Simone de Beauvoir - Religion og etikk - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Simone de Beauvoir

Ein blir ikkje fødd som kvinne, det er noko du blir, ifølgje den franske forfattaren og filosofen Simone de Beauvoir. Ho hevda at kvinna blei oppdradd til audmjukskap, til å heile tida sjå seg sjølv i motsetnad til mannen, som det andre kjønnet.

Simone de Beauvoir beskriv seg sjølv som eit opprørsk barn. Ho hadde ei optimistisk kjensle av at reglar og rutinar var noko som kunne overskridast, men det var ikkje plass til ei opprørsk ungjente i de Beauvoirs familie. For å oppnå ros og anerkjenning av foreldra og slektningane sine måtte ho skjule seg bak ein fasade. Ho måtte bli ei veloppdradd ung jente, men lengten etter fridom forsvann ikkje. Ho gledde seg til å byrje på skulen. Det var ei moglegheit til å få sitt eige liv.

21 år gammal blei ho den yngste som nokosinne hadde teke agrègation, Frankrikes mest prestisjefylte eksamen i filosofi. Eksamenen gav henne arbeid, ei eiga leilegheit og endeleg sjansen til å bestemme over sitt eige liv. På universitetet møtte ho livspartnaren sin, filosofen Jean-Paul Sartre. Saman blei dei viktige forgrunnsfigurar for eksistensialismen, ei filosofisk rørsle som fokuserer på fridommen til enkeltmennesket.

For Simone de Beauvoir er det likevel openbert at ho sjølv og andre kvinner ikkje hadde den same reelle fridommen og dei same reelle moglegheitene som menn. I det filosofiske hovudverket sitt Det annet kjønn forsøkte ho å forstå kvifor det var slik. Der skil ho mellom tre ulike former for fridom: ein eksistensiell, ein konkret og ein moralsk fridom.

Eksistensiell fridom

Det som først og fremst skil mennesket frå dyra ifølgje de Beauvoir og eksistensialistane, er at vi kan vere medvitne vår eigen eksistens. Vi har ein eksistensiell fridom. Kvar gong vi handlar, veit vi på same tid at vi har moglegheita til å handle annleis. Mens dyr handlar instinktivt, er mennesket fritt og kan ignorere instinkta sine.

Ei kvinne kan til dømes velje å ikkje få barn. Det er derfor ikkje dei biologiske forskjellane som er viktige, men korleis vi vel å stille oss til dei. På same måten som vi i samfunnet vårt ikkje legg noko vekt på biologiske forskjellar som auge- og hårfarge, kan vi velje å ignorere kjønnsforskjellane.

Ifølgje de Beauvoir og Sartre er mennesket dømt til fridom. Sartre samanliknar denne fridommen med å plutseleg stå på ein teaterscene utan å vite kva rolle du skal spele og utan å ha noko manus å halde deg til.

Denne fullstendige fridommen fører på same tid med seg eit enormt ansvar for eige liv som det er vanskeleg å ta inn over seg. Det er enklare å flykte inn i ei førestilling om at kvinner og menn er ulike, og at vi frå naturen si side har våre faste definerte roller. Då slepp ein ansvaret for sine eigne val. Denne flukta frå fridom kallar de Beauvoir for sjølvbedrag eller inautentisitet.

Konkret fridom

Å leve ekte og autentisk fører med seg at ein innser fridommen sin og tek ansvar for sine eigne val og handlingar. Kvifor vel så mange kvinner sjølv å leve inautentisk og flykte frå fridom? At alle menneske er fødde med ein eksistensiell fridom, betyr ikkje at alle menneske har dei same konkrete moglegheitene og den same fridommen til å leve sitt eige liv.

Ifølgje de Beauvoir blir kvinner systematisk oppdradde til å tenkje på seg sjølv i relasjon til mannen som det andre kjønnet. Mens mannen er den aktive og sterke, er kvinna den svake og passive. Mens mannen er subjekt, er kvinna objekt. Dette finn vi att overalt i kulturen. Allereie frå barnsbein av får gutane anerkjenning for å vere aktive og dominerande, mens jentene får anerkjenning viss dei er stille, lydige og pliktoppfyllande.

Det er ikkje berre kulturen som gjer det vanskeleg for kvinna å leve eit fritt og sjølvstendig liv. Simone de Beauvoir hevdar også at dei økonomiske strukturane nesten alltid har gitt menn større moglegheiter. Kvinner har vore nekta moglegheiten for utdanning og arbeid innanfor mange yrke, og i dei yrkene ho kunne arbeide, fekk ho gjerne dårlegare betalt. Ei kvinne som ville leve sjølvstendig og uavhengig, måtte derfor ikkje berre bryte ei rekkje tradisjonelle normer og verdiar i samfunnet – ho måtte også overvinne ei rekkje konkrete og praktiske utfordringar. Noko det er vanskeleg – om ikkje umogleg – å få til på eiga hand.

Moralsk fridom

På same måten som vi er avhengig av andre menneske for å gjennomføre våre eigne livsprosjekt, er andre menneske avhengige av oss. Å vere moralsk fri inneber at ein ikkje berre anerkjenner sin eigen eksistensielle fridom, men også andre sin fridom til å leve sitt eige liv.

I si beskriving av den moralske fridommen er Simone de Beauvoir inspirert av filosofen Hegel. Ifølgje Hegel er alle avhengige av å gi og få anerkjenning for å bli fri. Vi må anerkjenne andre som fri på same måten som dei anerkjenner oss. Viss vi derimot behandlar andre menneske som ufrie slavar, som ting, kan ikkje dei heller gi oss den anerkjenninga vi treng som frie menneske. Vi blir begge låst i ufridom. Heile livet deltok derfor Simone de Beauvoir aktivt i kampen for kvinner og andre undertrykte grupper si frigjering.

Viktige omgrep:

  • eksistensialisme
  • autensitet

Litteratur

Beauvoir, S. (1996). En veloppdragen ung pikes erindringer. Oslo: Pax

Beauvoir, S. (2000). Det annet kjønn. Oslo: Bokklubben Dagens Bøker

Beauvoir, S. (2009). Pyrrhos og Cineas. Tvetydighetens etikk. Oslo: Pax

Pettersen, T. (2011). Filosofiens annet kjønn. Oslo: Pax

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2022