Dydsetikk
Ifølge dydsetikken er nøkkelen til lykke å bli ein god person. Viss du utviklar deg til å bli eit godt menneske, vil du vite kva som er rett og gale i ulike situasjonar. Du vil realisere det beste i deg sjølv og det beste for samfunnet du er ein del av.
Dydsetikken fokuserer mindre på enkelthandlingar og meir på personen som utfører handlinga. Målet med dydsetikken er å utvikle ein god moralsk karakter og bli en person med dei rette kjenslene, dei rette haldningane og ei velutvikla moralsk dømmekraft.
Vi finn ulike former for dydsetikk langt tilbake i historia, og moderne dydsetikk har røter tilbake til Aristoteles.
Aristoteles startar med å spørje kva som er målet med livet. Han tenker at målet for alt levande og alle ting må vere at dei skal fungere best mogleg. Målet for ein stol er til dømes at han skal vere god å sitje på, og målet for eit frø er å utvikle potensialet sitt og vekse opp til ein fullvaksen plante.
På same måten som ein plante fungerer òg mennesket best når det lever i samsvar med sin eigen natur og utviklar dei særeigne evnene sine. Men kva for spesielle evner har mennesket? Ifølge Aristoteles er det som skil mennesket frå plantar og dyr, evna vår til å bruke fornufta. Målet til mennesket må vere å utvikle dei rasjonelle eigenskapane sine.
Det er først når vi utviklar fornufta, at mennesket kan oppnå eudaimonia. Eudaimonia kan omsetjast med "lykke" eller "eit godt liv". For Aristoteles er ikkje lykke berre ei personleg kjensle eller oppleving, det er ei realisering av mennesket sitt fulle potensiale. Eit menneske som har nådd eudaimonia, har derfor både realisert det beste i seg sjølv og det beste for det samfunnet han eller ho er ein del av.
For å fungere best mogleg må mennesket utvikle dydane. Bruker vi ein ung fotballspelar som døme, veit vi at hen må utvikle seg gradvis til å bli betre, for til slutt å prestere jamt over bra på fotballbanen. Slik må òg mennesket utvikle dydane, så det til slutt kan bli ein stabil del av den vi er som menneske. For Aristoteles kan dydane både vere intellektuelle, som visdom og klokskap, eller moralske, som mot, ærlegdom og rettferd. Målet er at vi skal bli personar som er både vise, kloke, modige, ærlege og rettferdige.
Når ein skal utvikle dydar som mot, gjevmildskap og stoltheit, er det viktig å finne den rette balansen mellom ulike ytterpunkt. Aristoteles kallar desse ytterpunkta for lastar. Lastane er negative eigenskapar eller karaktertrekk som feigskap, gjerrigskap eller arroganse. Dei er ofte kjenneteikna ved at dei representerer ein mangel eller ei overdriving av ein spesiell dyd. Den gjerrige manglar til dømes gjevmildskap, og den arrogante har for mykje stoltheit.
Viss du til dømes har for lite av dyden mot, er du feig, men viss du har for mykje mot, er du dumdristig. Både feigskap og dumdristigheit er lastar. Den modige må derfor følge den gylne middelvegen mellom desse to ytterpunkta.
Lastar (for lite) | Dydar (middelvegen) | Lastar (for mykje) |
---|---|---|
Feigskap | Mot | Dumdristigheit |
Gjerrigskap | Gjevmildskap | Sløseri |
Fråtsing | Måtehald | Askese |
Kranglete | Vennlegheit | Smiskete |
Audmjukskap | Stoltheit | Arroganse |
Gravalvor | Humor | Klovnaktig |
Dei dydane Aristoteles framhevar, er sterkt prega av det samfunnet han levde i. Dydsetikken har derfor blitt kritisert for å vere for sterkt knytt til den kulturen ein tilhøyrer. Aristoteles forsvarer til dømes slaveri, som var vanleg på hans tid. Samtidig finn vi dydar som mot, måtehald og ærlegdom i dei fleste kulturar. For å tilpasse dydsetikken vår tid har moderne dydsetikarar òg lagt til nye dydar som ein ikkje finn hos Aristoteles, som medynk og velgjerd.
Det neste spørsmålet Aristoteles stiller, er korleis vi kan utvikle dydane og bli gode menneske. Ifølge Aristoteles er mennesket eit samfunnsvesen. Målet med dydane er å fungere best mogleg saman med andre menneske, og som barn lærer vi dei forskjellige dydane av familien og samfunnet rundt oss.
Men for Aristoteles kan ikkje menneske bli oppdradde i dei forskjellige dydane på same måten som ein oppdrar ein hund. Du lærer dydane gjennom praktisk øving og sjølvstendige val. Ved å gjere det til ein vane å ta rette val i ulike situasjonar vil du etter kvart trene opp kjenslene dine til å følge fornufta og gjere det som er rett.
Viss du til dømes gjer det til ein vane å ikkje lyge, vil det etter kvart bli vanskelegare og vanskelegare for deg å lyge, og du vil til slutt bli ein ærleg person. I dydsetikken speler kjenslene ei viktig rolle. Det er først når du har trent opp kjenslene slik at du handlar ærleg, modig og rettferdig, fordi du har lyst, at du har nådd målet og blitt verkeleg god.
Dydsetikken har blitt kritisert for å vere vanskeleg å bruke i praksis. I moralske spørsmål må vi av og til velje mellom ulike dydar. Viss ein ven spør deg om å låne mange tusen kroner, skal du vere gåvmild og seie ja eller måtehalden og seie nei?
Ifølge Aristoteles er det ikkje mogleg å lage ei bruksrettleiing for kva som er moralsk rett og gale i kvar enkelt situasjon. Menneska er forskjellige, og kvar og ein situasjon er unik. Det viktigaste er derfor å utvikle og øve opp ei personleg dømmekraft.
Aristoteles kallar evna til å ta rette moralske avgjerder i konkrete situasjonar for fronesis, som kan omsetjast med "praktisk klokskap". Praktisk klokskap er evna til å vite kva som krevjast kva tid og av kva for grunnar. Den rette handlinga for Aristoteles er derfor den som ein klok person ville vald i kvar og ein situasjon.
Viktige omgrep
Dydsetikk
Dydar
Lastar
Praktisk klokskap
Aristoteles (1999) Den Nikomakiske etikk. Oslo: Bokklubben Dagens Bøker
Hursthouse, R. (1999) On virtue Ethics. Oxford: Oxford University Press
Johannesen, K.E & Vetlesen, A.J. (2000) Innføring i etikk. Oslo: Universitetsforlaget