Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Jesu likningar

Jesu likningar er korte og enkle forteljingar som formidlar viktige sider ved kristendommen. I denne oppgåva skal du dramatisere og tolke nokre av desse forteljingane.
Ein mann i hatt og frakk med eit esel hjelper ein mann som ligg i veggrøfta. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jesu likningar er enkle forteljingar med eitt eller eit par hovudpoeng. Mange av forteljingane har med jordbruk å gjere og viser samfunnet slik det var på Jesu eiga tid.

Likningane har ofte blitt tolka allegorisk. Det vil seie at forteljingane handlar om noko anna enn det som blir beskrive direkte. Blant dei kristne er det likevel ulike meiningar om korleis desse forteljingane skal forståast.

Oppgåve

Del klassen inn i grupper. Kvar gruppe får ein av likningane under som de skal dramatisere for klassen.

  1. Gruppa skal først dramatisere likninga så levande som mogleg. Bruk gjerne enkle rekvisittar eller kostyme.
  2. Etter framføringa skal ein eller fleire i gruppa tolke likningane for klassen. Kva trur de likninga betyr? Kva for bodskap har forteljinga?
  3. Til slutt skal ein eller fleire i gruppa forklare kva likninga kan fortelje oss om kristendommens lære og/eller etikk.

Likningar

  1. Den miskunnsame samaritanen: Lukas kap. 10 vers 25 - 37
  2. Sonen som kom heim: Lukas kap. 15, vers 11 - 32
  3. Likninga om den rike mannen og Lasarus: Lukas kap. 16, vers 19 - 31
  4. Likninga om den hardhjarta tenaren: Matteus kap. 18, vers 20 - 35
  5. Likninga om arbeidarane i vingarden: Matteus kap. 20, vers 1 - 16
  6. Likninga om dei ti brudejentene: Matteus kap. 25, vers 1 - 13
CC BY-NCSkrive av Karianne Rogndalen.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2022

Læringsressursar

Kristendommen