Hopp til innhald

Fagstoff

Døden

Kva er forskjellane og likskapane mellom kristendommen og buddhismen sine syn på døden? Sjå ein mahayana-buddhist og ein katolikk snakke saman om tankane sine om liv og død.

Før du ser videoen

Kva trur du er dei viktigaste forskjellane i synet på døden hos ein buddhist og ein kristen?

Etter at du har sett videoen

  1. Korleis stemte det Nhu og Allesandro sa med det du tenkte? Var det noko som overraska deg eller som du syntest var spesielt interessant?
  2. Kva for likskapar og forskjellar er det i synet deira på døden?
  3. I ein religion er det ein samanheng mellom synet på døden og andre sider av verkelegheita. Prøv å forklare korleis Nhu og Allesandros syn på døden heng saman med synet deira på

    • Gud
    • mennesket og sjela
    • gode og dårlege handlingar
  4. Kva for betydning har synet på døden for korleis dei lever livet?
    Er det nokon ulikskapar mellom Nhu og Alessandro her?

Vidare refleksjon

Diskuter eitt eller fleire av punkta i klassen:

  • Kvifor kan det å snakke om døden vere tabubelagt?
  • Er det viktig å snakke om døden?
  • Har synet på døden noka betydning for korleis du lever livet?
CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2022

Læringsressursar

Kristendommen