Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Idéar om mennesket i indisk filosofi

Indisk filosofi går mange tusen år tilbake i tid og er svært mangfaldig. Mange av spørsmåla som indiske filosofar har vore opptekne av, handlar om mennesket.

Religion og filosofi i India

I India er det ikkje eit klart skilje mellom religion og filosofi. Derfor er det ein nær samanheng mellom utviklinga av hinduismen som religion og ulike filosofiske retningar. I filmen under (lengde 5:59) kan du sjå eit samandrag av hinduismens historie. Den første halvdelen av filmen tek òg opp fleire sentrale utviklingstrekk i filosofihistoria i India.

Video: Arkikon / CC BY-NC-SA 4.0

Indisk filosofi

I India finn vi kanskje dei eldste levande filosofiske tradisjonane i verda. Dei kan førast tilbake til heilage skrifter – Vedaene – som oppstod frå rundt 1200 f.Kr. Det begynte å danne seg ulike filosofiske skular i India frå rundt år 500 f.Kr., og vi får etter kvart eit stort mangfald av ulike filosofiske retningar.

Dei indiske filosofane er opptekne av desse spørsmåla:

  • Kva er eit menneske?

  • Har vi ei evig sjel?

  • Kva består verda av?

  • Korleis kan vi finne ut kva som verkeleg er sant, og kva som er usant?

Trass i det store mangfaldet blant indiske filosofar var dei i stor grad einige om at det er ein samanheng mellom forståinga vår av verda og vår eigen individuelle lagnad. Ei rett forståing av verda vil derfor kunne ha ein direkte innverknad på våre eigne liv.

Ein ting som skil dei filosofiske retningane i India, er om dei anerkjenner dei heilage skriftene, Vedaene, eller ikkje. I klassisk indisk filosofi skil vi ofte mellom seks ortodokse skuleretningar som alle tek utgangspunkt i Vedaene. To retningar som ikkje anerkjenner Vedaene, er buddhismen og jainismen. Dei oppstod i India på 500-talet f.Kr. og har sine eigne skrifter og religiøse og filosofiske tradisjonar. Ei anna retning som ikkje anerkjenner Vedaen, er Carvaka. Det er ei retning som hevdar at alt som eksisterer, er fysiske ting (materialisme), og derfor avviser ho alle førestillingar om gudar, gjenføding og karma.

Viktige fellestrekk i indisk filosofi

Nokre viktige fellestrekk blant mange av dei filosofiske retningane i India, inkludert buddhismen og jainismen, er trua på samsara, karma og moksha.

Dei aller fleste filosofiske retningane i India deler ei syklisk forståing av tida. Universet har inga endeleg byrjing eller slutt, men beveger seg i ein evig sirkel. På same måten som universet ikkje tek slutt, forsvinn heller ikkje menneske fullstendig når dei døyr, men blir i staden gjenfødde. Alle menneske er derfor fanga i ein evig sirkel, samsara, av gjenføding og død. Kva vi blir gjenfødde som, er styrt av karma – dei tidlegare handlingane våre. Målet for livet er moksha (i nokre tradisjonar kalla nirvana) – å frigjere oss frå den evige gjenfødinga i samsara.

Dei ulike retningane tolkar både samsara og karma ulikt og har ulike forklaringar på korleis vi best kan oppnå frigjering. Men dei er alle einige om at vi kan oppnå frigjering ved hjelp av rett innsikt og ei rett forståing av oss sjølve og verda.

Kva er målet med livet, og korleis burde vi leve?

Fire mål for livet

Korleis bør vi leve, og kva bør vi streve etter i livet? Ei tradisjonell hinduistisk forståing skil mellom fire ulike verdiar eller mål for livet:

  • rikdom og politisk makt (artha)

  • sanseleg nyting (kàma)

  • moralske og sosiale forpliktingar (dharma)

  • frigjering (moksha)

Desse fire ulike verdiane er ikkje like viktige. Den minst viktige er rikdom og politisk makt, fordi han berre har ein – som eit middel for å oppnå noko anna. Deretter kjem sanseleg nyting. Nyting har ein , men er likevel mindre verd enn moralske og sosiale forpliktingar. Det er fordi det er evna vår til å leve moralsk og følge pliktene, som skil oss frå dyra. Det er òg dei moralske pliktene som gjer oss i stand til å skilje mellom sanselege nytingar som verkeleg er verdifulle og dei som ikkje er det.

Fire livsstadium

Ei viktig moralsk forplikting for hinduane er ahimsa, eller ikkje-vald, det å ikkje skade andre. Andre moralske og sosiale plikter er knytte til posisjonen deira i kastevesenet. Dei ulike moralske og sosiale pliktene er òg knytte til kva fase dei er i i livet. Det er viktig – i alle fall blant menn i dei høgare kastane – å ha følgande ideal i ulike fasar av livet:

  1. Student: Når du er ung, skal du studere og skaffe deg kunnskap.

  2. Familieforsørgar: Når du blir eldre, er det forventa at du skal arbeide, gifte deg, få barn og leve saman med familien din.

  3. Pensjonstilværet: Mot slutten av livet skal du gradvis gi avkall på materielle goder og banda til familien, og fokusere meir på åndelege aktivitetar.

  4. I den siste fasen av livet skal du gi fullstendig avkall på alle materielle gode og fokusere heilt og fullt på frigjering, moksha.

Den høgaste verdien og det viktigaste målet i livet er frigjering, eller moksha. Derfor er det optimale å klare å fokusere på denne verdien mot slutten av livet. Eit spørsmål som var mykje diskutert blant dei ulike retningane i indisk filosofi, var samanhengen mellom frigjering og dei moralske og sosiale forpliktingane. Ifølge nokre filosofiske retningar kan du oppnå frigjering berre ved å utføre dei moralske og sosiale forpliktingane dine. Andre meiner frigjering krev litt meir, men at dei sosiale og moralske pliktene er ein viktig føresetnad. Til slutt finst det dei som meiner at frigjering er heilt uavhengig av dei moralske og sosiale forpliktingane.

Mahatma Gandhi

Mahatma Gandhi (1869–1948) var ein indisk advokat som leia den indiske kampen for sjølvstende frå det britiske koloniherredømmet.

Gandhi blei særleg kjend for dei ikkje-valdelege aksjonane sine. Denne fredelege motstandskampen var bygd på idéar om mennesket henta frå indisk filosofi og religion. Han var til dømes sterkt inspirert av Bhagavadgita, ein hinduistisk tekst frå 200 f.Kr.

Du kan lese meir om Gandhi og filosofien hans i artikkelen "Gandhi".

Kven er eg?

Kva betyr det å vere eit menneske? I vår tid er det vanleg å tenke at vi alle har ein individuell personlegdom – ein kjerne, noko ekte – som utgjer kven vi er. Men i indisk filosofi finn vi heilt andre tankar og idéar om kva som utgjer eit menneske. Felles for mange av desse filosofiske tradisjonane er å hevde at vanlege oppfatningar av kven vi er, i verkelegheita er baserte på ein illusjon, og at det trengst ei spesiell innsikt for å forstå kven vi verkeleg er.

Tenk etter

Kor mange gonger bruker du ordet "eg" i løpet av ein dag? Men kva er eigentleg dette "eget" du snakkar om? Er det noko fast, noko foranderleg eller noko evig?

Sankhya og eit dualistisk menneskesyn

I indisk filosofi blir ofte Sankhya rekna som den eldste retninga. Ifølge sankhya består verda og mennesket av to ulike delar eller prinsipp. Den eine delen, purusha, er rein bevissheit. Den andre delen, prakriti, består av den materielle verda som er i stadig forandring.

Ifølge Sankhya er årsaka til menneske si liding, at vi ikkje innser at vi sjølv og verda er delte i to heilt ulike delar. Vi oppfattar feilaktig oss sjølve som ein heilskap, som eit menneske, og ikkje eit menneske som er delt i to. Sidan denne feilaktige visinga fører til liding, oppstår det eit ønske i oss om å bli fri. For å bli fri frå lidinga må vi likevel innsjå at vårt verkelege sjølv, sjela vår eller atman, som det heiter på sanskrit, tilhøyrer purusha og er heilt skild frå kroppen og den materielle verda rundt oss.

Sankhyas todeling av mennesket blir i filosofien kalla for dualisme. Ein slik dualisme finn vi igjen i vestleg filosofi som eit skilje mellom kropp og sjel eller kropp og bevisstheit, men Sankhyas dualisme er ganske ulik den vi finn i Vesten. Ifølge Sankhya tilhøyrer tankane våre den materielle verda (prakriti). Det er ikkje det verkelege sjølvet vårt, eller sjela, som aktivt tenker eller tek avgjerder, slik vi ofte ser det i vestleg filosofi. I Sankhya er purusha ein føresetnad for tenking, men i seg sjølv passiv og tom, og ei form for rein bevisstheit.

Sankhyayoga

I dag møter vi ofte på yoga som ei form for trening som fokuserer på fysiske øvingar og pusteteknikkar. Ho gjer at du blir sterkare, meir fleksibel og får større mentalt fokus. Denne forma for yoga stammar opphavleg frå India. Det var ei retning som vaks ut av Sankhya og blir derfor av og til kalla sankhyayoga. I sankhyyoga kan vi lett forenkla sei at Sankhya representerer teoridelen, mens yoga er den praktiske delen.

I motsetning til mykje vestleg yoga blir det ikkje fokusert på kroppen for kroppen si eiga skyld i sankhyayoga. Poenget med dei fysiske øvingane i sankhyayoga var nettopp å overgå, eller transendere, kroppen for å få ei djupare innsikt i kven vi verkeleg er. Det verkelege sjølvet er fanga i kroppen. Det er først når vi gjennom fysiske øvingar og meditasjon klarer å frigjere oss frå kroppen, og den fysiske og materielle verkelegheita vi er fanga i, at vi får innsikt i kven vi verkeleg er.

Shankara og eit monistisk menneskesyn

Den indiske filosofen Shankara (ca. 788–820) var sterkt kritisk til den eldre Sankhyaretningen. Shankara var med på å forme ut Advaita Vedanta-retninga, som fekk stor innverknad i India. Shankara hevda at alt som verkeleg eksisterer, er brahman – eit uforanderleg guddommeleg prinsipp. Mennesket sin veg til frigjering er å innsjå at den vi trur vi er, vårt sjølv eller ego, er basert på ein illusjon. Den vi verkeleg er, vår djupaste sjel – atman – er eigentleg ein del av brahman.

I motsetning til Sankhya hevdar Shankara at verda og mennesket ikkje består av to delar, men i verkelegheita berre éin – brahman. Han hevdar derfor at den fysiske og materielle verda som omgir oss, ikkje er verkeleg, men ein illusjon eller eit blendverk, kalla Maya på sanskrit.

"Brahma" og "brahman"

  • Brahma (med stor B) er namnet på ein av dei viktigaste gudane i hinduismen.

  • brahman (med liten b) er det uforanderlege guddommelege prinsippet som Shankara snakka om. Ordet kan òg brukast om medlemmer av den høgaste samfunnsklassen i hinduismen: presteklassen (òg kalla brahmin).

Til liks med Sankhya hevdar likevel Shankara at sjela vår – atman – består av ei form for rein bevisstheit. Men i motsetning til Sankhya hevdar Shankara at vi ikkje eigentleg har ulike sjeler, men at sjelene våre alle berre er ein del av den same underliggande bevisstheita. I filosofien blir ei forståing av at alt i verda kan førast tilbake til eit prinsipp eller ein substans, kalla monisme.

Det er ikkje slik at Shankara nektar for at vi har ei oppleving av den materielle verda rundt oss, eller av oss sjølve som ulike personar. Han hevdar likevel at det finst ulike nivå av sanning. I det daglege livet kan det vere sant at vi opplever oss sjølve som ulike personar, men på eit meir grunnleggande nivå er denne opplevinga basert på ein illusjon.

Buddhismen og ikkje-sjølv

Buddhismen blei grunnlagd av Siddhartha Gautama rundt år 400 f.Kr. Han blei kjend som Buddha, den oppvakna, av tilhengarane sine, fordi han gjennom meditasjon nådde ein tilstand av opplysning og frigjering. Buddha aksepterte fleire av dei sentrale tankane i indisk filosofi på si eiga tid, som karma, reinkarnasjon og samsara, men synet hans på mennesket var radikalt annleis.

Ifølge Buddha er førestillinga om at vi har ein kjerne – at vi har eit permanent sjølv eller ei evig sjel – basert på ein illusjon. I verkelegheita er alt i og rundt oss i kontinuerleg forandring. Det er ingenting som har ein fast natur, heller ikkje sjela. Buddha hevdar derfor at sjela ikkje eksisterer. Fråværet av denne sjela blir kalla anatman, ikkje-sjølv eller ikkje-sjel, i buddhistisk filosofi.

Førestillinga om at vi sjølv og verda rundt oss består av noko fast, gjer at vi prøver å knyte oss til menneska og tinga rundt oss, ifølge Buddha. Sidan alt rundt oss heile tida forandrar seg, vil det å knyte seg til desse tinga før eller sidan føre til liding og gjere oss ulykkelege. Den einaste måten å bli kvitt denne lidinga på er å slutte å knyte seg til verda, og innsjå at verken vi sjølv eller andre har ei uforanderleg sjel eller eit fast sjølv.

Ikke-sjølv og reinkarnasjon

Viss buddhistane trur på reinkarnasjon, men ikkje ei fast, uforanderleg sjel, kva er det då som blir gjenfødt etter at vi døyr? Ifølge buddhismen består mennesket av ulike energiglimt, eller skandhaer, som heile tida er i forandring. Det er delar av desse energiglimta som fødast igjen etter at vi døyr, og som sikrar ei viss kontinuitet frå eit liv til det neste. Du kan lese meir om menneskesynet til buddhismen og skandhaene i artikkelen "Buddhismen – menneskesyn".

Nagarjuna

Ein av dei filosofane som klarast formulerte buddhismen sitt syn på anatman eller ikkje-sjølv, var Nagurjana (ca. 150–250). Til liks med Shankara tenker han seg to nivå av sanning. På eit overfladisk nivå snakkar vi om konkrete ting og individuelle menneske som om dei har ein fast kjerne og er ulike frå kvarandre. Men på eit djupare plan er alt i kontinuerleg forandring, og ingenting eksisterer uavhengig av kvarandre.

Tenk deg ei vogn. Sjølv om vi snakkar om vogna som om ho er ein ting, består ho i verkelegheita av mange ulike delar: hjul, golv, vegger, hjulaksel og så vidare. Desse delane kan igjen bli delte opp i mindre delar. På same måten er det med mennesket. Vi tenker på oss sjølve som noko uavhengig og eige, men i verkelegheita består vi av mange ulike delar: musklar, blodårer og sener som er i kontinuerleg forandring.

I verkelegheita har verken menneske eller ting nokon kjerne, essens eller eigen-natur, ifølge Nagarjuna. For at noko skal ha ein essens eller eigen-natur, må det kunne eksistere uavhengig av alt anna. Men det trur ikkje Nagarjuna er mogleg. Korleis skal noko som er uavhengig av alt anna, kunne oppstå? Ingenting kan jo oppstå av ingenting. Nagarjuna konkluderer derfor med at alt eigentleg er "tomt". Ifølge Nagarjuna har verken materielle ting eller idéar ein essens eller kjerne.

For å forstå at mennesket eigentleg er "tomt" og manglar ei sjel eller ein fast kjerne, må vi meditere, ifølge Nagarjuna. Det er ei sanning det berre er mogleg å formidle ved hjelp av erfaring, og ikkje ved hjelp av teori eller læresetningar. Det er jo ikkje mogleg å formulere ein fast teori om noko som heile tida er i forandring.


Charvaka og hedonismen

Den indiske filosofiskulen Charvaka var oppkalla etter grunnleggaren Charvaka som levde omtrent samtidig som Buddha (ca. 500–400-talet f.Kr.). Han hevda at det einaste vi kan vite noko om, er det vi direkte erfarer, altså kroppen, den materielle verda rundt oss og det faktumet at vi alle skal døy. Sidan vi alle skal døy, tok ho til orde for at vi burde prøve å nyte livet så mykje som mogleg her og no. Dei var ateistiske og avviste alle førestillingar om gudar, reinkarnasjon, sjel, karma og frigjering.

Charvaka representerer ei form for ateistisk hedonisme som vi òg finn i vestleg filosofi, og som i dag appellar til mange moderne menneske. Hedonisme kjem av det greske hedone, som betyr "lyst". Ifølge hedonismen burde vi leve på ein måte som gir oss mest mogleg nyting og minst mogleg smerte. Men akkurat kva det inneber å få mest mogleg nyting og minst mogleg smerte, finst det svært mange ulike syn på.

Kjelder

Baggini, J. (2018). How the world thinks. A global history of philosophy. Granta.

Hamilton, S. (2001). Indian Philosophy. A very Short Introduction. Oxford University Press.

Harrison, V.S (2019). Eastern philosophy. The basics. London: Routledge.

Perret, R.W. (2016). An Introduction to Indian Philosophy. Cambridge University Press.

Simonsson, N. & Jacobsen, K.A. (2024, 24. november). Hinduistiske filosofiskoler. I Store norske leksikon. https://snl.no/hinduistiske_filosofiskoler

Wetlesen, J. (2000). Selverkjennelse og frigjøring. Et buddhistisk perspektiv. (2. utg.) Buddhistforbundets forlag.

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist oppdatert 02.03.2026