Hopp til innhald

Fagstoff

Videoar og podkastar om kristendommen

Her har vi samla videoar og podkastar som handlar om ulike sider ved kristendommen. Under nokre av videoane er det lenker til oppgåver og relevante ressursar.

Historia til kristendommen

Lær om korleis kristendommen oppstod og utvikla seg. I videoen nedanfor får du òg lære meir om bakgrunnen for at religionen i dag består av tre hovudretningar: dei protestantiske kyrkjene, Den katolske kyrkja og Den ortodokse kyrkja.

Artikkel: Kristendommen – opphav og utbreiing

Gruppeoppgåve: Kristne retningar

Norsk kyrkjehistorie

Kristendommen har ein 1 000 år lang historie i Noreg. Dei 500 første åra var landet katolsk. Dei 500 neste var landet luthersk. I dag har ikkje Noreg ein statsreligion lenger. Videoen under gir ei oversikt over historia til kristendommen i Noreg.

Artikkel: Det kristne mangfaldet i Noreg

Artikkel: Det norske livssynslandskapet

Artikkel: Livssynsmangfald i Noreg – konflikt, dialog og samarbeid

Eg er kristen

I denne videoen møter du to kristne ungdommar. Den eine har eit liberalt forhold til kristendommen, den andre er ein meir konservativ kristen.

Artikkel: Det kristne mangfaldet i Noreg

Indre mangfald i kristendommen

Oppgåver til videoen: Indre mangfald i kristendommen

Gruppeoppgåve: Kristne retningar

Målet

Ein katolikk og ein ahmadiyya-muslim snakkar saman om målet og vegen til målet.

Oppgåver til videoen: Målet

Artikkel: Kristendom – verdsbilete og menneskesyn

Døden

Ein mahayana-buddhist og ein katolikk snakkar saman om døden.

Oppgåver til videoen: Døden

Artikkel: Kristendom – verdsbilete og menneskesyn

Podkast om åndelegheit

Yuhashinee Shankkar er hindu, og Ann Kristin Van Zijp Nilsen er kristen. I denne podkasten snakkar dei med programleiar Marthe Sveberg om forholdet sitt til Gud og åndelegheit.

Raud notatbok med papir stikkande ut. I forgrunnen står teksten "Heilt personleg". Foto.
Heilt personleg

Åndelegheit

Yuhashinee Shankkar er hindu, og Ann Kristin Van Zijp Nilsen er kristen. I denne podkasten snakkar dei med programleiar Marthe Sveberg om forholdet sitt til Gud og åndelegheit.

0:00
-0:00

Oppgåver til podkasten: Åndelegheit

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 26.01.2022

Læringsressursar

Kristendommen