Hopp til innhald

Fagstoff

Kristendommen – åndelegheit og oppleving

Kristendommen handlar ikkje berre om tru og handling, men også om åndelege opplevingar og relasjonen ein har til Gud og andre menneske.
Foto av ei kvinne som sit på huk framfor ein kross.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kristendommen har ein rik og lang tradisjon for opplevingsorienterte retningar og individ. Slike kristne retningar eller enkeltindivid har ofte fått nemninga åndelege eller spirituelle, fordi dei fokuserer mest på åndelege opplevingar. Nokre kjende døme er ørkenfedrane i antikken, Frans av Assisi og Hildegard von Bingen frå mellomalderen, hesykastane i austkyrkja, kvekarsamfunnet frå tidleg nytid og karismatiske kristne i vår tid.

Ei haldning blant mange kristne i dag er at det finst fleire måtar å tilbe Gud på. Det sentrale er å ha ein djup personleg relasjon til Gud og Jesus. Den vanlegaste måten å dyrke ein slik relasjon på er gjennom bøn – både aleine, i kyrkja under gudstenesta – og for spesielt interesserte også via fordjuping i dei mange ulike formene for bøn.

For betre oversikt kan vi dele kristen åndelegheit inn i fire ulike typar kristendom: rituell, kontemplativ, diakonal og karismatisk (Grasaas, 2015). Alle desse går under ein breiare kategori som vi kan kalle for kristen mystikk.

Rituell kristendom

Rituell eller estetisk kristendom legg vekt på sakramenta, rituala, liturgi, symbolhandlingar, arkitektur og kunst i ei form som tilfredsstiller sosiale og estetiske behov. Døme inkluderer den katolske messa og den ortodokse gudstenesta, som er svært ritualistiske. Bruk av ikon i gudstilbedinga i ortodoks kristendom er eit anna kjent døme.

Måleri av tre englar som sit rundt eit bord.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kontemplativ kristendom

Kontemplasjon (lat. contemplatio) betyr i kristen samanheng fordjuping i bøn. Kontemplative kristne vektlegg det indre åndelege livet gjennom bøn og meditasjon. Dei søkjer ei indre stille som gir rom for gudserfaring og djupare relasjonar både til det guddommelege og andre vesen. Ved å trekkje seg attende frå samfunnet og kvardagslivet over kortare eller lengre tid, til dømes på retreater, kan denne typen åndelegheit utforskast og styrkjast. Det er også mange kristne som praktiserer kontemplasjon i kvardagen i form av kontemplative øvingar.

To døme på kontemplative øvingar er Jesusbøna og sentrerande bøn. Jesusbøna er ei blanding av bøn, meditasjon, pusteteknikkar og resitering og fokus på frasa «Herre Jesus Kristus, Guds Son, ha nåde over meg, ein syndar.» Denne praksisen oppstod i austkyrkja, dvs. i ortodoks tradisjon, blant hesykastane. Hesykasme er ein kontemplativ tradisjon i gresk-ortodoks kristendom med stor påverknad. Tradisjonen vektlegg at mystisk bøn, slik som Jesusbøna, kan føre til direkte gudsopplevingar.

Sentrerande bøn er ei moderne gjenoppdaging av kontemplative former for bøn frå katolsk tradisjon. Her blir det å vere til stades, indre stille og open konsentrasjon vektlagd. Målet er å klargjere menneske for Guds nærvær gjennom stille.

Måleri av ein sirkel omgitt av vengjer og eit gapande monster, fylt med ulike symbol. Under sirkelen sit ei nonne i eit hus.

Tre av dei mange døma på kontemplativ kristendom er:

  • Ørkenfedrane frå antikken, som trekte seg vekk frå samfunnet, vigde livet til Kristusetterfølging i øydemarka, la grunnlaget for klostervesenet og utarbeidde mange av dei kontemplative øvingane, slik som Jesusbøna.
  • Hildegard von Bingen, benediktinarnonna og den kristne kvinna med størst påverknad i høgmellomalderen, som mottok visjonar, komponerte musikk og gav råd til keisarar og pavar.
  • Kvekarsamfunnet, som vektlegg at alle menneske kan oppleve eit indre lys, ein metafor for Guds nærvær i alle menneske. Dette kan dei blant anna oppleve gjennom bøn.

Diakonal kristendom

Diakonal eller handlingsorientert kristendom vektlegg at gudserfaring kan skje gjennom gode handlingar og gjennom eit sosialetisk forpliktande liv. Diakon betyr tenar på gresk, og generelt er det nemninga vi bruker på ein person som tenestegjer i ein kyrkjelyd. Men det kan også bety ein kristen som vier seg til miskunnsarbeid, som til dømes sjukepleieteneste, å forbetre dei fattige sine kår eller å løyse andre sosiale og politiske problem.

Særleg i latinamerikansk frigjeringsteologi, der kristendom forståast som frigjering frå urettferd og undertrykking, er dette viktig. Opplevinga av Gud skjer i møtet med dei fattige og marginaliserte og i den kristne sitt kjærleiksarbeid overfor desse.

Foto av ein mann i prestekjole som held tale framfor eit stort publikum.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Andre liknande døme på handlingsorientert kristendom er Frans av Assisi og kvekarane sitt samfunnsengasjement. Frans av Assisi grunnla fransiskanarordenen, som etterfølgjer Kristus via fattigdomsidealet og miskunnsarbeid. Frans vektla at kristne må hjelpe alle vesen, inkludert dyr, og praktisere nåde og miskunn overfor dei utstøtte i samfunnet, slik som fattige, sjuke, tidlegare kriminelle, heimlause, etc.

Kvekarsamfunnet, også kalla Vennenes Samfunn, har historisk og i dag stått i fronten for sosiale reformer, slik som forbod mot slaveri, universal røysterett, antikrigsaktivisme, fengselsreformer og rettane til seksuelle minoritetar.

Karismatisk kristendom

Karismatisk kristendom omhandlar den kjenslemessige nærleiken til Gud, lovprising av Gud, spesielle nådegåver og ofte uvanlege ytringsformer som følgje av desse. Det er særleg åndsdåp, tungetale, profeti om framtida og læking ved bøn som er dei viktigaste opplevingane for karismatikarar. Desse fenomena blir rekna som nådegåver frå Gud og direkte erfaringar med Den heilage ande.

Den viktigaste karismatiske rørsla i dag er definitivt pinserørsla, som er blant den raskast veksande forma for kristendom i verda.

Foto av ein forsamling som står vendt mot ein scene og strekkjer armane i veret.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kristen mystikk

Desse fire formene for kristen åndelegheit er døme på kristen mystikk. Kristen mystikk er haldninga om at Gud og den yttste verkelegheita kan opplevast direkte, anten spontant eller som resultat av bestemte førebuingar. Desse førebuingane inkluderer kontemplativ og rituell praksis og korleis ein lever og behandlar andre.

Fleire av formene går over i kvarandre, slik som hos kvekarsamfunnet og fransiskanarane, som både vektlegg kontemplasjon og kjærleiksarbeid.

Viktige omgrep

  • åndeleg/spirituell
  • rituell
  • kontemplativ
  • diakonal
  • karismatiske kristne
  • kristen mystikk

Relatert innhald

Kjelder

Grasaas, Anne-May (2015, 27. juli). Presten som formidler av spiritualitet. Dagen. Hentet frå http://www.dagen.no/

CC BY-SASkrive av Knut Dæhli.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Kristendommen