Hopp til innhald

Fagstoff

Ortodoks kristendom

Den ortodokse kyrkja er eit av det eldste kyrkjesamfunna i verda og består av mange sjølvstyrte kyrkjer som deler lære og liturgi. Bruk av ikon og asketisk trening kjenneteiknar ortodoks kristendom.
Kyrkjespir med løkforma kuplar og kors med tre tverrbjelkar. Kyrkja er i fargane brunt og lysegrønt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kristendommens tredje største retning, den ortodokse kyrkja, tel omtrent 300 millionar tilhøyrarar i dag. Kjerneområdet for ortodoks kristendom er i den austlege delen av Europa, nærare bestemt Russland, Ukraina, Romania, Serbia, Hellas, Bulgaria, Georgia og Moldova.

Ifølge Statistisk sentralbyrå (SSB) har medlemskap i den ortodokse kyrkja i Noreg auka frå 8500 medlemmer i 2010 til over 28 500 i 2020. Mange ortodokse er ikkje registrerte, så dei reelle tala er truleg betydeleg høgare. Dermed er den ortodokse kyrkja eit av dei raskast veksande trussamfunna i Noreg.

I den ortodokse kyrkja er trua på treeininga og helgenar svært lik katolsk kristendom. Men det som er særeigent med den ortodokse kyrkja, er rituala, bruken av ikon, fokuset på mystikk og guddommeleggjering, den heilage tradisjonen og kyrkjeorganiseringa.

Organisering

Det finst ingen øvste leiar over den ortodokse kyrkja. Kyrkja er desentralisert og delt opp i lokale kyrkjer med eigne leiarar. Desse lokale kyrkjene blir delte inn i to typar: autokefale og autonome. Ei autokefal kyrkje har fullt sjølvstyre og vel sitt eige overhovud. Ei autonom kyrkje har stor grad av indre sjølvstyre, men er underlagt ein av dei autokefale kyrkjene. I 2022 finst det 14 autokefale ortodokse lokalkyrkjer. Dei mest kjende er den ortodokse kyrkja i Konstantinopel og den russisk-ortodokse kyrkja.

Pave Frans og pariark Bartholomeus I av Konstantinopel går ved sida av kvarandre. Paven har ei kvit kappe og kvitt hovudplagg. Patriarken har ein overdel i raudt og gull med svart kappe over og svart hovudplagg. Dei er omgitte av menn med svarte kapper. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei fleste leiarane av dei ortodokse kyrkjene har tittelen patriark. Patriarken av Konstantinopel (dagens Istanbul) har av historiske grunnar tittelen økumenisk patriark, som betyr at han har høgast rang blant dei ortodokse kyrkjeleiarane og kan anerkjenne nye lokalkyrkjer autokefal status. Patriarken av Konstantinopel blir rekna som primus inter blir para, latinsk for "den fremste blant likemenn".

Eldre mann med skjegg og religiøst hovudplagg snakkar med Russlands president Vladimir Putin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lære og oppleving

Ortodoks betyr "rettruande", men kan òg omsetjast til "rett lovprising". Dette heng saman med at kyrkja ser seg sjølv som forvaltar av den rette kristne læra og den korrekte gudstilbedinga frå byrjinga til kristendommen til i dag. To særeigne trekk med ortodoks lære er den heilage tradisjonen til kyrkja og omgrepet theosis.

Kjernen av ortodoks lære blir ofte omtalt som "den heilage tradisjonen". Dette er ikkje det same som dei mange lokale tradisjonane som finst i ulike ortodokse land, men heller tradisjonen som er felles for heile Kyrkja. Denne felles tradisjonen er basert på Bibelen, truvedkjenninga, læresetningar og avgjerder vedtekne av kyrkjeleiarane gjennom historia. Tradisjonen blir rekna som autoritativ og dynamisk – noko som er absolutt gjeldande, men som kan omformulerast og tilpassast ved behov viss alle kyrkjeleiarane kjem til einigheit. Tradisjonen er ikkje eit einskapleg system som er skrive ned, men blir rekna som noko levande som berre er tilgjengeleg via mystikk og innleving.

Kristen mystikk, altså direkte opplevingar av Gud, står sentralt i ortodoks kristendom. Theosis betyr guddommeleggjering og er eit viktig mål for ortodokse kristne. Via eigeninnsats og Guds hjelp og nåde kan eit menneske bli stadig meir lik Gud slik han openberra seg i Jesus. Åndeleg trening (askese) slik som bønn, faste, meditasjon og lesing av Bibelen blir ikkje berre utført av ortodokse munkar og nonner, men òg av lekfolk. Regelmessig deltaking i ritual er vegen til frelse i ortodoks kristendom.

Ritual og den materielle dimensjonen

Den ortodokse gudstenesta er forskjellig frå protestantiske eller katolske gudstenester. Under nattverden skal alle sansar aktiverast. Det blir alltid brukt røykelse, òg på kvardagar, og det er vanleg å stå under mesteparten av gudstenesta av respekt for Guds nærvær. Heile mennesket skal involverast i gudstenesta – tankane, kjenslene og kroppen.

Videoen under er frå ei minnegudsteneste i ei russisk-ortodoks kyrkje i Jordanville i USA. Her blir det vist korleis sansane blir aktiverte gjennom bruk av røykelse, bilete på ikonostasen (biletveggen) i bakgrunnen, og ein kan høyre vakker, fleirstemd song. Dei som har spesielle roller under gudstenesta, er ikledde utsmykka kapper. Alle står og syng.

Dei viktigaste kyrkjelege rituala – sakramenta – blir kalla "heilage mysterium" i ortodoksien, og etter påverknad frå den katolske kyrkja reknar ein med sju kyrkjelege handlingar som sakrament. Desse er dåp, myrrasalving, nattverd, skriftemål, ektevigsel, ordinasjon og sjukesalving.

Myrrasalving blir òg kalla krismering etter det greske ordet for salve og blir gitt rett etter dåpen. Også skriftemål skil seg frå den katolske kyrkja. Det blir ikkje brukt lukka skriftestolar, men presten og den som skrifter står ved sida av kvarandre utan fysiske skilje. Tilgiving blir formidla av presten saman med råd og rettleiing, og i nokre tilfelle pålegg presten åndelege botsøvingar. Sistnemnde er sjeldan, i motsetning til katolske skriftemål, der botsøvingar er ein nødvendig del av ritualet.

Bruken av ikon (kultbileta til den ortodokse kyrkja) er òg svært utbreidd. Alle kyrkjer har ikon, og det er vanleg å ha eit ikonhjørne i heimen. Dei vanlegaste ikonmotiva er av Jesus, Maria, andre skikkelsar frå Bibelen eller ortodokse helgenar. Ikona er heilage bruksgjenstandar for ortodokse, og ein kysser og bøyer seg i respekt for ikona i kyrkja. Det er òg vanleg å gå med ikonamulettar rundt halsen eller ha små ikon og kors i bilen som vern mot ulykker.

Ikon må heilaggjerast før dei blir tekne i bruk. Dette kan gjerast anten ved å ta vare på ikonet i alterrommet i ei kyrkje i 40 dagar, eller ved å legge ikonet på alterbordet under ei gudsteneste mens presten les opp bestemde bønner og stenkar dei med vigselvatn.

Gullbelagt vegg med ulike måleri av menneske med glorie. Veggen har fem portar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mangfaldet til ortodoksien

Fordi dei ortodokse kyrkjene har fleire uavhengige leiarar, finst det ulike syn på mykje, mellom anna etiske spørsmål. Det er til dømes store ueinigheiter om dødsstraff, seksualitet og kjønnsroller. Patriark Bartholomeos skriv:

Den ortodokse kirke har ikke én bestemt holdning den prøver å fremme i (..) moralske spørsmål. (..) Kirken ønsker i stedet til alle tider å understreke hver persons hellighet, siden vi er skapt i Guds bilde.

Om spørsmål vedrørande seksualitet har patriarken i Moskva teke klar stilling til at homofili er uakseptabelt, noko som speglar utbreidde haldningar blant ortodokse i Aust-Europa.

Ifølge ei spørjeundersøking frå Pew Research Center i 2017 svarte 86 % av dei ortodokse frå landa i det tidlegare Sovjetunionen at homofili ikkje kan aksepterast. Men blant dei ortodokse i Hellas og USA meinte høvesvis 50 og 62 % at samfunnet må akseptere homoseksualitet.

Kjelder

Serck-Hanssen, C. (2021). Den ortodokse kirke – historie – lære – trosliv. St. Olav forlag.

Thorbjørnsrud, B.S. (2022, 28.april). Den ortodokse kirke. I Store norske leksikon. https://snl.no/den_ortodokse_kirke

Kværne, P. (2017, 23.mai). Athos – munkerepublikk på Athos. I Store norske leksikon. https://snl.no/Athos_-_munkerepublikk_p%C3%A5_Athos

Corneil, C. F. (2020, 8. desember). Meir enn dobla medlemstal i den romersk-katolske kyrkja på ti år. Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/kultur-og-fritid/artikler-og-publikasjoner/meir-enn-dobla-medlemstal-i-den-romersk-katolske-kyrkja-pa-ti-ar

CC BY-SASkrive av Knut Dæhli.
Sist fagleg oppdatert 19.08.2022

Læringsressursar

Kristendommen