Oppgåve
Video
Døden
Kva er forskjellane og likskapane mellom kristendommen og buddhismen sine syn på døden? Sjå ein mahayana-buddhist og ein katolikk snakke saman om tankane sine om liv og død.
Før du ser filmen
Kva trur du er dei viktigaste forskjellane i synet på døden hos ein buddhist og ein kristen?
Sjå filmen (lengde 7:20) og jobb med oppgåvene under.
Video: Applaus! Film & TV / CC BY-ND 4.0
Etter at du har sett filmen
- Korleis stemte det Nhu og Allessandro sa med det du tenkte? Var det noko som overraska deg eller som du syntest var spesielt interessant?
- Kva for likskapar og forskjellar er det i synet deira på døden?
I ein religion er det ein samanheng mellom synet på døden og andre sider av verkelegheita. Prøv å forklare korleis Nhu og Allessandros syn på døden heng saman med synet deira på
- Gud
- mennesket og sjela
- gode og dårlege handlingar
- Kva for betydning har synet på døden for korleis dei lever livet?
Er det nokon ulikskapar mellom Nhu og Alessandro her?
Vidare refleksjon
Diskuter eitt eller fleire av punkta i klassen:
- Kvifor kan det å snakke om døden vere tabubelagt?
- Er det viktig å snakke om døden?
- Har synet på døden noka betydning for korleis du lever livet?