Hopp til innhald

Fagstoff

Kristendom – mytar og skrifter

Den viktigaste skrifta i kristendommen er Bibelen, som inneheld religionens sentrale forteljingar. Bibelen er den boka i verda som er omsett til flest språk og trykt i størst opplag.
Oppslått Bibel på eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bibelen

Ordet bibel betyr «ei samling av bøker». Den kristne Bibelen har blitt nedskriven over ein tusen år lang periode og er delt i to hovuddelar: Det gamle testamentet (GT) og Det nye testamentet (NT).

Fleire forteljingar frå Det gamle testamentet var i mange hundre år blitt fortalde frå generasjon til generasjon før dei blei skrivne ned. Det gamle testamentet inneheld 39 bøker og er skrive på hebraisk. Dei eldste skriftlege kjeldene til Det gamle testamentet er nokre skriftrullar som blei funne i tidsrommet 1947–56 i grotter sør for byen Jeriko. Desse tekstane er skrivne ned i tidsrommet ca. 200 f.Kr. til 70 år e.Kr.

Det er i Det gamle testamentet vi finn forteljingane om Adam og Eva, Noas ark, Abraham, Moses og dei ti boda, Jeremia, Jesaja og dei mange andre profetane – og kongane Salomon og David. Det inneheld også fleire visdomstekstar, slik som Jobs bok og Ordspråkene.

Det nye testamentet inneheld 27 bøker og er skrive på gresk i tida mellom år 60 og 130 e.Kr. Dei fire første bøkene handlar om Jesu liv og lære. Vi kallar dei evangelium, «den glade bodskapen». Dei andre bøkene, frå Apostlenes gjerningar til Johannes' openberring, handlar om urkyrkja og dei første kristne. Størsteparten av dei nytestamentlege tekstane er brev som er skrivne av apostelen Paulus, såkalla Paulus-brev. Desse inneheld drøftingar om kristen lære og etikk, og råd om organiseringa av ulike trussamfunn.

Utdrag frå juleevangeliet i gotisk skrift. Faksimile.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bibelen er ordna kronologisk. Det betyr at den første teksten, 1. Mosebok, startar med at Gud skaper verda og menneske. Siste bok i Bibelen, Johannes’ openberring, er ei openberring om framtida og korleis verda vil ende. Det er ei vanleg oppfatning blant kristne at delar av Bibelen er direkte inspirert av Gud, mens somme av tekstane er meir historisk beskrivande eller rein poesi.

Bibelforsking

Bibelen slik vi kjenner han i dag blei ikkje definitivt samla før 367 e.Kr. Då publiserte biskopen av Alexandria, Athanasius, ei liste, ein kanon (gr. «rettesnor»), med dagens 27 gjeldande bøker som dei autoritative tekstane i Det nye testamentet. Det fanst på dette tidspunktet mange titalls ulike tekstar brukt av ulike kristne trussamfunn. Det var betydeleg ueinigheit om kva for nokre som var ekte og viktigast. Til dømes var det mange fleire evangelium enn dei 4 bibelske, kalla apokryfe evangelier – mest kjend er Tomasevangeliet, Judasevangeliet og Maria Magdalenas evangelium.

Det fanst altså mange andre tekstar som blei skrivne av dei tidlegaste kristne som ikkje blei med i dagens bibel, sjølv om dei er frå det same tidsrommet. Kvifor somme tekstar blei med og andre blei sensurerte eller oversette, og kva for tekstar som representerer den tidligaste forma for kristendom, er døme på spørsmål som opptek bibelforskarane.

Det er likevel mykje vi ikkje veit om sjølve bibeltekstane, som byr på problem for historikarar som undersøkjer Bibelen. Vi veit ikkje sikkert kven som skreiv dei fire bibelske evangelia, fordi forfattarane valde å halde fram med å vere anonyme. Det var først etter at tekstane var nedskrivne og spreidde, at tidlege kristne grupper tilla namna Markus, Matteus, Lukas og Johannes som forfattarar av evangelia.

Det største problemet for forskarane er at vi ikkje har nokon av originaltekstane til Bibelen overhovudet. Vi har heller ikkje dei første kopia. Det vi har tilgang til, er ei rekkje kopiar av tidlegare kopiar av Bibelen, eller av enkeltståande bibeltekstar. Vi kan altså ikkje studere Bibelen slik den var, men må samanlikne ei rekkje kopiar skrivne mellom 200- og 1400-talet e.Kr.

For å gjere ting endå vanskelegare så finst det heller ingen identisk kopi av dei nytestamentlege tekstane. Av dei over 5000 greske kopiane av Det nye testamentet som er tilgjengelege i dag, er ingen av desse heilt identiske. Forskjellane er nokre gonger marginale, slik som små skrivefeil, men til tider er ulikskapane så store, at det blir viktig for historikarar å finne den eldste versjonen av teksten for å komme nærast originalinnhaldet. Forskjellane skuldast at ein måtte kopiere einkvar tekst for hand i antikken – setning for setning, bokstav for bokstav. Dette førte naturlegvis til både slurvefeil og gradvise tekstredigeringar av dei som kopierte.

Av dei fire bibelske evangelia er dei tre eldste – Markus, Matteus og Lukas – svært like. Derfor blir desse tre kalla for dei synoptiske evangelia (gr. for «sjå alt saman»). Likevel finst det tydelege forskjellar mellom desse tekstane, ikkje minst i korleis dei framstiller Jesus. Korleis ein skal forklare likskapane og forskjellane mellom desse evangela, blir kalla for det synoptiske problemet, og er truleg det mest studerte problemet i bibelforskinga.

Viktige omgrep

  • Bibelen
  • Det gamle testamentet (GT)
  • Det nye testamentet (NT)
  • evangelia
  • Apostlenes gjerningar
  • Paulus-brev
  • Johannes’ openberring
  • kanon
  • apokryfe evangelium
  • dei synoptiske evangelia
  • det synoptiske problem

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Knut Dæhli.
Sist fagleg oppdatert 23.09.2019

Læringsressursar

Kristendommen