Hopp til innhald

Fagstoff

Kristendommen – organisering

Dei to viktigaste institusjonane til kristendommen er kyrkja og klosteret. Desse har hatt ei enorm betyding for utviklinga av europeisk kultur og politikk. Den katolske kyrkja og dei ortodokse kyrkjene er toppstyrte og hierarkiske. Dei protestantiske kyrkjene har meir variasjon i styreform.
Fronten av katedral i gotisk stil med to tårn, helgenstatuar og rundt glasmåleri i sentrum. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kyrkja

Ordet kyrkje betyr i kristen samanheng tre ting: Det omfattar ein bygning som blir brukt i kristne gudstenester. Det viser til dei mange kristne trussamfunna – Den katolske kyrkja, Dei ortodokse kyrkjene, og liknande. Og det blir brukt generelt om det overordna trusfellesskapet som alle kristne er medlemmar av, uavhengig av trussamfunn.

Dei første hundreåra e.Kr. fantes det ingen sentralstyrt kyrkjeorganisasjon som bestemte over alle kristne. I staden fanst det eit enormt mangfald av ulike kyrkjer, eller kristendommar, som hadde ulike syn på kven Jesus Kristus var, og kva som var rette bodskapen hans. Dette endra seg i løpet av 100-talet. Då blir tankar om bispeembetet gradvis meir framståande. Ein biskop betydde ein autoritetsfigur som skulle vere overhovud over ei kyrkje i eitt bestemt område, kunne avsetje prestar, og utvise folk frå kyrkja.

På 300-talet tek den katolske kyrkja form som ein fast institusjon. Fire samtidige prosessar blir avgjerande for dette: utviklinga av bispeembetet som er nemnt over, einigheit om ei felles truvedkjenning (år 325), fastsetjinga av innhaldet i Det nye testamentet (år 367), og at kristendommen blir statsreligion i Romerriket (år 391).

At kyrkja blir ein del av statsapparatet betyr at leiarane i kyrkja får ei stadig større politisk rolle i samfunnet. Det betydde også ei stor forandring for kristendommen. Frå å ha vore ein marginal privat organisasjon som fokuserer på den åndelege verda, hamnar kristendommen i det politiske maktsentrumet i dåtidas Europa, med fokus på den verdslege verda. Ei motvekt til den politiske utviklinga i kyrkja på denne tida blei klostervesenet.

Klosteret – ei skjerma verd

Bygning på toppen av ein klippa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ordet kloster kjem frå det latinske ordet claustrum, som betyr «avlukke». Heilt sidan 200-talet har somme kristne valt å leve eit liv i enkelheit, bøn, forsaking av materielle godar og i isolasjon frå samfunnet, for å førebu seg til det evige livet.

Dei første klostersamfunna dukka opp i Egypt og Syria på 300-talet blant munkar og nonner som levde i ørkenen – derfor blir desse kalla Ørkenfedrane og Ørkenmødrene. Idealet til klosterbebuarane var kristusetterfølging, som betyr å leve eit strengt, asketisk liv med Jesus som eksempel. Asketisk betyr at ein avstår frå luksus, materielle godar og sanselege freistingar.

Før ein blir ein fullverdig medlem av eit kloster, må ein først vere lærling, eller novise, i nokre år. Når ein er blitt ein del av klosterfellesskapet, som munk eller nonne, må ein love å lyde sin overordna og følgje klosterreglane. Lydnad, audmjuke, disiplin, seksuelt fråhald og nestekjærleik er viktige dydar.

Vi har to typar kloster. Den eine typen er innovervend. Der lever munkar og nonner mest mogleg skjerma frå kontakt med omverda. Det dei har felles med den andre gruppa, den utovervende, det vil seie dei som deltek i samfunnet, er tidebønene. Tidebønene er dei faste fem bønestundene munkar og nonner har i klosteret kvar dag.

Dei som arbeider utanfor klosteret på dagtid, blir ofte engasjerte som lærarar, prestar eller helsearbeidarar. Dei fleste skular og universitet i Europa blei etablerte ved hjelp av kristne som hadde valt å tre inn i klosterfellesskapet. Katedralskulane i Oslo, Bergen og Trondheim er døme på slike skular, og dei har røter attende til mellomalderen.

Klosteret fungerte som kunnskapssenter i mellomalderen. Her blei bøker studerte, kopierte, omsette og oppbevarte i etter kvart svært omfattande bibliotek. Dei gav også større spelerom for kvinner sine moglegheiter i form av utdanning og nettverksbygging.

Klostervesenet hadde stordomstida si i mellomalderen. Klostervesenet fanst først og fremst i den katolske og den ortodokse kyrkja. Under reformasjonen forsvann klostervesenet i praksis på under 50 år frå store delar av Nord-Europa som følgje av Luther og andre protestantar sin kritikk. Dei kritiserte klostervesenet for blant anna å mangle forankring i Bibelen. Men sidan 1900-talet har det skjedd ei oppblomstring av nye typar klosterrørsler innan protestantiske grupper.

Maktstruktur

Den katolske kyrkja står i særstilling på grunn av pavedømmet. Paven er Romas biskop, blir sett på som etterfølgjar av apostelen Peter, og er øvste leiar av den romersk-katolske kyrkja. Han står over alle andre katolske biskopar, kardinalar og prestar. Han har det siste avgjerande ordet viss det er usemje blant katolikkar om kristen lære eller praksis.

Pave Frans vinkar til folket iført kvit kappe og kvit kalott. Omgitt av kardinalar kledd i svarte kapper med raude band. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei ortodokse kyrkjene blir leia av patriarkar, som betyr kyrkja sin øvste leiar. Dei ortodokse kyrkjene er stort sett autokefale, som betyr at dei kan velje sine eigne øvste leiarar – dvs. patriarkar eller erkebiskopar. Derfor finst det ikkje éin, men mange patriarkar som har ansvar for ulike kyrkjer, slik som patriarken i Moskva og patriarken i Konstantinopel (dagens Istanbul), leiarane for høvesvis den russisk-ortodokse kyrkja og den gresk-ortodokse kyrkja.

Protestantiske kyrkjer praktiserer anten lokalt sjølvstyre, sentralstyring, eller statskyrkjeordninga, der kongen også er kyrkja sin øvste leiar. I Noreg var Den evangelisk-lutherske kyrkja statsreligion i 480 år, frå 1537 til 2017.

Katolikkar, ortodokse og somme protestantiske kyrkjer legitimerer synet på ein øvste leiar av kyrkja med omgrepet apostolisk suksesjon. Dette omgrepet betyr oppfatninga om at det finst ei ubroten rekkje frå noverande leiar (anten det er paven, patriarken eller andre) heilt attende til apostlane si tid, kor kvart ledd har teke imot myndigheita si frå forgjengaren sin.

Viktige omgrep

  • kyrkje
  • biskop
  • kloster
  • asketisk
  • pave
  • patriark
  • autokefal
  • apostolisk suksesjon
CC BY-SASkrive av Clemens Saers og Knut Dæhli. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Kristendommen