Skapingssoga i Bibelen
Høyr eller les skapingssoga
Sjå filmen under (lengde 5: 52) eller les skapingssoga sjølv i Første Mosebok, kapittel 1.
1. Skapingssoga og kristendommen sitt verdsbilete
Kva kan skapingssoga fortelje oss om dei kristne sitt syn på Gud og verda?
I kva rekkefølge skaper Gud jorda og alt som eksisterer?
Kvifor trur du dei som skreiv ned Bibelen for fleire tusen år sidan, beskreiv rekkefølga i skapinga på denne måten?
Kva plass har mennesket i skapingssoga?
Enkelte naturvernarar og vegetarianarar har hevda at tekstar som skapingssoga i Bibelen kan leie til natur- og miljøøydeleggingar og misbruk av dyr. Diskuter om dei har rett eller feil.
2. Sjudagarsveka
At det er sju dagar i ei veke, er så sjølvsagt at det er vanskeleg å sjå for seg at det kunne vore annleis. Dette heng mellom anna saman med skapingssoga.
Forklar korleis skapingssoga frå Bibelen ligg bak både sjudagarsveka og tradisjonen med å ikkje arbeide på slutten av veka.
Jødar, kristne og muslimar har ein spesiell vekedag der dei samlast i det heilage huset sitt. Finn ut bakgrunnen for at dei gjer dette på tre ulike dagar.
Under den franske revolusjonen blei det freista å innføre ein heilt ny kalender der vekene hadde ti dagar. Undersøk bakgrunnen for "den franske revolusjonskalenderen", og kvifor det blei mislykka.
3. Vitskapen og Bibelen
Sjå videoen under (lengde 5:29) om vitskapen si framstilling av universet og jorda si historie. Svar på oppgåvene under.
Kva er dei viktigaste likskapane mellom vitskapen og Bibelen si framstilling?
Kva er dei viktigaste forskjellane mellom vitskapen og Bibelen si framstilling?
Evolusjonsteorien og tanken om at mennesket har utvikla seg frå dyra, har skapt mykje debatt blant kristne. Kvifor trur du er slik?
Mange kristne trur både på vitskapen og Bibelen si framstilling av verda si begynning. Korleis trur du at dei tolkar desse to framstillingane for å få dei til å stemme overeins?