Hopp til innhald

Fagstoff

Kristendom – etikk

Etikken i kristendommen legg vekt på nåde, tilgiving, radikal toleranse og nestekjærleik. Sentralt står Jesus Kristus som det perfekte etiske førebiletet som den kristne burde etterfølgje.
Nonne held handa på hovudet til eit spebarn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ettersom kristendommen er den desidert største religionen i verda, har kristen etikk fått stor historisk innverknad. Fleire verdiar som omhandlar fridom, toleranse, menneskeverd og sosial rettferd har i europeisk historie blitt påverka av kristendommen. Sjølv om det finst betydeleg usemje blant dei 2,5 milliardar kristne i dag om etiske spørsmål, er dei alle einige om grunnlaget til kristen etikk. Bibelen sine etiske retningslinjer og Jesu liv og døme utgjer dette grunnlaget.

Bibelens etiske bodskap

I Det gamle testamentet – jødane sin bibel – finst det hundrevis av etiske påbod og forbod. Det er til dømes påbode å omskjere alle gutebarn og halde kviledagen heilag, men forbode å ete svinekjøtt, tatovere huda eller drepe eit anna menneske. Alle desse reglane blir kalla for Moselova, for dei skal ha blitt formidla av Gud til Moses. Dei aller fleste kristne rettar seg ikkje etter fleirtalet av desse reglane. Det som derimot alle kristne framleis rettar seg etter av Moselova, er dei ti boda.

Ein gudsskikkelse omgitt av englar overrekker to tavler med skrift til ein knelande mann på toppen av eit fjell. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei ti boda, også kjende som Dekalogen (gr. «dei ti orda»), omhandlar korleis jødar og kristne skal stille seg til Gud og til andre menneske. Dei tre første boda pålegg den kristne å tru på éin gud, respektere kviledagen og ikkje misbruke Guds namn. Resten av boda handlar om å respektere foreldra sine og ei rekkje forbod mot å drepe, stele, lyge og mot å vere utru eller sjalu.

I Det nye testamentet blir Jesus spurd av ein ekspert på Moselova om kva for eit bod som er det viktigaste. Då svara Jesus:

«Du skal elske Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all din forstand». Dette er det største og første bodet. Men det andre er like stort: «Du skal elske nesten din som deg sjølv». (Matt. 22, 37–40)

Dette blir kalla det dobbelte kjærleiksbodet og kan sjåast som ein kortversjon av dei ti boda. Her blir det lagt vekt på det å setje Gud først, men samtidig å behandle andre menneske godt.

Jesu radikale døme

Bergpreika er ein sentral tale av Jesus som står i Matteusevangeliet. Det er også ein svært radikal tekst. Fleire kristne reknar denne talen som det viktigaste uttrykket for kristen etikk og lære. Jesus, som sjølv var jøde, kommenterer og omtolkar Moselova i denne talen. Nokre gonger er han strengare, andre gonger mildare med omsyn til korleis ein skal følgje Moselova. Fleire gonger opphevar han delar av lova.

Til dømes omtolkar han strengare boda om å ikkje drepe eller ikkje bryte ekteskapet, til også å gjelde det indre kjenslelivet. Det som fører til drap og utruskap, nemleg vreide og lyst, er i seg sjølv noko ein må unngå ifølgje Jesus.

På den mildare sida opphevar han bod som omhandlar hemn, slik som det kjende «auge for auge og tann for tann», eller bodet om å «hate fiendane dine.» Jesus svarer med at ein heller skal elske fiendane sine, gjere godt mot dei som hatar, og be for mishandlarar og forfølgjarar. Kort sagt seier Jesus at ein skal gjengjelde vondskap med godheit.

Ein mann med langt hår sit på ein stein omgitt av mange menn, kvinner, barn og romerske soldatar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sentralt, og kanskje mest radikalt i heile Bergpreika, er Jesu påbod om å ikkje dømme, men tilgi andre. Viss ein skal bli tilgitt av Gud, må ein ifølgje Jesus sjølv lære å tilgi andre. På same tid er det ein samanheng mellom korleis ein bedømmer andre og korleis Gud vil dømme deg. Er du ikkje-dømmande mot andre, vil Gud vere mildare i dommen sin over deg. Ettersom ingen er perfekte, burde ein heller ikkje dømme andre ifølge Jesus.

Jesu eige liv er eit døme på det han forkynner i Bergpreika. Han levde saman med dei utstøtte og fattige i samfunnet, tilgav fiendane sine, men kravde samtidig mykje av disiplane sine med tanke på etisk sjølvdisiplin. Den radikale toleransen hans og bodskapet om nestekjærleik, tilgiving og rettferd blir best oppsummert i versjonen hans av den gylne regelen: «Alt det de vil at andre skal gjere mot dykk, det skal også de gjere mot dei. For dette er lova og profetane i éin sum.» (Matt. 7,12)

Dei sju dødssyndene

I overgangen mellom antikken og mellomalderen utviklar kyrkja ei forståing av dårlege eigenskapar som blir kalla dødssynder. Kort sagt er ei dødssynd ein moralsk disposisjon som er så alvorleg at å gjere den, garantert fører ein person til helvete, med mindre ein angrar og får tilgiving for synda.


Det er særleg i katolsk tradisjon desse dødssyndene er gjeldande. Motpolen til desse er dei sju kristne dydane, dvs. gode eigenskapar som den kristne burde dyrke og trene opp som motsvar til dei sju dødssyndene. Desse er

  1. kyskleik (reinleik)
  2. måtehald
  3. miskunn
  4. annsemd
  5. tolmod/tilgiving
  6. velvilje/godheit
  7. audmjukskap

Viktige omgrep

  • Moselova
  • dei ti boda (dekalogen)
  • det dobbelte kjærleiksbodet
  • bergpreika
  • den gylne regelen
  • sju dødssynder
  • sju kristne dydar
CC BY-SASkrive av Knut Dæhli.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Kristendommen