Oppgåve
Video
Dialog om kjønn og religion
Kva skjer no to kristne, to muslimar og to buddhistar set seg saman for å snakke om religion og kjønn?
Før du ser filmen
Kva veit du frå før om synet på kjønn i kristendommen, islam og buddhismen?
Sjå filmen (lengde 10:38) og jobb med oppgåvene under.
Video: Applaus! Film & TV / CC BY-SA 4.0
Etter at du har sett filmen
- Var det noko som overraska deg, provoserte deg eller som du syntest var spesielt interessant?
- Kristne er ueinige om kvinner kan bli prestar. Kva argument for og mot kvinnelege prestar kjem fram i filmen? Kjenner du til fleire argument?
- Enkelte buddhistar meiner kvinner ikkje kan oppnå nirvana. Korleis kan eit slikt syn ha utvikla seg? Kvifor trur du mange norske buddhistar er ueinige i dette synet?
- I islam er det vanleg at kvinner dekkjer seg til med ulike hovudplagg som hijab og nikab. Kvifor trur du det er viktig for somme muslimske kvinner å bruke slike hovudplagg? Kvifor trur du dette spørsmålet har fått så mykje merksemd i media?