Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bergpreika

Bergpreika er ein av dei mest sentrale og mest siterte tekstane i den kristne Bibelen.
Ein mann med langt hår sit på ein stein omgitt av mange menn, kvinner, barn og romerske soldatar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Les Bergpreika (Matt 5-7) og svar på spørsmåla under:

  1. Kva er hovudbodskapen i teksten?

  2. Bergpreika har blitt kalla den mest radikale talen i Bibelen. Finn minst tre sitat som du meiner er radikale eller ekstreme.
  3. Kva fortel teksten om kristen etikk?
  4. Les Matt 5, 21-48 på nytt. Korleis omtolkar Jesus Moselova?
  5. Kva moralske kvalitetar eller dydar (til dømes toleranse) vektlegg Jesus i teksten? Lag ei liste over så mange du kan finne, og kvar i teksten dei står.
  6. Korleis vil du beskrive Jesus ut ifrå denne teksten?
CC BY-SASkrive av Knut Dæhli.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2022

Læringsressursar

Kristendommen