Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Identitet

Oppgåve
Video

Utforsk religiøs identitet

Religion er ein viktig del av identiteten til mange menneske. Lær meir om kva religiøs identitet er, utforsk identitet i ulike religionar, og reflekter over religiøs identitet i dagens samfunn.

Oppgåve 1. Kva er religiøs identitet?

Les artikkelen "Religiøs identitet" og svar på spørsmåla:

  1. Kva er religiøs identitet?

  2. Kva er ein personleg religiøs identitet?

  3. Kva er ein sosial religiøs identitet?

  4. Korleis kan ein personleg og sosial religiøs identitet henge saman?

  5. Kva er ein identitetsmarkør? Gi konkrete døme på identitetsmarkørar frå minst tre ulike religionar.

  6. Finn eit døme på at religiøs identitet kan føre til fordommar, diskriminering eller konflikt, og reflekter over korleis denne situasjonen kan løysast.

Oppgåve 2. Utforsk identitet i ulike religionar

Vel éin av filmane og svar på spørsmåla under. Filmane er cirka 9 minutt lange.

Film: Jeg er muslim
Video: Terranova Media / CC BY-NC-ND 4.0
Film: Jeg er sikh
Video: Terranova / CC BY-NC-ND 4.0
Film: Jeg er hindu
Video: Terranova Media / CC BY-NC-ND 4.0
Film: Jeg er jøde
Video: Terranova Media / CC BY-NC-ND 4.0
Film: Jeg er kristen
Video: Terranova Media / CC BY-NC-ND 4.0
Film: Jeg er buddhist
Video: Terranova Media / CC BY-NC-ND 4.0
  1. Kva for identitetsmarkørar bruker personane i filmen? Korleis signaliserer dei at dei tilhøyrer ein bestemd religion?

  2. Kva betydning trur du den religiøse felleskapen har for identiteten til personane i filmen?

  3. Ta utgangspunkt i filmen du har valt og reflekter over korleis religion kan vere med på å forme identiteten til ein person.

Forslag til vidare utforsking

Utforsk kva det vil seie å identifisere seg som muslim, sikh, hindu, jøde, kristen eller buddhist. Du finn kjelder til relevante artiklar om dei ulike religionane i emnet "Religion og livssyn".

Samanlikn deretter det du har funne ut med funna til ein medelev som har studert ein annan religion enn deg. Kva er likskapane og forskjellane mellom religionane ?

Oppgåve 3. Refleksjonsnotat om religiøs identitet

Skriv eit refleksjonsnotat der du reflekterer over éin eller fleire sider ved religiøs identitet. Du kan ta utgangspønk i ein konkret situasjon eller konflikt. Du kan òg ta utgangspunkt i eitt eller fleire av følgande spørsmål:

  • Kvifor er religiøs identitet viktig for mange menneske i dag?

  • Kva er likt, og kva er forskjellen mellom den religiøse identiteten til medlemmer av ulike religoner? Ta gjerne utgangspunkt i to eller tre konkrete religionar.

  • Kvifor vil nokon prøve å skjule den religiøse identiteten sin, mens andre gjerne vil vise han fram?

  • Er det nokon situasjonar der vi bør skjule den religiøse identiteten vår, eller bør vi alltid ha anledning til å vise han fram?

  • Korleis kan religiøs identitet føre til fordommar, diskriminering og konfliktar?

  • Korleis kan det å tilhøyre ulike kulturar, slik til dømes innvandrarar gjer, føre til rollekonfliktar og identitetskonfliktar?

  • Kva kan vi gjere for å respektere den religiøse identiteten til kvarandre?

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist oppdatert 26.02.2026