Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Interaktivt innhald

Kristendom – verdsbilete og menneskesyn

Ifølge kristendommen blei alt i universet skapt av éin og same gud. Særeige i kristendommen er trua på at Gud blei menneske i Jesus Kristus, og at Gud utgjer ei treeining.

Kristendommen starta opphaveleg som ei lita jødisk sekt med påverknad frå gresk filosofi og kultur. For å forstå det kristne verdsbiletet må vi sjå nærmare på religionen sitt gudssyn, menneskesyn, verkelegheitsoppfatning og frelseslære.

Kristendommens gudssyn

Det kristne gudssynet stammar frå jødedommen og er monoteistisk, dvs. at dei trur på éin gud, nemleg Abrahams gud. I motsetnad til det dei trur på i jødedommen, meiner kristne at Gud har tre ulike former med særeigne funksjonar: Faderen, som er Skaparen, Sonen, som er Frelsaren og Den heilage ande, som er Livgivar og den verkande krafta i verda. Desse tre formene utgjer den treeinige Gud. Gud er eitt vesen og tre personar. Guds treeining er eit sentralt dogme – ein grunnleggande læresetning ein ikkje skal tvile på – i kristendommen.

Gud blir sett på som allmektig, allgod og allvitande, slik som i jødedommen. Unikt i kristendommen er synet om at Gud blei menneske og kom ned på eit bestemt tidspunkt i historia for å forandre verda og frelse menneska.

Kristendommens menneskesyn

At Gud blei menneske i skikkelsen Jesus Kristus for å frelse verda, blir kalla for inkarnasjonen. Inkarnasjonen viser til kroppsleggjeringa av Gud i eitt bestemt menneske. Trua på Jesus som både sann Gud og sant menneske blir eit anna sentralt dogme i kristendommen.

I starten av Bibelen, i 1. Mosebok, står det at mennesket er skapt i Guds bilete, og at vi skal råde over alle jordas dyr, fiskar og fuglar. Dette blir oftast tolka som at mennesket har ei særstilling over andre artar, og at vi har eit forvaltaransvar over jorda sjølv og andre skapningar. Dei fleste kristne teologar tolkar "skapt i Guds bilete" til å bety at mennesket sin frie vilje og si evne til å tenke er det som skil oss frå alle andre artar. Dette forklarer at mennesket har ein ibuande verdi, fordi mennesket er det einaste Gud har skapt etter sitt eige bilete.

Synd er eit sentralt omgrep som betyr alt som skil menneske og Gud frå kvarandre, til dømes uærlegdom og vald. Det betyr også ulydnad overfor Guds befalingar. Sjølv om mennesket er skapt godt og i Guds bilete, blir mennesket sin vondskap forklart med syndefallet til Adam og Eva. Dei lot seg freiste av Guds motstandar, Satan, og var ulydige mot Gud. Derfor blei dei kasta ut av paradis, og menneska har vore fødde med synd sidan. Dette er grunnlaget for læra om arvesynd, som ein finn i dei fleste kristne retningar: På grunn av den opphavelege synda i Edens hage er alle menneske fødde syndige.

Jesu freisting

Ifølge Bibelen blei også Jesus freista av djevelen. I motsetnad til Adam og Eva klarte Jesus å stå imot freistingane. Det gode avviser det vonde.

Kristendommen vektlegg dualisme, trua på at verda er delt i to motstridande grunnprinsipp: det gode og det vonde.

Kristendommens verkelegheitsoppfatning

Kristendommen har eit såkalla lineært historiesyn. Det vil seie at kristne meiner historia har ei byrjing og ein slutt. Universet og alt i det er skapt av Gud, ifølge kristendommen. Gud blir sett på som både skapar, dommar og den som held oppe alt liv. Dette inneber at alt som finst, tilhøyrer Gud, og at historia er styrt av Gud. Styrt fordi Gud påverkar historia direkte, særleg gjennom Jesus Kristus. Kvifor Gud valde å skape og styre verda, blir forklart med den kristne frelseshistoria.

Frelseshistoria er historia om korleis Gud aktivt går inn i menneska si historie og påverkar verda etter sin vilje. Frelseshistoria er ein viktig del av både jødedommen og kristendommen. Særleg mytane om skapinga, syndefallet hos Adam og Eva og Israels historie med profetar og kongar er døme på korleis Gud formar og styrer historia. Forventningar til framtida, då særleg håpet om ein kommande frelsarkonge – ein Messias – er spesielt viktig i jødedommen si frelseshistorie. I kristendommen blir frelseshistoria oppdatert, med Jesus Kristus som det nye elementet.

Tidslinje

I tidslinja under får du ei kort oversikt over viktige hendingar i Bibelen. Hva for hendingar er viktigast i frelseshistoria?

Kort forklart meiner kristne at Jesus frå Nasaret var den forventa Messias som blir nemnd i jødiske profetiar. Særleg apostelen Paulus, kristendommens andre grunnleggar, meinte at Jesu liv og oppstode var bevis for at Jesus faktisk var Messias. Dette blir ikkje akseptert i jødedommen, og er det viktigaste skiljepunktet mellom dei to religionane.

Paulus oppdaterte frelseshistoria med å skilje mellom den gamle og den nye pakta (testamentum på latin). Den gamle pakta viser til avtalen mellom jødane og Gud, der Gud velsignar Israelfolket viss dei følger Moselova, slik som dei ti boda. Den nye pakta handlar om at Gud no blir tilgjengeleg, ikkje berre for jødar, men alle som aksepterer Jesus som frelsar. Jesus blir dermed bindeleddet mellom menneske, den kristne fellesskapen (kyrkja) og Gud.

Kristendommens frelseslære

Hovudproblemet i kristendommen er at mennesket er syndig, at vi er fråskilde Gud. Løysinga på syndens problem ligg i frelse gjennom Jesus Kristus.

Ordet frelse kjem opphaveleg frå norrønt (“fri hals”) og betyr å bli gjort fri. I kristen samanheng inneber frelse både forsoning og frigjering frå synd og vondskap. Forsoning – fordi Jesu lære og død vektlegg at nåde og tilgiving er sentralt for å bli frelst. Mennesket treng forsoning med Gud og kvarandre. At Jesus døyr på korset, blir tolka som den ultimate kjærleikshandling. Jesus er uskyldig, men ofrar seg sjølv for alle menneska, som er skyldige, for at alle kan bli frelste. Denne trua på at Jesus døydde for menneska sine synder, at han lid i andre sin stad, blir kalla avløysande liding.

Frelse inneber også frigjering frå synd og vondskap. Trua på at Jesus stod opp frå dei døde og sigra over Satan og døden – oppstoda – er enda eit viktig dogme. Jesus viser gjennom oppstoda at han har makt til å sigre over døden og dermed vere ein frigjerar, ein frelser.

Frelse og dommedag

Dommedag og helvete

Dei fleste kristne retninger trur på dommedagen – ei tid i framtida når Kristus vil komme attende og dømme alle menneske. Det vanlegaste synet er at dei døde vil stå opp att og dømmast anten til evig fortaping eller frelse. Fortaping for dei syndige, som betyr ein evig tilstand borte frå Guds kjærleik, og at dei hamnar i helvete – og lykke for dei frelste, som betyr at dei hamnar i himmelen.

Blant dagens kristne er det stadig større ueinigheit om helvete er ein stad eller ein tilstand, og om det er snakk om ei æve i helvete.

Læra om annihilasjon og apokatastasis

To mindre kjende teoriar i kristendom om kva som skjer etter døden, er læra om annihilasjon og apokatastasis.

Annihilasjonslæra går ut på at Gud fullstendig gjer til inkjes alt det vonde, dvs. dei som ikkje er frelste, etter døden. Evig fortaping betyr dermed slutt på livet, og ikkje noka pine i ein helvetestilstand. Dette er blant anna adventistane si offisielle lære.

Apokatastasislæra går ut på at Gud vil bli alt i alle ein gong i framtida. Dette betyr at alle menneske vil bli frelst til slutt – også Satan og englane hans. Denne læra var utbreidd i tidleg kristendom før ho blei erklært som vranglære på 500-talet. Men mange mystikarar gjennom historia har stått ved at dette synet er det einaste som er foreinleg med synet på ein rettferdig, allmektig og nådig gud. Læra har mange forsvararar i moderne kristendom.

Frelse i den katolske og dei ortodokse kyrkjene

I både den katolske kyrkja og dei ortodokse kyrkjene er det trua på Guds nåde i sakramenta som fører til frelse. Med andre ord er kyrkja, som hovudformidlar av sakrament som dåp, nattverd og bota sitt sakrament, heilt sentral for frelse i desse oldkyrkjene.

Eit ideal for frelse er også at ein forsøker å komme nærmare Gud via gode gjerningar – til dømes ved å hjelpe andre, praktisere bøn, faste, pilegrimsreiser o.l. Ein skal forsøke å bli eit meir fullkomment menneske som kristen.

Frelse i dei protestantiske kyrkjene

I dei protestantiske kyrkjene er det trua aleine (latin: sola fide) på Guds tilgiving eller utveljing som fører til frelse. Sjølv om både lutheranarar, kalvinistar og andre protestantiske kyrkjesamfunn også vektlegg gode gjerningar, tydeleggjer dei at gjerningar i seg sjølv aldri fører til frelse.

Dei fem sola (fra lat: "aleine") i protestantismen oppsummerer synet på frelsa: Frelsa blir oppnådd ved Nåden aleine i Kristus aleine gjennom Trua aleine for Guds ære aleine som beskrive i Skrifta (Bibelen) aleine.

Viktige omgrep

  • monoteisme

  • Faderen

  • Sonen

  • Den Heilage Ande

  • den treeinige Gud

  • dogme

  • inkarnasjonen

  • skapt i Guds bilete

  • forvaltaransvar

  • synd

  • frelseshistoria

  • Messias

  • frelse

  • avløysande liding

  • oppstoda

Relatert innhald

Skrive av Knut Dæhli.
Sist oppdatert 16.01.2026