvifor? Kvifor ikkje?

Del 4: Presentasjon

Presenter det du har komme fram til. Det kan vere ein skriftleg eller ein munnleg presentasjon.

Tips til presentasjonar: 11 kreative tips til framføringer

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 22.08.2022

Læringsressursar

Kva er eksistensielle spørsmål?