Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk Frogner kirke

Mange ulike sider ved kristendommen blir uttrykte i ei kyrkje. Her kan du øve deg på å forstå slike uttrykk og kople det til det du allereie kan om kristendommen.

Oppgåve 1

  1. Set opp ei liste over fem ting du forventar å finne i ei kyrkje.
  2. Bruk 5 minutt på å utforske kyrkja. Klikk deg inn på bilete og tekstboksar. Klikk på i-ikonet for å sjå informasjon om rommet du står i. Bruk gjerne fullskjermmodus.
  3. Beskriv kyrkja kort i 2–3 setningar.
  4. Fann du det du forventa? Viss ikkje – kva kan vere grunnen, trur du?
  5. Noter ned minst tre ting du syntest var overraskande eller interessant i kyrkja. Diskuter dette i plenum.

Oppgåve 2

Vel eitt av punkta under og finn så mange døme du kan på 10 minutt. Oppsummer i plenum.

  1. gjenstandar eller symbol som kan knytast til hendingar i Jesu liv
  2. gjenstandar, symbol eller arkitektur som byggjer på konkrete personar og hendingar frå Det gamle testamentet
  3. element i kyrkja som kan knytast til konkrete ritual
CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2022

Læringsressursar

Kristendommen