Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Gandhi

Ifølge Mahatma Gandhi må mennesket alltid søke sanninga og prøve å leve etter ho. Det kan ein berre gjere viss ein avstår frå vald. Gandhis ikkje-valdelege aksjonar var med på å frigjere India og blei ei viktig inspirasjonskjelde for Nelson Mandela og Martin Luther King.

Natt til 8 juni 1893 blei den unge, indiske advokaten M.K Gandhi kasta av eit tog i Sør-Afrika fordi han var farga og ikkje ville forlate ein kupé for kvite. Heile natta blei han liggande vaken på ein iskald togstasjon og tenke på kva han skulle gjere. Til slutt bestemte han seg for å gjere aktiv motstand mot styresmaktene. Han ville kjempe mot alle dei løgnene som rasefordommane bygde på.

Gandhi starta ein lang kamp for fridom og like rettar, først i Sør-Afrika og seinare i heimlandet sitt, India – ein kamp som enda med den indiske frigjeringa frå Storbrittania i 1948.

Les meir om Gandhis liv og politiske aksjonar i artikkelen om Gandhi på SNL.

Å halde fast på sanninga

Gandhi kalla måten sin å protestere på for Satyagraha, som kan omsetjast med å halde fast på sanninga. Det er sett saman av dei to orda satya som betyr "sanning" og agraha som betyr "å insistere på."

Ifølge Gandhi har sanninga ei eiga kraft, og viss du skal kjempe for det som er rett, må du halde fast på denne krafta. Sanninga er den stemma alle menneske har inni seg og som fortel oss kva som er rett og gale. Ho kan finnast igjen i religionane og livssynet i heile verda, og Gandhi kallar ho både Gud, kjærleik og moral.

Sidan sanninga finst inni oss, må alle menneske finne ho i seg sjølv. Det betyr at du ikkje kan tvinge nokon til å nærme seg sanninga. Alt du kan gjere er å hjelpe andre til frivillig å lytte til stemma til samvitet.

Sanninga er òg noko alle menneske har felles. Det betyr at du ikkje kan skade eit anna menneske utan å samtidig skade noko ved deg sjølv. Å nærme seg sanninga betyr at ein nærmar seg andre menneske og det du har til felles med dei – noko du berre kan gjere viss du avstår frå vald.

Ikkje-vald – ahmimsa

Ifølge Gandhi var sanning og ikkje-vald så tett forbundet, at dei nærast ikkje kunne skiljast frå kvarandre. Sanning er målet og ikkje-vald middelet. Ein når ikkje fram til sanning, viss ein ikkje gir avkall på bruken av vald. Vi haustar det vi sår, og vald avlar berre meir vald.

Ahimsa

Ikkje-vald, eller ahimsa, er sanskrit og betyr "fråvær av ønske om å skade". Det har djupe røter i indisk kultur. Du kan lese meir om ahimsa sitt opphav på SNL.

For Gandhi var ikkje-valdelege aksjonar ei aktiv handling og det motsette av feigskap. Sjølv blei han banka opp, livstruande skadd og fengsla. Ikkje-valdelege aksjonar kravde at ein var villig til å ofre sitt eige liv og eiga helse for å endre oppfatningane til motstandarane.

Makta til dømet

Ikkje-vald handlar ikkje berre om å avstå frå fysisk vald ifølgje Gandhi. Det handlar òg om å kjempe mot valdelege tankar og kjensler.

Hat, løgn, harde ord og til og med kritikk av andre er ei form for vald ifølge Gandhi. Han lét derfor ofte vere å kritisere dei britiske styresmaktene og dei politiske motstandarane sine.

I Vesten er det vanleg for filosofar å kritisere kvarandre for å komme fram til riktige moralske prinsipp. For Gandhi var kritikk av andre tvert imot noko som leidde ein vekk frå sanninga. Sanninga er ikkje moralske prinsipp vi teoretisk kan diskutere oss fram til, men tvert imot noko vi må nærme oss i praksis gjennom gode og rettferdige handlingar overfor andre.

Gandhi meinte at ein først og fremst måtte gjere motstand ved å vere eit godt døme. Det er ein forskjell på å utføre gode handlingar og det å kritisere andre. Gandhi og tilhengarane hans nekta derfor å bruke vald og rette seg etter urettferdige lover. Dei laga òg sine eigne klede, fordi dei ikkje ville støtte den økonomiske utnyttinga til britane – og dei nekta å betale skatt. Ifølge Gandhi kunne ikkje 150 000 britar styre 350 millionar indarar viss indarane ikkje samarbeidde.

Kvifor ikkje-vald?

Gandhi peika sjølv på fleire ulike grunnar til at ikkje-vald var den beste måten å protestere på:

  1. For det første vil motstandarar lettare la seg overtyde når dei ser at du er villig til å ofre ditt eige liv i ein fredeleg protest. Dei vil forstå at krava er oppriktige, og at du ikkje er ute etter å skade dei.
  2. For det andre fører ikkje-valdelege protestar ein sjølv nærare sanninga. Ved å utsetje seg sjølv for liding og fysisk fare for sanninga si skuld, vil ein overvinne si eiga frykt og få kontroll over sine eigne kjensler og impulsar.
  3. For det tredje blir ingen uskuldige skada i ikkje-valdelege protestar. Ifølge Gandhi har ingen monopol på sanninga. Viss det ein kjemper for er feil, er det betre at ein ber lidingane sjølv.

Gandhis draum var at India skulle frigjere seg utan bruk av vald. Det ville vise verda at indarane var i stand til å kjempe mot sitt eige hat mot britane og sine eigne valdelege impulsar, og at dei derfor var modne nok til å styre seg sjølv. Det ville òg vise verda at indarane ikkje berre overtok måten den britiske kolonimakta tenkte og handla på, men at dei òg følgde sin eigen veg.

Fordjuping: Gandhi og Bhagavadgita

Bhagavadgita

Ifølge Gandhi var alle religionar likeverdige. Dei var ulike vegar til den same sanninga. Sjølv var Gandhi hindu. Den teksten som påverka han mest, var det indiske lærediktet Bhagavadgita, men også Bergpreika i Bibelen inspirerte han.

Tenk over: Handlar alle religionar djupast sett om det same?

Bhaghavaghita er eit hinduistisk læredikt frå ca. 200 fvt. Vi møter guden Krishna og krigarprinsen Arjuna før eit stort slag. Arjuna er fortvila fordi han må kjempe mot slektningane sine og tidlegare lærarar og spør Krishna om råd.

Kva er det rett av han å gjere i denne situasjonen?

Tenk over: Ville du kunne ha drepe dine eigne slektningar i krig?

Samanhengen mellom det ytre og indre

Krishna fortel Arjuna at han må vende blikket innover. For å forstå kva han skal gjere for å kjempe mot dei ytre fiendane må Arjuna lære å kjempe mot dei indre fiendane sine.

Ifølge Gandhi må ein starte med å endre seg sjølv. Målet med dei ikkje-valdelege aksjonane var ikkje berre å kjempe mot britane, men også sine eigne valdelege impulsar.

For Gandhi var det ein samanheng mellom den indre og den ytre kampen. Mens vald berre skaper ei endring ved hjelp ytre middel, skaper ikkje-vald ei indre forandring hos motstandarane. Dei blir overtydde i staden for overvunne.

Tenk over: Kan du forandre verda utan å forandre deg sjølv først?

Bhagavadgita om sanning

Krishna fortel Arjuna at det første han må gjere er å vende blikket innover. Han må først søke sanninga og gjere ho til ein del av seg sjølv. Gjer han det, vil han innsjå at eitkvart menneske har ei evig sjel. Arjunas fortviling over å måtte drepe slektningane sine er derfor grunnlaus. I verkelegheita vil sjelene deira fortsetje å eksistere.

Gandhi kalla sjølv aksjonsforma si Satyagraha, å halde fast ved sanninga. Før han starta ein aksjon, kartla han situasjonen grundig, og målet hans var alltid å nærme seg sanninga. Gandhi trudde også mennesket hadde ei evig sjel, og meinte denne innsikta gjorde det lettare for han sjølv og tilhengarane hans å risikere livet i ikkje-valdelege aksjonar.

Tenk over: Må du starte med sanninga for å forandre verda i riktig retning?

Bhagavadgita om sjølvkontroll

Krishna fortel deretter Arjuna korleis han skal finne sanninga. Ifølgje Krishna må Arjuna ikkje la seg styre av sansane. Sinne, hat, frykt og begjær leier ein vekk frå sanninga. Arjuna må derfor lære seg å kontrollere tankane og kjenslene sine.

For Gandhi var det viktig å øve seg på å meistre tankane og kjenslene sine. Han levde eit asketisk liv og er kjend for å ha sagt: "Verda kan dekke menneska sine behov, men ikkje begjæret deira". Ifølge Gandhi er vald ofte eit resultat av manglande sjølvkontroll, mens ikkje-valdelege aksjonar krev at ein overvinn dei valdelege impulsane sine.

Tenk over: Er du sterkast viss du svarer på vald med vald eller ikkje-vald?

Bhagvadgita om å vere eit eksempel

rishna fortel også Arjuna at han ikkje må fokusere på fruktene av sine eigne handlingar. Han kan berre kontrollere sine eigne handlingar og ikkje konsekvensane av handlingane.

Ifølge Krishna burde ein berre fokusere på sjølve handlinga. I staden for å forsøke å påverke andre burde ein vere eit godt eksempel. Hvis du er eit godt eksempel, vil andre følgje etter av seg sjølv.

Gandhi sjølv var oppteken av å leve som han lærte og unnlot ofte å kritisere andre. Han ville at dei ikkje-valdelege aksjonane skulle vere eit eksempel som andre kunne følge. I eit kjent sitat sa han:

"Ver forandringa du ønsker å sjå i verda".

Tenk over: Er den beste måten å forandre andre på å gå føre som eit godt eksempel?

Bhagvadgita og Bergpreika

Bergpreika er ein sentral tekst i det nye testamentet og ei viktig kjelde til kristen etikk.

I sjølvbiografien sin samanliknar Gandhi Jesu bodskap i Bergpreika med Baghavadgita. Begge stader finn han den same tanken om forsaking som ein veg til sanning.

Det var spesielt denne passasjen i Bergpreika som gjorde inntrykk på Gandhi:

"Set dykk ikkje til motverge mot den som gjer vondt mot dykk. Om nokon slår deg på høgre kinn, så vend også det andre til. Vil nokon saksøke deg og ta skjorta di, så la han få kappen óg."

Tenk over: Er det best å ikkje svare med hemn når nokon slår eller stel?

Bhagavadgitas mange tolkingar

Gandhi tolka Bhagavadgita først og fremst som ei beskriving av ein indre kamp, men det finst mange alternative tolkingar.

I Bhagavadgita seier Krishna gjentekne gonger til Arjuna at han må gjere plikta si som krigar og kjempe mot slektningane sine. Teksten er derfor også blitt brukt av hindunasjonalister til å forsvare krig og våpenbruk.

Bhagavadgita blei óg brukt til å forsvare drapet på Gandhi sjølv i 1948. Den hindusnasjonalistiske drapsmannen hevda i sin forsvarstale at Bhagavadgita gav han rett til å ta livet av fiendane sine.

Tenk over: Er det best å ikkje svare med hemn når nokon slår eller stel?

Kjelder

Bilgrami, A. (2003) . Gandhi – The philosopher. Henta frå: https://philosophy.columbia.edu/files/philosophy/content/BilgramiGandhi.pdf

Gandhi, M.K. (1927). An autobiography or the story of my experiments with truth. Ahmedabad: Navajivan Publishing House.

Gandhi, M.K. (1980). M.K. Gandhi interprets the Bhagvadgita. Dehli: Orient Paperbacks.

Gandhi, M. (1999). Vi er alle søsken. Oslo. Bokklubben Dagens Bøker.

Harcourt, B.E. (2017, 25. november). Introduction to satyagraha. Henta frå: http://blogs.law.columbia.edu/uprising1313/bernard-e-harcourt-introduction-to-satyagraha/

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist oppdatert 25.03.2026