Hopp til innhald

Fagstoff

Kristendommen – ritual og praksis

Sjølv om tru er viktig for alle kristne, handlar kristendom ofte like mykje om ritual. Det å vere kristen er for mange det same som å praktisere kristne høgtider, gudstenester og overgangsritual. Sentralt i kristen praksis står bøn, gudstenesta og sakramenta.
To unge jenter ber i ei kyrkje. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bøn

Samtale med Gud Fader, Jesus eller Den heilage ande kallar vi bøn. Ei bøn kan vere fri og spontan. Ho kan vere ein kristen samtale eller bøn i ein fellesskap. I bøna kan ein be for noko ein er oppteken av, eller be for ein annan, det vil seie å gå i forbøn for noko eller nokon.

Den viktigaste bøna i kristendommen er Herrens bøn, også kjend som Fadervår. Kor viktig det er å be, varierer frå kristen til kristen. Somme ber kvar dag, mens andre har eit meir sporadisk forhold til bøna. Det finst også former for kontemplativ bøn, som har fleire likskapar med austleg meditasjon. Bøn er ein måte å kommunisere med Gud på.

Gudstenesta

Gudstenester er seremoniar der religiøse samlast for å be. I kristendommen inneber dette bøn, salmesong, lesing frå Bibelen, preika og ofte også nattverd. Søndag formiddag er den viktigaste dagen i veka for gudstenesta, sjølv om ho kan haldast kvar vekedag som helst. Somme frikyrkjer, særleg pinsemeinigheiter, har ofte ei friare form og vektlegg ikkje fast struktur i gudstenesta på same måten som dei katolske eller ortodokse kyrkjene.

Prest tenner lys. Skuleelevar sit i kyrkjebenkene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når kristendommen blir praktisert etter bestemte ritual, på faste stader, i kyrkjer eller meinigheitshus, kallar vi det liturgi. Liturgi betyr forskriftene for gudstenesta i kyrkja. Dei liturgiske handlingane blir vanlegvis leia av ein prest eller biskop, og desse er vigsla til å utføre slike religiøse tenester. Å vigsle er ei religiøs handling som erklærer eller gjer noko heilag. Innhaldet i liturgien kjem frå tekstar som ofte er henta frå Bibelen.

Biskopar og prestar med lilla og kvite kappar ved alteret i ei katolsk kyrkje. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frå sju til to sakrament

Frå fødsel til død har kyrkja eit tilbod til dei truande i form av markeringar og heilage handlingar. Desse heilage handlingane kallar vi sakrament.

Den katolske kyrkja og dei ortodokse kyrkjene praktiserer sju sakrament, mens den lutherske kyrkja berre har to. Desse kyrkjesamfunna hevdar at sakramenta er innstifta av Jesus sjølv, og at dei derfor er ekstra viktige. Den lutherske kyrkja meiner at Jesus berre innstifta dåpen og nattverden.

  1. Dåpen er felles for den katolske, dei ortodokse og dei lutherske kyrkjene. Ved dåpen er det vanleg at ein prest leiar dåpshandlingane, og han seier blant anna: «Eg døyper deg i Faderen, Sonen og Den heilage andes namn.» Slik blir han eller ho eit medlem av den kristne kyrkja.
  2. Nattverden er også eit felles sakrament. Nattverdsmåltidet blir halde til minne om Jesu siste måltid saman med disiplane. Presten gir nattverdsgjestene eit lite brød (oblat) og eit lite beger med vin. Det symboliserer Jesu legeme og Jesu blod. Nattverden er ei konkret handling som får den kristne til å oppleve at Kristus er nærverande i ein sjølv.
  3. Konfirmasjonen – kalla ferming i den katolske kyrkja og krismering i den ortodokse kyrkja – skjer høvesvis i 14–17-årsalderen eller rett etter dåpen. Konfirmanten bekrefter dåpsløfta framfor meinigheita. Deretter salvar ein biskop konfirmanten med ei kostbar olje på pannen. På same måten som apostlane fekk del i Den heilage ande gjennom underet som skjedde i pinsen, får konfirmanten det i fermingen.
  4. Botas sakrament er eit tilbod til katolikkar og ortodokse om å ta eit oppgjer med eigne synder og eigen livsførsel. I den lutherske kyrkja ber ein i gudstenesta om at Gud skal tilgi syndene, det vil seie noko ein har gjort i strid med den kristne læra og kristen etikk.
  5. Ekteskapet er heilag og uoppløyseleg for katolikkar. I sakramentet til ekteskapet lovar kvinna og mannen at dei alltid skal vere trufaste og oppofrande, inntil døden skil dei. Ettersom ekteskapet ikkje er eit sakrament i den lutherske kyrkja, er det der lov å skilje seg.
  6. Prestevigslinga blir gitt i den katolske kyrkja til menn som ønskjer å vie livet sitt til teneste for Gud og kyrkja. Det er ein biskop som vigslar presten i Guds namn. Ein katolsk prest lovar å lyde biskopen sin i alt og å leve enkelt og i sølibat. Sølibatet inneber at ein katolsk prest ikkje kan ha eit seksuelt forhold til ein annan person. Kravet om sølibat gjeld ikkje for lutherske prestar.

    Kyrkja gjer eit poeng av at denne vigslinga går attende til apostlane som blei kalla av Jesus. Apostlane kalla og vigsla medhjelparane sine, som igjen kalla etterfølgjarane sine, ofte kalla diakonar, prestar eller biskopar. Dette blir også kalla apostolisk suksesjon.

    I den lutherske kyrkja har vi i Noreg sidan 1961 også hatt kvinnelege prestar. I mange katolske miljø ønskjer ein også kvinnelege prestar. Til no har leiinga i den katolske kyrkja, med paven i spissen, ikkje ønskt det. Grunngivinga er at Jesus berre kalla menn til å bli disiplar.

  7. Sjukesalvinga blei tidlegare kalla «den siste olja». Den katolske kyrkja ønskte å vere til stades både ved byrjinga av livet og ved slutten. Derfor gir presten ei salving til den døyande med den same typen olje som blir brukt ved konfirmasjonen.

I den katolske kyrkja og dei ortodokse kyrkjene er utføring av sakramenta heilt nødvendig for frelse. For mange frikyrkjer og dei protestantiske kyrkjene, slik som den norske evangelisk-lutherske kyrkja, er det trua på Jesus Kristus aleine som fører til frelse, ikkje praksis gjennom ritual.

Kvinne kysser helgenbilete i ei russisk-ortodoks kyrkje. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Viktige omgrep

  • bøn
  • Herrens bøn / Fadervår
  • liturgi
  • vigsla
  • sakrament
  • dåp
  • nattverden
  • konfirmasjon (ferming/krismering)
  • bota sitt sakrament
  • ekteskap
  • prestevigsling
  • apostolisk suksesjon
  • sjukesalving

CC BY-SASkrive av Clemens Saers og Knut Dæhli. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 04.07.2019

Læringsressursar

Kristendommen