Hopp til innhald

Fagstoff

Den lutherske kyrkja – opphav og utvikling

Reformasjonen var ei protestrørsle innanfor den katolske kyrkja som hevda at kyrkja sitt misbruk av pengar og makt sto i vegne for den kristne bodskapen slik han er presentert i evangelia.
Martin Luther speler lutt omgitt av kone og barn. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis blei den evangelisk-lutherske kyrkja til?

Martin Luther (1483–1546) var opphaveleg ein katolsk munk som levde i det ein i dag kallar Tyskland. Han studerte Bibelen og meinte at den kristne læra slik ho blei praktisert i den katolske kyrkja, ikkje alltid var riktig. Luther protesterte blant anna mot paven si stilling som Guds avløysar på jorda.

Kritikken som Martin Luther framførte i doktoravhandlinga si ved universitetet i Wittenberg i 1517, førte til eit brot med den katolske kyrkja. Luther blei bannlyst av paven, noko som innebar at han blei nekta å ta del i kyrkja sine sakrament. Han gjekk då ut av klosteret, blei etter kvart gift med ei tidlegare nonne og etablerte ein familie saman med henne.

Særleg kritisk var Luther til praktiseringa av botas sakrament. I den katolske kyrkja kan presten, på vegne av kyrkja, ta imot skriftemål og tilgi synder (absolusjon). Praksisen med avlatshandel, det vil seie å betale til kyrkja for å få slette syndene sine, blei fordømt av Luther. Ein ven av han, Philipp Melanchton (1497–1560), var ein av fleire samtidige som kritiserte den katolske kyrkja og omformulerte den kristne læra. Slik blei læra til ei eiga kristen trusretning, som fekk gjennomslag i det nordlege Tyskland og i Norden.

Retninga blir kalla den evangelisk-lutherske kyrkja. Ein annan grunn til at den lutherske læra blei etablert, var at lokale fyrstar brukte splittinga i den kristne kyrkja til å styrkje si eiga politiske makt.

Den augsburgske vedkjenninga

Den tysk-romerske keisaren, Karl 5., ba i 1530 dei tyske fyrstane som hadde slutta seg til den lutherske læra, om å gjere greie for den. Slik ville keisaren bidra til at den katolske kyrkja ikkje blei splitta. Melanchton utarbeidde då ein tekst som oppsummerte den kristne læra slik Luther og tilhengarane has gav form til den. Teksten blir kalla Confessio Augustana, eller den augsburgske vedkjenninga. Meklingsforsøket førte ikkje fram. I staden blei den augsburgske vedkjenninga ein viktig berebjelke i dei evangelisk-lutherske kyrkjene.

Ni personar kledde i kapper står rundt ein person som sit på ei trone. Ein av mennene held fram eit dokument. Koparstikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Boktrykkarkunsten var ei ny oppfinning på Luthers tid, og den gjorde det lettare og billegare å gi ut Bibelen. Bibelen var på latin og var berre for dei få som kunne lese språket. Luther arbeidde sjølv med å få han omsett til tysk. Slik mista prestane og biskopane eineretten til å lese Bibelen. No kunne mange fleire lese teksten sjølv og gjere seg opp sine eigne meiningar.

Organisering

Ved reformasjonen fekk vi ei statskyrkjeordning i dei nordiske landa. Det vil seie at kongen var den øvste leiaren av kyrkja. Luther la vekt på at eit land skulle styrast av ein konge eller fyrste som fekk kraft og nåde frå Gud, ein tankegang som var henta frå Det gamle testamentet. Frå 1700-talet, men særleg på 1800-talet, blei evangelisk-lutherske frikyrkjer etablerte både i Tyskland og i Nord-Amerika. Nord-Amerika har i dag om lag 40 sjølvstendige evangelisk-lutherske frikyrkjer. Også i Noreg finn vi ei evangelisk-luthersk frikyrkje. Den blei skilt ut frå den norske statskyrkja i 1877.

I alt finst det 140 ulike lutherske kyrkjesamfunn, som er organiserte i Det lutherske verdsforbundet. Organisasjonen blei etablert i 1947 og har hovudsetet sitt i Genève i Sveits.

Den evangelisk-lutherske kyrkja i Noreg

I 1537 bestemte den dansk-norske kongen, Christian 3., at evangelisk-luthersk kristendom skulle vere staten sin religion. Grunnlova av 1814 bekrefta dette. Denne ordninga varte i Noreg fram til 1. januar 2017, altså i 480 år.

Den norske kyrkja blir leia av tolv biskopar, som kvar har ansvaret for eit geografisk område, som blir kalla bispedømme. Biskopane vel éin frå bispekollegiet til leiar. Denne leiaren blir kalla preses, «den første». Ein ny preses blir valt kvart tredje år, på eit bispemøte. Når biskopane møtest, blir alltid lærespørsmål diskutert.

I Den norske kyrkja blir det halde bispemøte kvart år. Dei siste åra har bispemøta drøfta spørsmålet om fri abort (1970-åra), kvinner sin rett til å bli prestar (1950- og 60-åra), homoseksualitet og vigsel av homoseksuelle (2000-talet til i dag) og økumenikk. Økumenikk dreier seg om korleis ulike kristne konfesjonar skal bli meir einige seg imellom.

Homoseksuell praksis var inntil 1972 forboden i Noreg. I dag kan par av same kjønn få kyrkja si velsigning til å gifte seg.

Den første kvinnelege presten i Noreg, Ingrid Bjerkås, blei vigsla i 1961. Rosemarie Køhn blei Noregs første kvinnelege biskop, i Hamar i 1993, og Kari Veiteberg er den første kvinnelege biskopen i Oslo, frå 2017.

Ei kvinne i prestekjole og ein mann iført biskopens embetsdrakt. Dei smiler til kvarandre og tar kvarandre i handa. Svart/kvitt-foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Talet på lutherske kristne

I heile verda finn vi i underkant av ein milliard protestantiske kristne. Av dei er om lag 75 millionar lutherske kristne. Dei fleste bur i USA og den nordlege delen av Europa.

Etter at kyrkja i Noreg ikkje lenger er ei statskyrkje, har talet på medlemmar gått tilbake her i landet. I 2018 var meir enn 70 prosent av den norske befolkninga medlemmar av Den norske kyrkje. Oppslutninga om kyrkja gjekk også tilbake dei siste åra før statskyrkjeordninga blei oppheva.

Viktige omgrep

  • reformasjonen

  • avlatshandel

  • den evangelisk-lutherske kyrkja

  • den augsburgske vedkjenninga

  • statskyrkje

CC BY-SASkrive av Clemens Saers og Knut Dæhli. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 01.02.2022

Læringsressursar

Kristendommen