Hopp til innhald

Fagstoff

Pinsekarismatiske kyrkjesamfunn og rørsler

Rundt 640 millionar menneske eller 25 % av alle kristne har tilknyting til ei eller anna form for pinsekarismatisk kyrkje, kyrkjelyd eller rørsle (Johnson, 2020). Her får du vite litt meir om kva pinsekarismatiske kyrkjer og kyrkjelydar er, og kva som kjenneteiknar dei.
Unge menneske held hendene i veret. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei pinsekarismatiske kyrkjesamfunna og rørslene har nokre likskapstrekk. Det kan vere trusgrunnlag (Bibelen, truslære), musikkstil, åndelegheit eller dåpsform. Ei oversikt over denne forma for kristendom er likevel litt problematisk fordi dei som identifiserer seg som pinsekarismatiske, ofte har ei stor grad av sjølvstende og kan skifte tilhøyrsel frå éi rørsle til ei anna eller frå eitt pinsekarismatisk kyrkjesamfunn til eit anna.

Omgrepsavklaringar

I denne artikkelen blir det brukt nokre ord som for mange er heilt ukjende. Her er ei forklaring på nokre viktige omgrep:

  • Pinse er den kristne høgtida som er beskriven i Apostelgjerningane 2 i Bibelen. Pinserørsla og dei som tilhøyrer ho, pinsevennene, har fått namnet sitt frå forteljinga.

  • Karismatisk kjem av det greske ordet kharisma og betyr nådegåve.

  • Ei nådegåve kan vere:

    • tungetale (evna til å tale eit åndeleg språk)

    • profetisk gåve (evna til å sjå eller seie oppmuntrande, trøystande ord/bilete eller gi råd til andre frå Gud)

    • visdomsord (evna til å seie kloke ting eller sanne ting inn i ein situasjon)

    • evna til å heile sjuke

  • Pinsekarismatiske er kristne som trur at desse nådegåvene er tilgjengelege og til bruk for alle kristne. Pinsekarismatisk er i denne artikkelen brukt for å omfatte alle kristne som i rørsla eller kyrkja si tek i bruk slike nådegåver.

  • Ei eller anna form for vekking blir knytt til framveksten av pinsekarismatisk kristendom. Det betyr å bevege seg frå anten det å vere ikkje-truande, eller å ha eit mindre bevisst forhold til tru, til det å ha eit fornya forhold til Gud. Når ein snakkar om vekkingar, handlar det om at mange menneske erfarer denne fornyinga samtidig eller i same tidsperiode. I samband med pinsekarismatiske kyrkjesamfunn eller rørsler snakkar vi gjerne om pinsevekking eller karismatisk vekking.

Historisk utvikling fram til i dag

Veldig forenkla historisk, kan vi forklare tilbliinga av dei pinsekarismatiske kyrkjene og rørslene som tre bølger.

Den første bølga

I den første bølga på byrjinga av 1900-talet blei dei klassiske pinserørslene oppretta. Ofte seier ein at denne bølga byrja i USA, men nyare forsking viser at ho kan ha hatt mange "byrjingar" ulike stader i verda. I dag utgjer denne gruppa cirka 124 millionar menneske frå heile verda (Johnson, 2020). Assemblies of God og Church of God in Christ er to globale pinserørsler med utspring i USA. Pinserørsla i Noreg er òg ei klassisk pinserørsle.

Gammalt, slitt gruppebilete i svart-kvitt med ei blanding av både svarte og kvite, kvinner og menn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den andre bølga

Den neste bølga byrja i 1960 innanfor delar av dei store klassiske kyrkjesamfunna som dei lutherske, katolske, ortodokse og anglikanske kyrkjene. Denne gruppa er på cirka 268 millionar menneske (Johnson, 2020). I Noreg er OASE-rørsla eit døme på ei karismatisk rørsle med mange medlemmer frå Den norske kyrkja.

Den tredje bølga

Den tredje bølga kom i form av skipinga av ei rekke sjølvstendige karismatiske kyrkjer og kyrkjelydar frå 1980 og utover. Desse hadde ofte brote ut av dei eldre pinserørslene eller dei klassiske kyrkjesamfunna. Ofte ønskte dei andre former for organisering eller å vektlegge andre sider ved spiritualiteten. Denne gruppa utgjer cirka 253 millionar menneske frå heile verda (Johnson, 2020). I Noreg er Oslo Kristne Senter eit døme på ein slik kyrkjelyd.

Nyare rørsler

Det finst òg nyare rørsler som Hillsong, som er meir eller mindre knytt opp mot dei klassiske pinserørslene. I mange land, inkludert Noreg, finn vi òg ei rekke immigrantkyrkjelydar og internasjonale kyrkjelydar. Nokre av desse vil anten vere tilknytta ei klassisk pinserørsle eller ei nyare karismatisk rørsle.

Hillsong

Hillsong er eit døme på ei moderne pinsekarismatisk rørsle. Musikk er viktig for Hillsong, og dei appellerer spesielt til unge. Under kan du sjå klipp frå den årlege Colour-konferansen deira, som er retta mot kvinner og blir halden fleire stader rundt om i verda. I klippet ser vi at Hillsong arrangerer store show med musikk, dans, ulike visuelle effektar, taler og bønn. Klippet varer i tre minutt.

Undersøk

Hillsong har i dei siste åra vore ramma av fleire skandalar som har ført til at fleire norske kyrkjelydar har meldt seg ut av den globale rørsla Hillsong Church. Undersøk nærare kva som har skjedd.

Kva kjenneteiknar pinsekarismatisk åndelegheit?

Denne lista er basert på Russel P. Spittler sine fem pentekostale verdiar (Spittler, s. 1096–1102, 2003). Ikkje alle pinsekarismatikarar vil kjenne seg igjen i alt, og somme vil kanskje berre kjenne seg igjen i eitt eller to punkt. Nokre av punkta vil òg kristne som ikkje identifiserer seg som pinsekarismatiske kjenne seg igjen i.

  • Den individuelle erfaringa av Gud: Den daglege relasjonen til Gud og samtalen eller bønna med Gud er viktig. Den er ikkje nødvendigvis kjensleprega, men personleg. Første gongen nokon gjer ei slik erfaring, blir det gjerne kalla frelse eller omvending og inneber som regel ei erkjenning av synd, bønn om tilgiving og ei vedkjenning av Jesus som Herre. Denne erfaringa er ikkje nødvendigvis knytt til dåp med vatn.

  • Erfaringa av ein åndsdåp, åndens dåp, dåpen i Den heilage ande eller fornying av ånda er sentral for denne forma for kristendom. Det er ei personleg åndeleg erfaring av Den heilage ande og er ikkje ein dåp med vatn. Dåpen blir gjerne knytt opp til erfaringane dei første kristne gjorde i Apostelgjerningane 2. Erfaringa blir forstått litt ulikt frå tradisjon til tradisjon, men blir som regel kjenneteikna som ei erfaring av Gud som gir glede, kjærleik, nærleik, tungetale eller andre nådegåver. Somme erfarer åndsdåpen ved at ein annan kristen legg hendene sine på dei og ber for dei. For dei klassiske pinserørslene er dette ei erfaring som kjem etter eller i samband med frelsa.

  • Trua på at nådegåvene er tilgjengeleg og til bruk for alle kristne.

  • Sterk tru på Bibelens autoritet: Bibelen er viktig, og gjennom å lese han kan ein erfare at Gud snakkar til ein, få hjelp til løysingar på utfordringane i livet og finne retningslinjene for korleis ein skal forme/vere ei kyrkje.

  • Munnleg tradisjon: pinsekarismatiske kyrkjelydar/kyrkjer har ofte ein liten skrifttradisjon. Tradisjon rundt verdiar, åtferd, liturgi, styreform og uttrykk blir vidareført munnleg. Derfor kan tradisjon prøvast og bli vidareført eller forkastast ved nye generasjonar.

  • Spontanitet: I mindre grupper kjem ofte spontane ønske, reaksjonar eller deltaking meir til syne. Dette kan vere litt kulturelt fundert. I større grupper er det òg vanleg at nokon vil løfte hendene som eit uttrykk for glede, stadfesting på tru eller tilbeding til dømes når det blir sunge songar. Openheita for det spontane har endra seg over tid frå eit svært spontant uttrykk i gudstenestene til kyrkjer som meir detaljplanlegg.

  • Trua på ei åndeleg verkelegheit, ein himmel, eit evig liv, og at Jesus skal komme igjen: Fokuset på Jesu attkomme var veldig viktig tidleg i dei klassiske pinserørslene, og ein knytte åndsdåpen og nådegåvene til tanken om at ein lever i perioden rett før Jesus kjem igjen.

  • Det allmenne presteskapet: Alle kristne kan fortelje andre om Gud, erfare Gud, be for sjuke og velsigne andre. Somme vil òg tenke at alle kristne kan formidle dåp og nattverd.

  • Misjon: Ønske om å fortelje om Gud eller/og tene, vere til hjelp for medmenneske eller lokalsamfunn. Eit av poenga med åndsdåpen, slik mange ser det, er å bli rusta til å tene andre. Nokon har derfor eit sterkt samfunnsengasjement som til dømes Pinserørsla si drift av rusomsorg mellom anna gjennom Evangeliesenteret.

  • Lovsong og songar om eller til Gud pregar ofte store delar av pinsekarismatiske samlingar. Songar til Gud kan òg kallast tilbeding. Sjanger, form og uttrykk er ofte prega av kultur og alderssamansetning. Her finst det store variasjonar, men ein del er i dag inspirert av popmusikksjangeren. Trua på at Gud kjem nær og kan erfarast når det blir lovsunge, kjenneteiknar òg denne forma for kristendom.

  • Trur på treeininga, men er kristosentrisk: Kristus, altså Jesus og namnet Jesus står sentralt. Dei aller fleste pinsekarismatiske kyrkjer og rørsler trur på treeininga, men det finst enkelte unntak.

Tungetale

I den bibelske forteljinga frå Apostelgjerningane lova Jesus disiplane at dei skulle få kraft til å fortelje om han og gjere dei tinga han hadde gjort når Den heilage ande kom over dei (Apg 1:8). I forteljinga om pinsedagen får disiplane og mange fleire Den heilage ande (Apg 2.). Resultatet var at dei fekk fortelje om Gud til folk frå ulike land på språk dei sjølv aldri hadde lært – dei talte i tunger.

Maria og disiplane til Jesus har eld over hovuda sine. Dei ser opp mot ei due, som representerer Den heilage ande. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tungetale blir forstått som to eller tre gåver: Den første er eit personleg språk som kan brukast til å snakke eller synge til Gud med. Personen forstår ofte ikkje sjølv kva som blir sagt. Det er ein kommunikasjon mellom det inste i mennesket (somme kallar det ånda i mennesket) og Gud. Gjennom denne samtalen kan den kristne igjen erfare dei elementa som blei knytte til åndsdåpen: glede, kjærleik og nærleik til Gud.

Tungetalen blir brukt til å styrke eige trusliv (sjå 1.kor 14, 1–4). Den andre forma for tungetale kan ein av og til observere i pinsekarismatiske forsamlingar. Då vil eit menneske, som har denne gåva, som regel be om ordet og seie nokre ord eller frasar til heile forsamlinga på eit språk vedkommande ikkje forstår. Så vil eit anna menneske, som Gud gir evna til å forstå kva som blir sagt, reise seg og tolke det som blei sagt.

Det er litt ulikt korleis dette ser ut i ulike forsamlingar, men ofte vil den som leier forsamlinga forklare det som skjer, slik at det ikkje skal opplevast skummelt for dei som aldri har sett eller høyrt det før. Den siste forma liknar mest på det som skjedde i Apostelgjerningane 2. Den som får denne forma for tungetale, kan snakke eit språk dei ikkje har lært, men som andre kan stadfeste er eit forståeleg språk.

Den norske pinserørsla

I 1906 førte pastoren Thomas Ball Barratt pinsevekkinga til Noreg. Den første pinsekyrkjelyden i Europa blei stifta i Skien i 1908 og bestod hovudsakleg av tidlegare baptistar. Baptismen er mykje eldre enn dei pinsekarismatiske kyrkjesamfunna, men dei har enkelte ting til felles. Til dømes har begge eit baptistisk dåpssyn, det vil seie at dei ikkje praktiserer barnedåp, men dåpen til truande.

Pinserørsla i Noreg er i dag ein organisasjon med cirka 51 000 medlemmer, og dei tilhøyrande er fordelte på cirka 400 kyrkjelydar (Aakre, spesialrådgivar i Pinserørsla, 2022). Kyrkjelydane eller kyrkjene i pinserørsla er sjølvstendige og sjølvstyrte. Leiinga i kyrkjene er valde demokratisk. Kyrkjelydsleiarane for kyrkjelydane samlast til lokale og sentrale samlingar, der det kan bli gitt både oppmodingar og råd til kyrkjelydane. Pinserørsla har eit styre med ein leiar og ein dagleg leiar.

Små barn og spedbarn blir barnevelsigna i pinserørsla, men sjølve dåpen skjer når den som trur, sjølv gir uttrykk for eit ønske om å bli døypt. Modnad, alder og evne til å ta eit sjølvstendig val blir vurdert, men det er ikkje uvanleg at dei som blir døypte, er i alderen 11–15 år. Pinsekyrkjelydar tilbyr eit tverrkyrkjeleg konfirmasjonsundervisnings-opplegg kalla Tentro. Her treng ein ikkje vere døypt eller bli døypt for å delta eller vere med på avslutningsseremonien. I tillegg driv pinserørsla barnehagar, grunnskular, vidaregåande skular, folkehøgskular, bibelskular, ein høgskule (saman med baptistane), mediearbeid, rusomsorg og diakonalt arbeid.

Kjelder

  • Johnson, T. M. (2020) Counting Pentecostals Worldwide. I M. Wilkinson, C. Au, J. Hustein og T.M. Johnson (Red.), Brill's Encyclopedia of Global Pentecostalism Online. Henta 13. juni 2022. http://dx.doi.org/10.1163/2589-3807_EGPO_COM_042780

  • Spittler. R. P. (2003) Spirituality, Pentecostal and Charismatic. I Stanley M. Burgess og Eduard M. Van der Maas (Eids revised and expanded edition) The International Dictionary of Pentecostal and Charismatic Movements (p. 1096–1102). Zondervan.

CC BY-SASkrive av Kristina Undheim.
Sist fagleg oppdatert 08.08.2022

Læringsressursar

Kristendommen