Hopp til innhald

Fagstoff

Kristendommen – estetiske uttrykk

På 700-talet var kristendommen prega av ein bildestrid som har sett sitt preg på kristen kunst fram til i dag. Her får du smakebitar på nokon av dei vanlegaste motiva i kristen kunst.
Eit ikon som viser Madonna med Jesusbarnet på fanget. Ved sida av henne står to helgenar, og bak henne står to englar. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bildestriden

I klostera i Austromarriket blei det tidleg i kristendommen si historie produsert ei mengd ikon (gresk for «bilete», blir helst brukt om teologiske bilete skapt innanfor ein kyrkjeleg tradisjon). Då keisaren (Leo 3) i 730 forbaud bilete i kyrkjene, innleia han ein hundreårsperiode kalla «biletstormen» eller ikonoklasmen.

Forbodet skulle dels svekkje klostera si makt, dels motarbeide «overtru og avgudsdyrking». Kanskje var det også inspirert av korleis den nye religionen islam handheva forbodet. På eit kirkemøte i Nikea i 787 blei likevel biletforbodet avvist. Eit fleirtal av biskopane viste til den respekterte teologen Johannes frå Damaskus (d. ca. 750) og peikte blant anna på fire årsaker til å behalde ikona:

  1. Dei representerte ein godt innarbeidd praksis.
  2. Jesus er «utstrålinga av Guds herlegdom og avbilda av hans vesen» (Hebr, 1:3). Ved å betrakte Jesus kunne ein betrakte Gud.
  3. Gud har ikledd seg ein kropp. Etter sin fødsel (inkarnasjon) er han ikkje lenger usynleg.
  4. Eit bilete kan fungere som eit symbol og gjer nærverande det som blir symbolisert . Gud vel sjølv kva slags symbol. Han kan vere like nærverande i nattverdsbrødet som i Ordet eller ikonet.

Jesus

Jesus er det viktigaste motivet i kristen kunst. I byrjinga blei han framstilt som pantokrator («allherskar»), ein dommedagsskikkelse med strengt blikk og lovbok, samt ein gest der to fingrar betydde at han hadde to naturar: sann Gud, og sant menneske. Etter kvart kom fleire motiv til, blant anna eit påskemotiv der Jesus har trampa ned dørene til «Dødsriket» og reiser opp Eva og Adam. Det er eit godt døme på korleis biletkunst på ein annen måte enn forteljing kan gjere det same teologiske poenget tydeleg.

Elles er krusifikset (Jesus på korset) det vanlegaste Jesus-motivet, blant anna fordi det heng bak alteret i så å seie alle katolske kyrkjer. I løpet av middelalderen endra det typiske krusifikset seg på ein måte som reflekterer endringar i dei kristne sitt forhold til Jesus. Dei eldste krusifiksa blir kalla «kongekrusifiks» fordi Jesus står oppreist med opne auge og krone på hovudet. Han er kongen som ikkje kan døy. Den nye forma blir kalla «lidingskrusifiks» fordi Jesus her ber ei tornekrone mens han lir ein smertefull død. Den kristne fromheita retta seg i større grad enn før mot mennesket Jesus – «smerta sin mann».

Nokre andre personar og motiv frå Bibelen

Maria, mor til Jesus, er den viktigaste kvinna i kristen mytologi. Ho er sentral i Det nye testamente, og i litt yngre tekstar blir ho ei «himmeldronning», som i kunsten kan framstillast som ei slags gudinne.

Kristent forstått er ho først og fremst teotokos («Guds mor»). Ho blir avbilda med og utan barnet sitt, og i to faste motiv står hun sørgjande ved Jesu kors: I det eine saman med Johannes Døyparen, som skil seg ut fordi han er så uflidd, i det andre saman med apostelen Johannes, som ifølgje legenda budde saman med jomfru Maria som ein ny son etter Jesu død. Ja, ho overtok til og med Jesus sin plass i det tradisjonelle pinseikonet, der dei tolv apostlane 50 dagar etter påske tek imot Den heilage ande i form av eld. Det same gjeld Paulus, som ikkje var ein av dei tolv, men som blei forstått som så viktig at han fekk denne plassen i kunsten.

Det er interessant at kristen kunst hentar like mange motiv frå Det gamle testamentet som frå Det nye. Det heng saman med at Det gamle blei forstått som allegorisk; alt som blir fortald der, er eigentleg forvarslar på det som skulle skje når Jesus kom. Gamle, jødiske forteljingar blei lese som parallellar til dei nye, kristne. To døme er syndfloden som eit bilete på den kristne dåpen, og profeten Jona i kvalfiskens buk som er frampeik på Jesu død og oppstode. Eit storstilt døme på denne lesemåten er takmåleriet i Det sixtinske kapell i Roma.

Her kan du utforske Det sixtinske kapell i 360. Zoom inn og sjå på detaljane.

Måleri som framstiller dei fire evangelistane – Matteus, Markus, Lukas og Johannes. Evangelistane sit på kvar sin stol og held ein open rull med tekst. Over Matteus er eit menneske med venger, over Markus er ein løve med venger, over Lukas er ein okse med venger og over Johannes er ei ørn. Kunst.

Nok eit døme er dei fire evangelistane, Matteus, Markus, Lukas og Johannes, som tidleg ble framstilte som skrivande menn, Lukas også som målar, då han blei sett som den første ikonmålaren. Det blei etter kvart vanlegare å avbilde dei som fire «livsvesen», inspirert av beskrivingane i det første kapittelet hos profeten Esekiel: menneske eller engel, okse, løve og ørn. Desse symbola har gått igjen i norsk kyrkjekunst, då dei særleg har smykke preikestolar, som jo er viktigare i protestantiske land enn i katolske.

Vidare

Den kristne kunsten har i periodar både utvida og innsnevra repertoaret sitt. Under renessansen fann mange endringar stad, men dei grunnleggjande motiva blei verande dei same.

Viktige omgrep

  • ikon

  • «biletstormen» / ikonoklasmen

  • Kristus pantokrator

  • krusifiks

CC BY-SASkrive av Geir Winje.
Sist fagleg oppdatert 19.06.2019

Læringsressursar

Kristendommen