Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kristne retningar – gruppeoppgåve

Kva er dei viktigaste likskapane og forskjellane mellom dei ulike kyrkjesamfunna?
Pave Frans og patriark Bartholomeus I av Konstantinopel går ved sida av kvarandre. Paven har ei kvit kappe og eit kvitt hovudplagg. Patriarken har ein overdel i raudt og gull med svart kappe over og eit svart hovudplagg. Dei har menn med svarte kapper omkring seg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. Førebuingar

  1. Del inn i grupper på fire elevar.
  2. Kvar gruppe vel to kyrkjesamfunn dei vil samanlikne frå lista under.

    • den katolske kyrkja
    • Den norske kyrkja (lutherske kyrkjer)
    • pinserørsla
    • ortodokse kyrkjer
  3. Fordel følgjande tema på medlemmene i gruppa.

    • frelse
    • ritual
    • organisering
    • estetiske og materielle uttrykk

2. Individuelt

Bruk 20 minuttar individuelt til å fordjupe deg i ditt tema innanfor dei to kyrkjesamfunna gruppa har vald. Du bør jobbe slik:

  1. Finn relevante kjelder og les deg opp på ditt tema i dei to kyrkjesamfunna (sjå lenkjer under).
  2. Noter ned viktige ulikskapar mellom dei to kyrkjesamfunna knytte til temaet ditt.
  3. Set opp ei liste over dei tre viktigaste ulikskapane med ei grunngiving for kvifor du meiner desse er viktige.

Nyttige lenkjer:

3. Gruppe

  1. Set dykk saman i gruppa og presenter dei tre punkta for kvarandre (2 minuttar per elev).
  2. Bruk 10 minuttar til å komme fram til ei einigheit om dei to mest grunnleggjande ulikskapane mellom dei to retningane.
  3. Bruk til slutt 2–3 minuttar til å komme fram til den mest grunnleggjande likskapen mellom dei to retningane. Dette treng ikkje vere direkte knytt til nokon av temaa de har fordjupa dykk i.

4. Plenum

Teikn opp eit stort skjema på tavla (sjå under) der de kan samle forslaga frå gruppene. Éin frå kvar gruppe fyller inn den eine likskapen og dei to ulikskapane på rett stad i skjemaet.

Katolsk

Luthersk

Pinsebev.

Ortodoks

Katolsk

XXXXXX

Likskapar

Likskapar

Likskapar

Luthersk

Ulikskapar

XXXXXXX

Likskapar

Likskapar

Pinsebev.

Ulikskapar

Ulikskapar

XXXXXX

Likskapar

Ortodoks

Ulikskapar

Ulikskapar

Ulikskapar

XXXXXX

  1. Diskuter eventuelle ueinigheiter i plenum.
  2. Kva er mest interessant/overraskande?
  3. Kven skal ut? Kva for retning skil seg mest frå dei andre når det gjeld:
  • frelse
  • ritual
  • organisering
  • estetiske og materielle uttrykk
CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2022

Læringsressursar

Kristendommen