Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Kristendommen – retningar

Kristendommen kan i dag delast opp i tre hovudretningar – den katolske kyrkja, den ortodokse kyrkja og dei mange protestantiske kyrkjene. Felles for alle desse er synet på Bibelen som heilag skrift og Kristus som frelsar.

Den katolske og den ortodokse kyrkja

Den romersk-katolske kyrkja utgjer i dag det største kyrkjesamfunnet i verda, med over 1,3 milliardar tilhengjarar på verdsbasis (Johnson & Surlo, 2024). Katolsk kristendom er utbreidd i Latin-Amerika, Sør-Europa og Sentral- og Sør-Afrika. Den katolske kyrkja er ein av dei største organisasjonane i verda og er ein av dei lengstvarande kristne institusjonane som finst.

Den ortodokse kyrkja har om lag 300 millionar tilhengjarar i verda (Johnson & Surlo, 2024), og dei fleste av desse bur i Europa. Dei tre største austleg-ortodokse landa, baserte på talet på truande, er Russland, Ukraina og Romania. Samanlikna med andre kyrkjesamfunn har den ortodokse kyrkja særleg fokus på mystikk og det å vere åndeleg i gudstenesta og i det rituelle livet.

Mangfaldet i protestantismen

Kyrkjesamfunn som hadde utspringet sitt i reformasjonen på 1500-talet kallar vi protestantiske. Dei som byggjer på Martin Luthers lære blir kalla dei evangelisk-lutherske kyrkjene. Desse kyrkjesamfunna finn vi i dag i det nordlege Tyskland, i dei nordiske landa og i Nord-Amerika. I dag finst det om lag 70 millionar tilhengjarar av dette kyrkjesamfunnet på verdsbasis (Flottorp & Molland, 2024).

Kyrkjene som blir knytte til Jean Calvin blir kalla for dei reformerte, eller kalvinistiske kyrkjene. Kalvinismen lærer at Bibelen er Guds lov, og at det er bestemt på førehand at nokre menneske skal ha evig frelse, mens andre skal ha evig fortaping (predestinasjonslære). Dei reformerte kyrkjesamfunna finn vi i dag i Sveits, Nederland, Skottland, Korea, Nigeria, Sør-Afrika og i Nord-Amerika. Desse utgjer om lag 80 millionar medlemmar ifølgje World Communion of Reformed Churches.

Den forma for kristendom som veks raskast i dag blir kalla for pinserørsla, som oppstod i USA på byrjinga av 1900-talet. Denne varianten av protestantisk kristendom vektlegg personleg frelseserfaring med den Heilage Ande, læking ved bøn, og ofte også tungetale. Særleg i Latin-Amerika og Afrika veks denne typen vekkingskristendom dramatisk.

Rundt 640 millionar menneske eller 25 % av alle kristne har tilknyting til ei eller anna form for pinsekarismatisk kyrkje, kyrkjelyd eller rørsle (Johnson, 2020).

Kristne konfesjonar og denominasjonar

I vår tid utgjer kristendommen eit hav av ulike trusførestillingar, praksisar og kyrkjesamfunn. Nokre kyrkjesamfunn er tolerante overfor andre kristne grupper og religionar (til dømes katolske fransiskanarar eller protestantiske kvekarar), mens andre berre aksepterer sitt eige kyrkjesamfunn som det einaste rette (til dømes Amish eller Jehovas Vitner). For å forstå mangfaldet og spenningane innetter i kristendommen i dag må vi sjå nærare på omgrepa konfesjon og denominasjon.

Konfesjon tyder eigentleg «vedkjenning» (lat. confessio), som er ei nemning for kva dei kristne trur på. Etter reformasjonen blir Vestyrkja delt i tre grupper med ulike vedkjenningar – den romersk-katolske kyrkja, den lutherske kyrkja og den reformerte eller kalvinistiske kyrkja. Derfor blir desse religionsgruppene også kalla for konfesjonar.

Inndelinga i ulike konfesjonar blei svært viktig etter reformasjonen, og har vore viktig fram til vår tid. Geografisk blir det eit skilje mellom eit katolsk Sør-Europa og eit protestantisk Sentral- og Nord-Europa. Læremessig førte dei ulike konfesjonane til betydelege kulturelle og politiske forskjellar mellom katolske og protestantiske land.

Denominasjon tyder religiøse samanslutningar eller undergrupper, som kan inkludere alt frå sjølvstendige trussamfunn – til dømes frikyrkjer – til misjonsorganisasjonar. Omgrepet blir brukt om alle religionar, men blir særleg brukt for å beskrive amerikanske kyrkjesamfunn. I USA har dei mange kyrkjesamfunna utvikla seg parallelt med kvarandre. Mange av dei første europeiske kolonistane var religiøse flyktningar, som ville etablere frie område der dei kunne praktisere si form for kristendom i fred.

Denne bakgrunnen førte til det religiøse landskapet i USA i dag som er kjenneteikna ved særleg to trekk:

  • ei rekkje sjølvstendige frikyrkjer av alle tenkjelege slag
  • ein tolerant kultur for religiøs ulikskap

Kristendommen i dag

Frå 1000-talet til 2017 var kristendommen staten sin religion i Noreg. Kongen var den øvste leiaren i kyrkja. Kongen er framleis leiar for det som no blir kalla for den evangelisk-lutherske Folkekyrkja, også kalla Den norske kyrkja.

Av dei noko over 5,6 millionar innbyggjarane i Noreg er om lag 3,4 millionar av dei medlemmar av Den norske kyrkja, ei protestantisk luthersk grein av den kristne kyrkja (SSB 2026a). Alle andre kyrkjesamfunn utanfor Den norske kyrkja utgjer til saman 384 000 personar (SSB, 2026b).

Kristne trussamfunn i Noreg (2025)

Trussamfunn

2014

2025

Den norske kyrkja

3 835 973

3 427 657

Alle andre

337 316

384 324

Den romersk-katolske kyrkja

140 109

168 220

Pinsemeinigheiter

39 398

40 502

Den ortodokse kyrkja

14 765

39 431

Den Evangelisk Lutherske frikyrkja

19 557

18 797

Jehovas vitne

12 130

12 748

Svenska kyrkan i Noreg

21 573

12 239

Det norske misjonsforbundet

10 136

11 462

Det norske baptistsamfunnet

10 283

10 571

Metodistkyrkja

10 684

9 009

Brunstad Christian Church

7 750

9 272

(SSB, 2026a og 2026b)

I dag reknar vi med at om lag ein tredjedel av alle menneske på jorda er døypte og er medlemmar av eit kristent fellesskap. I nokre land, til dømes Noreg, er kristendommen i nedgang. Færre foreldre enn tidlegare døyper barna sine. I andre land derimot, i Asia og særleg i Afrika, er kristendommen på frammarsj, spegla av med at over 68 % av katolikkane i verda og 87 % av protestantane i verda, bur utanfor Europa.

Kristendommen i verda (2024)

Konfesjonar

Mengd

I alt

2 508 432 000

100

Katolikkar

1 278 009 000

51

Ortodokse

293 158 000

12

Protestantar

625 606 000

25

Andre kristne

311 659 000

12

(Johnson & Zorlo, 2024)


Viktige omgrep

  • konfesjon
  • denominasjon
  • frikyrkja
  • den romersk-katolske kyrkja
  • den ortodokse kyrkja
  • protestantiske kyrkjer
  • evangelisk-lutherske kyrkjer
  • kalvinistiske/reformerte kyrkjer
  • pinserørsla

Kilder

Cooperman, A. & Saghal N. (2017). Orthodox Christianity in the 21st Century. Washington: Pew Research Center

Flottorp, H. & Molland, E. (2024). Evangelisk-lutherske kirker. Henta 31. mars 2026 frå https://snl.no/evangelisk-lutherske_kirker

Hackett, C & Grim, B. J. (2011). Global Christianity – A Report on the Size and Distribution of the World’s Christian Population. Washington: Pew Research Center’s Forum on Religion & Public Life

Halvorsen, P. B. & Stensvold, A. (2018). Den katolske kirke. Henta 4. februar 2019 frå https://snl.no/den_katolske_kirke

Johnson, T. M. (2020) Counting Pentecostals Worldwide. I M. Wilkinson, C. Au, J. Hustein og T.M. Johnson (Red.), Brill's Encyclopedia of Global Pentecostalism Online. Henta 13. juni 2022 frå http://dx.doi.org/10.1163/2589-3807_EGPO_COM_042780

Johnson, T. M. & Zurlo, G. A. (2024). World Christian Database. Leiden/Boston: Brill

SSB. (2026a). Den norske kirke. Henta 31. mars 2026 frå https://www.ssb.no/kultur-og-fritid/religion-og-livssyn/statistikk/den-norske-kirke

SSB. (2026b). Religion. Henta 31. mars 2026 frå https://www.ssb.no/kultur-og-fritid/faktaside/religion

Skrive av Clemens Saers og Knut Dæhli. Rettshavar: Kommuneforlaget.
Sist oppdatert 31.03.2026