Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Video
Podkast

Filmar og podkastar om kristendommen

Her har vi samla filmar og podkastar som handlar om ulike sider ved kristendommen. I tillegg har vi lenka til relevante fagartiklar og oppgåver.

Film: Kristendommens historie

Lær om korleis kristendommen oppstod og utvikla seg. I filmen nedanfor (lengde 4:02) får du òg lære meir om bakgrunnen for at religionen i dag består av tre hovudretningar: dei protestantiske kyrkjene, den katolske kyrkja og den ortodokse kyrkja. Filmen blir brukt i artikkelen "Kristendommen – opphav og utbreiing" og i oppgåva "Kristne retningar – gruppeoppgåve".

Video: Arkikon / CC BY-SA 4.0

Film: Norsk kirkehistorie

Kristendommen har ein 1000 år lang historie i Noreg. Dei 500 første åra var landet katolsk. Dei 500 neste var landet luthersk. I dag har ikkje Noreg ein statsreligion lenger. Filmen under (lengde 4:55) gir ei oversikt over historia til kristendommen i Noreg. Filmen er relevant i samband med desse tre artiklane:

"Det kristne mangfaldet i Noreg"

"Det norske livssynslandskapet"

"Livssynsmangfald i Noreg – konflikt, dialog og samarbeid"

Video: Arkikon / CC BY-SA 4.0

Film: Jeg er kristen

I denne filmen (lengde 8:24) møter du to kristne ungdommar. Den eine har eit liberalt forhold til kristendommen, den andre er ein meir konservativ kristen. Filmen blir brukt i oppgåva "Utforsk religiøs identitet".

Video: Terranova Media / CC BY-NC-ND 4.0

Film: Indre mangfold i kristendommen

I denne filmen (lengde 8:19) møter vi Sturla Stålsett som undersøker noko av det mangfaldet vi finn i kristendommen. Filmen blir brukt i oppgåva "Indre mangfald i kristendommen".

Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-ND 4.0

Film: Målet

I filmen under (lengde 7:53) snakkar ein katolikk og ein ahmadiyya-muslim saman om målet og vegen til målet. Filmen blir brukt i oppgåva "Målet".

Video: Applaus! Film & TV / CC BY-ND 4.0

Film: Døden

I filmen under (lengde 7:20) snakkar ein mahayana-buddhist og ein katolikk saman om døden. Filmen blir brukt i oppgåva "Døden".

Video: Applaus! Film & TV / CC BY-ND 4.0

Film: Disco

I filmen Disco (lengde 1:31:06) møter vi ei ung jente som er aktiv i ei fiktiv frikyrkje. Etter ein kollaps oppsøker ho ei meir ekstrem forsamling. Kan denne filmen fortelje oss noko om enkelte kristne meinigheiter? Filmen blir brukt i oppgåva "Disco".

Podkast: Åndelegheit

Yuhashinee Shankkar er hindu, og Ann Kristin Van Zijp Nilsen er kristen. I denne podkasten snakkar dei med programleiar Marthe Sveberg om forholdet sitt til Gud og åndelegheit. Podkasten blir brukt i oppgåva "Åndelighet".

Heilt personleg

Åndelegheit

Yuhashinee Shankkar er hindu, og Ann Kristin Van Zijp Nilsen er kristen. I denne podkasten snakkar dei med programleiar Marthe Sveberg om forholdet sitt til Gud og åndelegheit.

0:00
-0:00
Podkast: Moderne Media / CC BY-SA 4.0
Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist oppdatert 22.04.2026