Hopp til innhald

Fagstoff

Kristendom – høgtider

Kristne høgtider er baserte på hendingar i Jesu liv. Den viktigaste kristne høgtida er påska.
Ei norsk kyrkje på julaftan pynta med juletre og lys. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei viktigaste høgtidene i kristendommen handlar om Jesus. Fødselen hans, lidingshistorie, oppstoda og oppstiginga til himmelen markerast av dei viktigaste kristne høgtidene – jul, påske og Kristi himmelferd. Pinsa er også sentral.

Jul

Jula blir feira til minne om at Jesus blei fødd. Fødselen hans i ein stall i Betlehem blir rekna av kristne som ei oppfylling av jødiske Messias-profetiar frå Det gamle testamentet. Ifølgje Bibelen blei Jesus fødd av jomfru Maria, og ho blei med barn ved Den heilage ande. Poenget med å feire jula for kristne er hovudsakleg å minnast at Gud blei menneske i Jesus for å ta på seg synda til menneska og dermed frelse menneskeætta.

Jula blir feira av dei fleste kristne kring 24.-25. desember. Denne datoen blei fastsett av kyrkja i løpet av 300-talet, og korresponderer med datoen for vintersolvending. Julefeiringa er truleg den mest populære kristne høgtida, sjølv om den ikkje er den viktigaste. Noko av grunnen til dette er at jula også blir feira av ikkje-kristne, og fordi ho for mange handlar meir om mattradisjonar, gåver og familiehygge enn religion og gudstilbeding.

Påske

Påska er den eldste og viktigaste av dei kristne høgtidene. Påska blir feira til minne om Jesu liding, død og oppstode – hendingane som skjedde den siste veka Jesus levde ifølgje evangelia.

Sentrale hendingar i Jesu siste veke er:

  • Palmesøndag, då Jesus reid inn i Jerusalem på eit esel og folket der helste og hylla han med palmegreiner, som ein konge.
  • Skjærtorsdag, då Jesus hadde sitt siste måltid med disiplane og etablerte nattverden, det viktigaste kristne ritualet.
  • Langfredag, då han blei korsfesta og døde.
  • Påskedag, søndagen då han stod opp frå dei døde.

Tida mellom palmesøndag og påskedag blir kalla for den stille veka. Den stille veka startar med palmesøndag, som er søndagen før påske, etterfølgt av skjærtorsdag, langfredag og påskehelga. Denne veka minnast ein Kristi liding, og derfor er vekas gudstenester fram til påskedagen tradisjonelt prega av enklare liturgi og lesing av Jesu lidingshistorie frå evangelia. I katolsk tradisjon dekkjer ein over bilete av Jesus med svart klede, som symbol på døden til Jesus.

Påskeaftan er laurdagen før påskedag, og blei tradisjonelt feira som ein stille dag for faste og bøn. I katolsk tradisjon er dette sørgjedagen til kyrkja, og den einaste dagen i året ein ikkje kan ta imot nattverd utanom i naud.

Påskedagen blir Jesu oppstode feira, då Jesus ifølgje evangelia står opp frå dei døde. Dette blir rekna som det største underet i kristendommen. Gudstenesta under påskemorgonen er høgdepunktet i alle dei store kyrkjene si påskefeiring. Mange kyrkjer startar feiringa av påskedagen allereie på påskeaftan (laurdag kveld) etter solnedgang, eller natt til søndag morgon.

Foto av måla egg i ein stor bolle.

Veka mellom første påskedag og andre søndag etter påske (søndagen éi veke etter første påskedag) blir kalla for påskeveka. I daglegtalen kallar ein ofte feilaktig den stille veka for påskeveka, som ikkje er korrekt ifølgje kristen terminologi.

Ifølgje evangelia gjekk alle hendingane føre seg den siste veka i Jesus sitt liv under den jødiske høgtida pesach. Denne feiringa minnast utvandringa til israelittane frå fangenskapet i Egypt, då Moses skal ha ført jødane til fridom. Ordet påske kjem frå det hebraiske pesach.

I tidleg kristendom feira jødar og kristne påskehøgtida i same periode, men med tida blei feiringane stadig meir separert, blant anna fordi dei bruker ulike kalendrar til å bestemme tidspunktet for påskehøgtida.

På 300-talet bestemte kyrkja at påskedagen skulle feirast første søndag etter første sykliske fullmåne, på eller etter 21. mars. Dette betyr at heilagdagane i påskehøgtida er såkalla rørlege heilagdagar. Dette er merkedagar som ikkje fell på same tidspunkt frå det eine året til det neste. Derfor varierer datoen for påskedagen med inntil fem veker. Dei tidlegaste og seinaste datoane for påskedagen er 22. mars og 25. april, eller 4. april og 8. mai i den ortodokse kyrkja, fordi sistnemnde bruker ein annan kalender. Påskedagen blir brukt som utgangspunkt for å rekne ut andre viktige heilagdagar, som Kristi himmelferd og pinsa.

Den viktigaste utrekninga dei kunne utføre i mellomalderen, var å rekne ut påskedagane i dei kommande åra. Avhengig av kva for kalender ein brukte, utforma dei ein såkalla påskeformel, ein Computus, som var matematiske metodar for å rekne ut riktig dato.

I 2020 er påskedagen 12.april, 2021 4.april og 2022 17.april.

Kristi himmelferd og pinsa

Kristi himmelferd er dagen som markerer Jesu oppstiging til himmelen, og blir feira 40. dag etter påske. Ifølgje evangelia viste Jesus seg fleire gonger for disiplane sine i kjøt og blod etter oppstoda, først til nokre av dei kvinnelege disiplane. Etter 40 dagar drog han frå jorda og fór opp til himmelen.

Pinsa markerer at Den heilage ande kom til dei første kristne i Jerusalem 50 dagar etter påska, det vil seie etter at Jesus hadde dratt til himmelen. Denne hendinga blir rekna som grunnlegginga av kyrkja. Dette er viktig fordi dei aller fleste retningar i kristendommen meiner at den oppstadne Jesus er verksam og nærverande i kyrkja gjennom Den heilage ande. Dette er ein av grunnane til at kyrkja er så sentral i kristendommen – kyrkja reknast som institusjonen som Jesus Kristus opererer gjennom, i kraft av Den heilage ande.

Kyrkjeåret

Heilagdagane i kyrkjeåret blir bestemte av påska og av kyrkjesamfunna sine særeigne tradisjonar. I katolsk og ortodoks kristendom har ein til dømes ein fasteperiode over fleire veker før påske, som i praksis betyr at dei ikkje et kjøt.

Viktige omgrep

  • jul
  • påske
  • palmesøndag
  • skjærtorsdag
  • langfredag
  • påskeaftan
  • påskedag
  • den stille veka
  • påskeveka
  • pesach
  • rørlege heilagdagar
  • Kristi himmelferd
  • pinse
CC BY-SASkrive av Knut Dæhli.
Sist fagleg oppdatert 29.12.2019

Læringsressursar

Kristendommen