Idéar om mennesket i vestleg filosofi

Mennesket i antikken
Filosofane i antikkens Hellas slo seg ikkje til ro med religiøse svar på spørsmål om verda og mennesket sin natur. I staden for å godta forklaringar baserte på mytar og religiøse openberringar, undersøkte dei naturen rundt seg og diskuterte ulike svar og løysingar ved hjelp av fornufta.
I byrjinga var filosofane opptekne av spørsmål om opphavet til verda og naturen, men etter kvart dreidde filosofien meir og meir over på spørsmål om mennesket og samfunnet. Ein av filosofane som tidleg undersøkte kva det vil seie å vere eit menneske, var Sokrates. Gjennom kritiske samtalar utfordra han borgarane i Athen til å diskutere kva det var som kjenneteikna eit godt og lykkeleg menneske. Desse tankane blei utvikla vidare av Sokrates sin elev, Platon.
Platon: Kropp og sjel

Ein av filosofane som i størst grad har påverka Vestens syn på mennesket, er Platon. Ifølge Platon består mennesket av to heilt ulike delar. På den eine sida har mennesket ein dødeleg kropp, med sansar, kjensler og begjær. På den andre sida har det ei udødeleg sjel, som vi kan bli kjende med gjennom fornufta og tenkinga. I filosofien blir ei oppdeling av mennesket i to ulike einingar kalla dualisme, og Platons dualisme fekk seinare stor innverknad på kristendommen sitt syn på mennesket som både kropp og sjel.
Platon hevdar at dei to ulike delane av mennesket – det kroppslege begjæret og den åndelege visdommen eller tenkinga – ofte trekker mennesket i ulike retningar. Det er oppgåva til viljen å sørge for at desse ulike delane fungerer saman i harmoni. Platon samanliknar viljen med ein vognførar som må få to ulike hestar til å dra i same retning. Den eine hesten representerer begjæret og er vill og ustyrleg, mens den andre representerer tenkinga og er roleg og fornuftig.
Sjølv om Platon meiner vi treng både kroppen og sjela for å fungere optimalt, rangerer han fornufta langt høgare enn kjensler og begjær. Ifølge Platon ber vi alle i oss ein lengt eller ein kjærleik til visdom. Han ser for seg ein stige som startar nedst med begjæret og beveger seg høgare og høgare opp mot fornufta og visdommen. Dei som klatrar høgast og når størst innsikt, er òg dei som er best til å ta avgjerder og styre samfunnet. Ifølge Platon har kvinner dei same evnene som menn til å bruke fornufta, og dei er derfor like eigna til å styre.
Aristoteles: Bli den beste utgåva av deg sjølv

Aristoteles var Platons elev, men han var kritisk til Platons splitting av mennesket i to heilt ulike delar. Han meinte at kroppen og sjela høyrde saman, og trudde ikkje at det var mogleg for ein del å leve vidare etter at den andre var død.
I motsetning til Platon meinte Aristoteles at ein ikkje berre kunne utforske kva mennesket var ved hjelp av fornufta og tenkinga, men òg observere og kartlegge naturen og menneska rundt oss ved hjelp av erfaringa. Han samanlikna menneska med plantar og dyr og meinte at alle levande vesen har eit mål, eit potensiale dei skal realisere. Eit plantefrø består til dømes av eit bestemt stoff – eit materiale – og eit potensiale til å utvikle ei bestemd form. Når planten veks opp, som til dømes ein blom eller ein busk, realiserer planten målet sitt og den bestemde forma si.
Ifølge Aristoteles er målet for alle ting at dei skal fungere best mogleg, og det gjer dei først når dei utviklar dei spesielle evnene sine, den spesielle forma si. Plantar har berre evnene til å vekse og ta til seg næring. Dyr har i tillegg evna til å kunne bevege seg, men det er berre mennesket som òg har evna til å bruke fornufta. For at mennesket skal fungere best mogleg, må det derfor utvikle fornufta for å verkeleggjere den bestemde forma si. For Aristoteles er det denne bestemde forma som utgjer mennesket si sjel. Han meinte likevel at kvinner og nokre menn, som han kalla naturlege slavar, mangla evna til å bruke fornufta fullt ut. Og dette synet på kvinna, som naturleg underordna mannen, fekk stor innverknad dei neste to tusen åra.
I filmen under (lengde 6:37) får du ei oversikt over vestleg filosofihistorie.
Det kristne mennesket
Mot slutten av antikken og gjennom heile mellomalderen hadde kristendommen stor innverknad på Vesten sitt syn på mennesket. To av filosofane som i størst grad var med på å utforme menneskesynet til kristendommen, var Augustin og Thomas Aquinas.
Augustin av Hippo: Kjærleik og arvesynd

Som ung levde Augustin eit utsvevande liv i dagens Algerie, som då var ein del av Romarriket. Han omvende seg etter kvart til kristendommen. Augustin var sterkt påverka av Platons filosofi, og til liks med Platon tenkte han seg at mennesket var delt i to ulike delar, ein kropp og ei sjel. Men Augustin hadde ei religiøs forståing av denne todelinga. Vi har ei sjel fordi vi er skapte i Guds bilete. Sjela er den åndelege sida av mennesket som lengtar tilbake til Gud.
Både Platon og Augustin tenker seg at mennesket har ein lengt eller ein kjærleik til noko høgare. For Platon er dette lengten etter visdom, og han tenker seg at mennesket ved hjelp av si eiga fornuft kan nå fram til dette målet. For Augustin er dette ein lengt etter Gud, og han tenker at mennesket ikkje kan nå fram til Gud på eiga hand. Vi er avhengig av Guds kjærleik for å nå målet vårt. Det er først når mennesket sin kjærleik (eros) møter Guds kjærleik (agape), at mennesket kan bli frelst. Han meiner derfor at mennesket må innsjå avgrensinga si, og at trua og kjærleiken til Gud er viktigare enn fornufta.
Augustin har eit meir pessimistisk menneskesyn enn Platon. Han meinte at menneske ofte set seg sjølve først og trur dei veit best. Augustin koplar dette til bibelforteljinga om Adam og Eva som braut Guds bod og blei forviste frå Edens hage. Augustins tanke om av menneske er syndige, og har arva denne tendensen til å handle gale frå dei første menneska, blir kalla arvesynda og fekk stor innverknad på kristendommen. Ifølge Augustin har mennesket likevel fri vilje og kan velje vekk det vonde, samtidig som vi er avhengige av Guds nåde for å bli frelste. Augustin hevdar at sidan Gud er allmektig, har han allereie avgjort kven som kan bli frelste, og kven som ikkje kan bli det. Dette blir kalla predestinasjonslæra. Innanfor kristendommen har det vore mykje debatt om Augustins predestinasjonslære verkeleg er i samsvar med tanken om at mennesket har fri vilje.
Thomas Aquinas: Tru og fornuft

Thomas Aquinas levde som munk i Italia i høgmellomalderen. Han var sterkt inspirert av Aristoteles og prøvde å sameine tankane hans med kristendommen. Aquinas meinte til liks med Aristoteles at mennesket var ei blanding av stoff og form, og at sjela var mennesket si form. Sjela var mennesket sin bestemde måte å fungere på, og det som kjenneteikna måten mennesket fungerte på, var først og fremst fornufta.
Thomas Aquinas hadde eit optimistisk menneskesyn og større tru på fornufta enn Augustin. Det var fornufta som heva mennesket over plantar og dyr, og gjorde oss i stand til å forstå verda rundt oss. Sidan verda er Guds skaparverk, kan vi studere verda som om ho er "Guds bok". Ved hjelp av fornufta vår kan vi skilje rett frå gale og til og med bevise Guds eksistens, ifølge Aquinas. Den fulle forståinga av Gud kunne vi likevel berre få ved hjelp av openberre sanningar, som vi finn i Bibelen. For å forstå verda fullt ut er vi derfor framleis avhengige av kyrkja og trua, ifølge Aquinas.
Det moderne mennesket
I renessansen på 14- og 1500-talet skjedde det store endringar i Europa. Nye kontinent blei oppdaga, nye byar vaks fram, handelen vaks, og nye oppfinningar revolusjonerte samfunnet. Vi fekk eit nytt verdsbilete der jorda ikkje lenger var sentrum i universet. I takt med framveksten til vitskapen blei tankane til renessansen og idéar om mennesket utvikla vidare under opplysningstida på 16- og 1700-talet.

René Descartes: Metodisk tvil

René Descartes var fransk filosof og matematikar og blir rekna som den moderne filosofien sin far. Til liks med Platon var Descartes ein rasjonalist og trudde vi berre kunne komme fram til sikker kunnskap ved hjelp av fornufta. Han meinte at vi ikkje kan stole på sansane våre, sidan dei ofte kan lure oss. "Er det ikkje slik at vi ofte kan høyre eller sjå noko vi trur stemmer, men som ved nærare undersøkingar viser seg å vere feil?" skriv han.
For å finne fram til noko som er heilt sikkert, går Descartes metodisk til verks og tviler på alt rundt seg. "Kan ikkje alt eg opplever i verkelegheita vere ein draum eller resultatet av at ein vond demon prøver å lure meg?" skriv han. Han tenker vidare: "Sjølv om det er tilfellet, kan eg ikkje tvile på at eg tviler, det må vere noko som drøymer, eller noko som ein vond demon prøver å lure." Han konkluderer derfor med den berømte setninga: Cogito ergo sum, som betyr "Eg tenker, altså er eg." Det går ikkje an å tvile på at vi har eit eige, tenkande sjølv.
Ifølge Descartes er det eit grunnleggande skilje mellom det tenkande eget vårt, som utgjer sjela, og den fysiske kroppen vår. Til liks med Platon har Descartes eit dualistisk syn på mennesket og meiner at vi består av to heilt ulike delar. Kroppen vår tilhøyrer den fysiske verda og er, til liks med ho, bunden av naturlovene. Sjela vår er derimot ikkje fysisk, og derfor fullstendig fri. I motsetning til dyra, som ikkje er anna enn mekaniske robotar, har mennesket fri vilje, ifølge Descartes. Ei utfordring for Descartes blir likevel å forklare korleis den ikkje-fysiske sjela kan påverke den fysiske hjernen og kroppen vår. Sjølv meinte Descartes at den påverknaden skjedde i konglekjertelen, ein liten utvekst i hjernen, men denne tanken har seinare blitt tilbakevist.

Baruch Spinoza: Vi er del av ein heilskap

Baruch Spinoza var ein nederlandsk filosof. Han blei oppdregen som jøde, men blei utstøytt frå den jødiske synagogen han var ein del av på grunn av meiningane sine. Spinoza var kritisk til Platons og Descartes sitt skilje mellom kropp og sjel. Han meinte at viss du skilde kroppen og sjela heilt frå kvarandre, blei det umogleg å forklare korleis dei verka saman. Han er òg kritisk til å dele opp naturen i sjølvstendige einingar, til dømes enkelte menneske eller dyr eller plantar. I verkelegheita har ingenting av dette oppstått av seg sjølv, og ingenting av dette kan leve uavhengig av omgivnadene sine.
Ifølge Spinoza er kroppen og sjela og mennesket og omgivnadene ein del av den same heilskapen. Det går heller ikkje an å skilje Gud frå verda, ifølge Spinoza. Gud er tvert imot verda og naturen, dei er eitt og det same. Spinoza er ein monist og meiner at det i verkelegheita berre eksisterer éin ting som alt er ein del av. Gud er derfor i mennesket og naturen og verkar gjennom naturlovene. Alt i naturen er årsaksbestemt, ifølge Spinoza, og han meinte derfor at mennesket ikkje har fridom til å bestemme over eige liv eller forandre verda. For Spinoza er fridom noko heilt anna, det er å forstå verda og akseptere det som skjer.

David Hume: Sjølvet er ein illusjon

På seksten- og syttenhundretalet slo for alvor naturvitskapen gjennom i Europa. I vitskapen blir observasjonar og eksperiment brukte for å komme fram til sanninga om naturen. Det vil seie at ein baserer kunnskapen på erfaring. Den skotske filosofen David Hume blei inspirert av naturvitskapen og ville bruke erfaringa til å kartlegge mennesket.
David Hume var empirist. Det vil seie at han meinte at all kunnskap i verkelegheita kjem frå erfaringa. Men kva er det vi erfarer viss vi ser inn i oss sjølve og prøver å finne eit sjølv eller ein fast kjerne som utgjer den vi er? Ifølge Hume finn vi ikkje nokon slik kjerne. Alt vi finn, er ein straum av inntrykk, kjensler og idéar som heile tida forandrar seg. Han konkluderer derfor med at det sjølvet vi menneske tek for gitt, i verkelegheita er basert på ein illusjon.
Ifølge Hume består bevisstheita vår av sanseinntrykk. Dei kan vere enkle, som til dømes ein farge eller ei lukt, eller samansette, som til dømes eit eple (som både består av lukt, farge og form). Desse sanseinntrykka kan deretter bli kopierte i minnet i form av idéar. Desse idéane kan igjen kombinerast med kvarandre. Vi kan til dømes kombinere idéen hest med idéen nashorn og skape idéen einhjørning. På denne måten kan vi, ifølge Hume, lage idéar om ting vi i verkelegheita aldri har erfart direkte, og som derfor ikkje nødvendigvis eksisterer – som Gud og vårt personlege sjølv.
Eit nytt syn på samfunnet
Seksten- og syttenhundretalet var opplysningstida og tidsalderen til dei store revolusjonane. Det oppstod nye tankar om mennesket, og korleis samfunnet burde styrast. På den eine sida står den britiske filosofen Thomas Hobbes. Han hadde eit negativt menneskesyn og forsvarte kongemakt og einevelde. På den andre sida står den franske filosofen Jean-Jacques Rousseau. Han hadde eit positivt menneskesyn og forsvarte demokratiet.
Thomas Hobbes: Mennesket er av natur egoistisk og valdeleg

Den engelske filosofen Thomas Hobbes levde i ei tid prega av uro og krig. Han ville derfor finne eit svar på korleis samfunnet burde styrast, og korleis vi kan komme frå krig til fred. For å finne svar på dette måtte han først finne ut kva funksjon staten og styresmaktene har. Hobbes gjennomførte derfor eit tankeeksperiment: Korleis ville det vere å leve i verda utan nokon stat og utan styresmakt, eit samfunn der kvart menneske var overlate til seg sjølv?
Hobbes kalla dette samfunnet utan lover, reglar og styresmakter for naturtilstanden. I denne tilstanden er alle menneske frie til å ta vare på sitt eige liv. Ifølge Hobbes har alle menneske frå naturen si side ein rett til å prøve å halde oppe sitt eige liv. Samtidig er mennesket egoistisk, og vil prøve å oppnå fordelar på kostnad av andre. Sidan det alltid vil vere knappleik på materielle gode, vil vi få ein alle sin krig mot alle, der alle lever i konstant utryggleik og frykt for kvarandre.
For å bevare sitt eige liv vil mennesket i denne tilstanden overlate noko av den naturlege fridommen sin til ein herskar for at han skal skape fred. Ifølge Hobbes vil dei frivillig inngå ein samfunnskontrakt, der dei overlèt makta til ein eineveldig konge. Når dei først har overlate makta til ein slik konge, kan dei likevel ikkje trekke ho tilbake, fordi ein då berre ville ende opp i ei endelaus rekke borgarkrigar. Sidan poenget med ein stat er å ta vare på livet til innbyggarane, er den einaste grunnen til å gjere opprør, at kongen ikkje vernar retten til liv.

Jean-Jacques Rousseau: Mennesket er av natur godt og fredeleg

Den franske filosofen Jean-Jaques Roussau hevda at mennesket frå naturen si side er godt, og det optimistiske menneskesynet hans var med på å inspirere den amerikanske og franske revolusjonen. Rousseau var sterkt kritisk til Hobbes filosofi. Han meinte at "primitive" menneske i naturtilstanden ikkje ville kjempe mot kvarandre. Tvert imot ville menneske møte kvarandre med tillit. Dette er dels fordi vi er fødde med ein naturleg eigenkjærleik som gjer at vi liker å klare oss sjølve og berre dekke våre eigne umiddelbare behov, og dels fordi vi alle er fødde med ei naturleg medkjensle og derfor vil ønske å hjelpe kvarandre.
Ifølge Rousseau er det samfunnet, og ikkje mennesket sine naturlege eigenskapar, som fører til krig og konflikt. "Mennesket er fødd fritt, men overalt er det i lenker", skriv han. Opphavet til mennesket sin ufridom kjem av det første mennesket som gjerda inn eit landområde og kalla det for sitt. Dette førte til at menneska starta med å samanlikne seg med kvarandre og konkurrere. Dei samlar seg i byar og begynner å kjempe om rikdom og status for å overstråle kvarandre. Dei konkurrerer om makt, og dette fører til undertrykking. På denne måten mister mennesket den naturlege fridommen sin og sjølvstendet sitt, meiner han.
For Rousseau er løysinga at vi menneske finn tilbake til den opphavlege naturen vår. Han vil at menneske skal dyrke enkle gleder og tek til orde for ei barneoppseding som let barnet fritt få utvikle dei naturlege eigenskapane sine. Han tek òg til orde for eit styresett som tek vare på mennesket sin naturlege fridom. I motsetning til Hobbes meiner Rousseau at mennesket aldri kan overgi fridommen sin til nokon andre. Styret av samfunnet bør derfor vere basert på viljen til alle innbyggarane. Rousseau kalla det for allmennviljen, det som er godt for alle i samfunnet. Men korleis vi skal komme fram til kva allmennviljen verkeleg er, i små og store politiske saker, held fram med å vere ei utfordring for Rousseau.
Det frie mennesket: Eksistensialismen
Fridom er ein viktig verdi i samfunnet vårt. Men kva betyr det eigentleg at mennesket er fritt? Ei filosofisk retning innanfor moderne filosofi som er oppteken av kva det vil seie å vere fri, er eksistensialismen. Ifølge eksistensialismen er det eit kjenneteikn på mennesket at vi kan forhalde oss til vår eigen eksistens, vi kan ta eit trinn tilbake og betrakte vårt eige liv og verda rundt oss. Det gjer at vi er frie til å ta våre eigne val og sjølv forme liva våre og den verda vi er ein del av.

Jean Paul Sartre: Mennesket formar seg sjølv

Ein av dei mest kjende eksistensialistane i førre hundreår var den franske filosofen Jean Paul Sartre, som meinte at mennesket var kasta ut i verda. Han samanlikna det med å vere plassert på ein scene utan å ha ei rolle eller eit manus å forhalde seg til. På denne scenen må vi sjølv velje kva vi vil seie, og kva vi vil gjere.
Sartre meinte at mennesket ikkje hadde ein essens eller fast kjerne, men at vi formar oss sjølve og erfaringane våre gjennom dei sjølvvalde prosjekta våre. Tenk deg at du skal møte ein venn på ein kafé. Når du går inn i kaféen, vil alt du legg merke til vere forma av ønsket ditt om å finne vennen. Det er dette prosjektet som bestemmer korleis du tolkar omgivnadene dine. På denne måten er vi heile tida sjølv med på å gi verda rundt oss meining og betydning.
Ifølge Sartre er det vanskeleg for mange menneske å ta inn over seg kor frie dei i verkelegheita er, fordi dei då må ta fullstendig ansvar for sine eigne liv. Sartre hevdar derfor at mange flyktar inn i førestillingar om at vi har ein fast natur, eller kjerne, som er bestemd av biologi, tradisjonar eller religiøse førestillingar. Han kallar det ei falsk tru. I staden for å leve ekte og autentisk vel vi å leve inautentisk. Vi flyktar inn i ein illusjon om at den vi er, og den måten vi lever liva våre på, blir bestemd av andre og ikkje oss sjølve.

Simone de Beauvoir
Den kjende franske filosofen Simone de Beauvoir brukte eksistensialismen sitt syn på fridom til å angripe eit tradisjonelt kjønnsrollemønster.
Ifølge dei Beauvoir blir kvinner oppdradde til å tenke på seg sjølve i relasjon til mannen, som det andre kjønnet.
For de Beauvoir var det viktig at kvinna braut ut av dei tradisjonelle kjønnsrollene for å kunne leve fritt, sjølvstendig og likestilt.
Du kan lese meir Simone de Beauvoir og ulike syn på kjønn i filosofien i desse artiklane:
