Kjønn i kristendommen - Religion og etikk - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kjønn i kristendommen

Kjønn blir forstått på ulike måtar innanfor kristendommen. Synet på kjønn er påverka av kva som står i Bibelen, tradisjonane til kyrkja og historiske endringar, særleg i moderne tid.

Heilage tekstar

I Bibelen finn vi fleire døme på patriarkalske skildringar av kjønn. Patriarkalsk betyr faderleg eller mannsstyrt. I ei patriarkalsk forståing av kjønn blir mannen sett på som den overlegne, og det er mannen som skal herske og bestemme over kvinna. To av dei mest siterte bibelversa om dette kjem frå høvesvis Det gamle testamentet og Det nye testamentet:

(...) Etter mannen din skal du trå, og han skal herska over deg. (1. Mos. 3:16).

Men eg vil de skal vita at Kristus er hovudet for kvar mann, mannen er hovudet for kvinna, og Gud er hovudet for Kristus. (...) For mannen vart ikkje til av kvinna, men kvinna av mannen. Mannen vart heller ikkje skapt for kvinna si skuld, men kvinna for mannen si skuld. (1. Kor. 11: 3–9).

Ei tradisjonell tolking av desse og liknande bibelvers er at Gud skapte mannen og kvinna ulike, og at dei derfor òg skal ha ulike roller og rettar i samfunnet. Denne tolkinga er framleis utbreidd blant mange kristne.

Det finst likevel fleire bibelvers som ikkje vektlegg forskjellane, men likskapane mellom kjønna. Særleg i Det nye testamentet, som er den viktigaste delen av Bibelen i kristendommen, finst det fleire døme på dette. Det mest kjente dømet er frå Paulus' brev til galatarane:

Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus. (Gal. 3:28).

Dette verset har mange kristne tolka til å bety at forskjellar basert på nasjonalitet, etnisitet, maktposisjon eller kjønn er uvesentleg i kristendommen. Den vanlegaste tolkinga av dette verset er at kjønna er likeverdige. Slike vers har inspirert somme kristne til å tolke Bibelen som ei lære om radikal likestilling, frigjering og kjønnsrevolusjon.

Historiene om Jesus i evangelia blir ofte brukte for å underbygge at kristendommen er for likestilling mellom kjønna. Jesus var ein leiar med både mannlege og kvinnelege følgarar, og i fleire tilfelle inntek kvinnelege følgarar ei særstilling, til dømes Maria Magdalena. Ein del kristne reknar òg Maria Magdalena som ein av Jesu disiplar.

Mariaevangeliet

Maria Magdalena sitt evangelium er ein apokryf tekst – det vil seie ein tekst som ikkje blei med i Bibelen, men som blei skriven på same tid som dei nytestamentlege bibelskriftene. Han framstiller disippelen Maria Magdalena som den einaste som forstår Jesu sanne bodskap, og som gjer dette tydeleg for dei andre disiplane.

Apokryfe tradisjonar er inspirasjonskjelder for mange moderne teologar, særleg feministiske teologar. Dei blir i dag mellom anna brukte i argumentasjonen om at kvinner òg bør ha leiarstillingar innan kyrkja.

I tre av dei fire evangelia (Markus, Matteus og Lukas) seier Jesus noko som kan bli forstått som ein generell motstand mot forskjellar i samfunnet:

(...) De veit at fyrstane over folka undertrykkjer dei, og stormennene deira styrer med hard hand. Men slik skal det ikkje vera blant dykk. Den som vil bli stor mellom dykk, skal vera tenaren dykkar; og den som vil vera den første av dykk, skal vera slaven dykkar. (Matt. 20:25–27, sjå òg: Mark. 10:42–43, Luk. 22:25–26).

Ei radikal tolking av dette verset var at Jesus snakka om å fjerne alle typar hierarki, det vil til dømes seie at mannen ikkje kan vere overhovudet til kvinna. Å vere kristen betyr ifølge denne tolkinga at ein ikkje skal styre eller undertrykke andre i det heile. Ein slik bodskap var svært radikal og revolusjonerande for 2000 år sidan.

Historiske endringar

Tidleg kristendom

I tidleg kristen historie (år 30–400) hadde kvinner ei meir utbreidd leiarrolle i gudstenester og som misjonerande predikantar. Tittelen diakonisse, ein kvinneleg medhjelpar under gudstenester, var vanleg fram til ut på 300-talet, men forsvann heilt i løpet av 400-talet. Den patriarkalske kjønnsforståinga blei stadig meir utbreidd hos dei fleste kyrkjeleiarane, som alle var menn, og den underordna stillinga for kvinner i kyrkja blei allmenn praksis. I løpet av 300-talet blei den katolske kyrkja òg statsreligion i Romarriket, noko som forsterka denne utviklinga.

Nonnekloster

I mellomalderen (500–1500) blei nonneklosteret i praksis den einaste staden kvinner kunne studere og leve utan å bli styrt av ein mann. Utanfor klosteret var det rolla som lydig hustru og mor som var idealet for kvinner, mens ein mann skulle vere overhovudet til familien. I den katolske og den ortodokse kyrkja blei det bestemt at kvinner ikkje kunne inneha leiarstillingar i kyrkja, med unntak av i nonnekloster.

Etter reformasjonen (1500-talet) blei kloster forbodne i den protestantiske verda, og kvinner der kunne ikkje vere nonner lengre. Fordi dei protestantiske prestane ikkje var seksuelt avhaldne, og ikkje levde i sølibat, blei prestekona eit nytt kvinneideal. Ho skulle vere den støttande familiemora som steller familien til presten.

Likestilling og feminisme i ein kristen kontekst

I moderne tid, sidan 1850-talet til i dag, har stadig fleire kvinner blitt misjonærar og i dei siste tiåra òg prestar. Politiske endringar og krav om likestilling og médavgjerd er hovudårsaka.

Sidan 1970-talet har feministisk teksttolking blitt meir utbreidd blant teologar, og i same periode har likestilling mellom menn og kvinner blitt dramatisk forbetra i mange land. Dette har ført til at mange kristne ser nytt på kjønnsroller, særleg i land med protestantiske former for kristendom.

Feministteologi tek utgangspunkt i at kvinner har same verdi og rettar som menn i kraft av å vere skapte i Guds bilete, og at dette òg må gjennomsyre teologisk og kyrkjeleg arbeid. Feministisk teologi er altså ein måte å tolke kristen lære på gjennom brillene til feminismen. Feministisk lesing av Bibelen og kyrkjehistoria har derfor opna for fleire nytolkingar av kristendommen.

Døme på feministisk teologi

For å bli ordinert prest må ein studere teologi, som mellom anna betyr at ein må lære seg hebraisk og gresk, for å kunne studere Bibelen på originalspråka han blei skriven på. Når ein les bibeltekstane slik, ser ein at mange omsetjingar fort forandrar originalbetydninga. Her kan du lese to døme:

Feministisk lesing av Det gamle testamentet

Etter mannen din skal du trå, og han skal herska over deg (1. Mos. 3:16).

Dette verset forandrar meining viss ein omset det ordrett, ifølge feministisk teologi. Verbet "skal" er i den hebraiske originalteksten i futurum, som betyr at ei nærare omsetjing blir "og han kjem til å herske over deg", altså noko som vil skje i framtida. Dermed må ikkje bibelverset tolkast som kjønnsdiskriminerande, ifølge feministisk teologi, men heller som ein spådom om noko som kjem til å skje i framtida.

Feministisk lesing av Det nye testamentet

Hels Andronikos og Junia, som er landsmennene mine og fengselskameratane mine. Dei har eit godt namn mellom apostlane, og dei kom til trua på Kristus før meg. (Rom. 16:7).

Dei utheva orda har historisk blitt omsette og tolka svært ulikt. Fram til 1200-talet var det brei einigheit blant teologar om at Junia var ei kvinne. Men frå 1200-talet blei namnet omsett til Junias, eit mannleg namn. I norske omsetjingar stod det Junias heilt fram til 1998. Sidan har det stått Junia. Også omsetjinga av eit godt namn mellom apostlane skaper tolkingsforvirring – fordi det òg kan omsetjast til eit godt namn hos apostlane, altså som at Junia sjølv var ein apostel. Dermed kan dette utdraget tolkast som eit bevis for at det finst kvinnelege apostlar, altså kristne leiarar som spreier Jesu bodskap, på Paulus' tid, ifølge feministisk teologi. Og dermed vil feministiske teologiar seie at det vanlegaste argumentet mot kvinnelege prestar ikkje stemmer – at det berre finst mannlege apostlar.

Kjønnsroller og praksis i dag

Kvinnelige prestar

I dag ser vi ei betydeleg auke av kvinnelege prestar i land der dei fleste kristne er frå protestantisk tradisjon. I Noreg er 38 % av prestane i Den norske kyrkja kvinner, og i Sverige er talet over 50 % (per 2021). I Nord-Amerika blir det stadig fleire kvinnelege prestar, og kvinnelege predikantar og pastorar er òg vanleg der.

I dei eldste kyrkjene er det tradisjonelle synet på kjønn framleis utbreidd. I katolsk og ortodoks kristendom er det framleis ikkje lov for kvinner å bli prestar, biskopar eller leie ritual i kyrkja. Dei grunngir dette med at Jesus valde ut mannlege apostlar, og at dette har vore tradisjonen til kyrkja sidan den gongen. Det er likevel mange kvinner i dag som arbeider med administrative oppgåver i den katolske kyrkja, særleg på lokalt plan.

Kjønnsmangfald og seksuelt mangfald

De siste tiåra har synet på kjønnsmangfald og seksuelt mangfald forandra seg i mange samfunn, med stadig større aksept for ulike seksuelle orienteringar og eit breiare kjønnsmangfald. Reaksjonen til kyrkjesamfunna har vore todelt.

På den eine sida står liberale kristne, som står for ei gradvis tilpassing og auka aksept for desse endringane. Det tydelegaste dømet i Noreg er organisasjonen Åpen folkekirke, som skal motarbeide alle typar diskriminering og dermed støttar at homofile skal kunne gifte seg i kyrkja og adoptere barn, og at ein skal ha rett til respekt for kjønnsidentiteten sin.

På den andre sida står dei konservative kristne, som ønsker å verne eit tradisjonelt syn på kjønnsidentitet og ekteskapet. Dette betyr i praksis at homofile par ikkje skal kunne gifte seg i kyrkja eller adoptere barn. Både konservative og liberale kristne bruker Bibelen for å legitimere haldningane sine.

I 2016 vedtok Kirkemøtet i Den norske kyrkja, etter sterk påverknad frå Åpen folkekirke, at personar av same kjønn kan gifte seg i kyrkja. Som reaksjon på dette skreiv 36 andre kristne organisasjonar og kyrkjesamfunn under Ekteskapserklæringa. Denne erklæringa understrekar at eit kristent ekteskap berre er mellom mann og kvinne, og at barn har ein rett til ein biologisk far og ei biologisk mor. Blant dei 36 underskrivarane er den katolske kyrkja, Pinserørsla i Noreg og Norsk Luthersk Misjonssamband.

Den norske kyrkja er i dag oppteken av at folk med ulik kjønnsidentitet og seksuell orientering skal føle seg inkluderte i kyrkja. Det blir halde kurs om temaet for tilsette. Kyrkja har òg eit eige utval som består av kyrkjemedlemmer med ulik kjønnsidentitet og seksuell orientering. I 2020 viste ein rapport at det framleis skjer diskriminering i kyrkja, men at eit fleirtal av dei tilsette i Den norske kyrkja har positive haldningar til folk med forskjellig kjønnsidentitet eller seksuell orientering. I 2021 blei det for første gong halde ein namneskifteseremoni for ei transkvinne i Hoff kirke på Toten. Slike seremoniar er omdiskuterte i Den norske kyrkja.

Relatert innhald

Fagstoff
Kjønnsnormer

Ei viktig årsak til forskjellane mellom ulike kjønn er kjønnsnormer. Kjønnsnormer er forventningar til korleis vi skal vere som kjønn.

Kjelder

Ask, A.. (2020, 28. juli) Norge henger langt etter Sverige i andel kvinnelege prester. Aftenposten. https://www.aftenposten.no/norge/i/opgmwb/norge-henger-langt-etter-sverige-i-andel-kvinnelige-prester

Berger, T. (2011). Gender Differences and the Making of Liturgical History. Lifting a Veil on Liturgy's Past. Ashgate.

Coakley, S. (2015). The New Asceticism. Sexuality, Gender and the Quest for God. Bloomsbury.

Den norske kirke. (2018, 14. september). Kirken får LHBT-utvalg. https://www.kirken.no/nb-NO/om-kirken/aktuelt/kirken-far-lhbt-utvalg/

Den norske kirke. (2021). Årsrapport 2021. https://kirken.no/globalassets/kirken.no/om-kirken/slik-styres-kirken/kirkeradet/arsmeldinger/%C3%A5rsrapport%20den%20norske%20kirke%202021.pdf

Den norske kirke. (u.å.). Historie om LHBT+ i Den norske kirke. Henta 9. mars 2023 frå https://www.kirken.no/nb-no/om-kirken/diakoni-og-samfunnsansvar/lhbt-i-den-norske-kirke/historie/

Ehrman, B. (2006).(2006). Peter, Paul and Mary Magdalene: The Followers of Jesus in History and Legend. Oxford University Press.

King, U. (eid. (2000). Religion and Gender. Blackwell.

Morel, S.H. (2021, 25. juni). Historisk seremoni: Elin og Stein er de første som gjør dette i Norge. NRK. https://www.nrk.no/innlandet/transperson-blir-historisk-i-den-norske-kirke.-skal-markere-overgang-fra-et-kjonn-til-et-annet-1.15547798

Moxnes, H. et al. (2002). Naturlig sex? Seksualitet og kjønn i den kristne antikken. Gyldendal akademisk.

Norsk kvinnelig teologiforening (u.å.). Feministteologi. Henta 9. mars 2023 fra https://nktf.wordpress.com/faglig/feministteologi/

Sawyer, D.. (1996).(1996). Women and Religion in the First Christian Centuries. Routledge.

Serck-Hanssen, C. (2021). Den ortodokse kirke – historie – lære – trudomsliv. St. Olav forlag.

Åpen folkekirke. (2019, 14. februar). Valgprogram 2020-2023. https://apenfolkekirke.org/2019/02/valgprogram-2020-2023/

Skrive av Knut Dæhli.
Sist fagleg oppdatert 18.01.2023