Norsk, pakistanar eller muslim?
Oppgåve 1. Norsk, pakistanar eller muslim?
Før du ser filmen – finn ut:
Kva var terrorangrepet 11. september 2001?
Kven stod bak angrepet, og kven var offera?
Sjå filmen (lengde 3:01) og svar på spørsmåla under.
Korleis beskriv personane i filmen opplevinga si av terrorangrepet?
Abubakar Hussain seier: "Før 11. september var eg berre pakistanar. Etter 11. september så var eg muslim." Kva trur du han meiner med det?
Kvifor blei religiøs identitet viktigare etter terrorangrepet?
Forskaren Thomas Hegghammer seier at terrorangrepet var med på å skape ei tillitskrise mellom ein majoritet og ein minoritet i Noreg. Kva trur du han meiner med det?
Diskuter kva for nokon positive og negative konsekvensar auka fokus på religiøs identitet kan ha i eit samfunn.
Ifølge Hegghammer førte terrorangrepet til at folk blei sette i bås etter religion og ikkje opphavsland, slik at til dømes pakistanarar var det same som muslimar. Diskuter:
Kvifor set vi menneske i ulike båsar?
Kven er det som bestemmer kva slags båsar vi skal bruke når vi plasserer menneske saman i ulike grupper?
Utforsk vidare: 22. juli 2011
Les artikkelen "Muslimer ble trakassert 22. juli" på NRK frå 2012:
Terrorangrepa i Oslo og på Utøya 22. juli 2011 blei utførte av ein kvit nordmann med høgreekstreme og anti-muslimske haldningar.
Kvifor trur du tilfeldige muslimar blei angripne den dagen terroren skjedde?
Kan det ha ein samanheng med terrorangrepa 11. september 2001?
Kva gjer terrorisme og vald med identitet, fordommar og rasisme?
Oppgåve 2. Turban
Sjå filmen (lengde 2:52) og svar på spørsmåla under.
Kva er opphavet til bruket av turban?
Kva for verdiar står turbanen for, ifølge Sumeet Singh?
Kva slags reaksjonar har Sumeet Singh fått av å gå med turban?
Turbanen er identitetsmarkør for mange sikhar. Kva for nokon andre synlege religiøse identitetsmarkørar kan vi finne i Noreg?
Kvifor trur du synlege religiøse identitetsmarkørar kan vekke negative reaksjonar?
Sidan 2010 har sikhar arrangert turbandagen i Oslo. Her blir det mellom anna servert mat, og alle kan prøve ein turban. Søk opp bilete av turbandagen på nett. Korleis trur du ein slik festival kan bidra til å minske fordommar og bygge bruer mellom ulike grupper i samfunnet?
Utforsk vidare
Det er ikkje alle sikhar som går med turban, og nemninga "sikh" refererer både til ein sosial, kulturell og religiøs identitet. Les meir om ulike sikh-identitetar og grunnen til at mange sikhar går med turban i artikkelen "Sikhismen – ulike sikh-identitetar".