Oppgave
Åndelegheit
Kva inneber det å ha ei anna verkelegheit å rette seg etter? Kva betyr det å vere religiøs, i kvardagen? Korleis kan ein personleg oppleve noko åndeleg?

Bøn finst i ei eller anna form i dei fleste religionar og er eit uttrykk for åndelegheit og kontakt med det guddommelege.
- Skriv ned nokre stikkord om ulike måtar ein kan få kontakt med det åndelege på.
- Kva er forskjellen på ein person som er religiøs og ein person som er åndeleg/spirituell? Er det eigentleg det same?
Orsak, ein feil oppstod ved lasting av lyd. Prøv å laste inn sida på nytt.
- Korleis beskriv Ann Kristin og Yuhashinee opplevingane sine med Gud?
- Korleis definerer dei Gud?
- Kva seier dei om moglegheita til å trene opp evna til å få kontakt med Gud?
- Kva seier Yuhashinee om Bhakti-rørsla?
- Kva seier Ann Kristin om nåde i kristendommen?
- Kva handlar religiøsitet mest om, ifølgje Yuhashinee og Ann Kristin?
- Skriv ned ei kort liste over dei viktigaste likskapane og forskjellane på Yuhashinees og Ann Kristins oppleving av det åndelege.
- Kva kan vere årsakene til forskjellane på Yuhashinees og Ann Kristins oppleving av det åndelege? Bruk gjerne forkunnskapane dine om kristendom og hinduisme når du forklarer.
- Trur du begge opplever det same fenomenet, eller er forskjellane så store at dei ikkje kan samanliknast? Grunngi svaret ditt.
- Kva betyding har det om ein har eit innafråperspektiv eller eit utanfråperspektiv når ein skal svare på spørsmål 2? Treng det å ha noka betyding?