Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Målet

Kva er målet med livet for ein kristen og ein muslim? Ein ahmadiyya-muslim og ein katolikk snakkar saman om dei store spørsmåla i livet.

Før du ser videoen

Kva trur du er målet med livet for ein kristen og ein muslim?

Etter at du har sett videoen

  1. Korleis stemte det Amandus Amadeus og Alessandro sa med det du tenkte? Var det noko som overraska deg eller du syntest var spesielt interessant?
  2. Kva er målet med livet for Alessandro og Amandus Amadeus?
  3. Kva for midler har dei for å nå dette målet?
  4. Kva for likskapar og forskjellar ser du mellom dei to?

Undersøk vidare

  1. Kva for beskrivingar av himmel og helvete finst i Bibelen og Koranen? Kor stor betydning trur du førestillinga om himmel og helvete har for kristne og muslimar?
  2. Finn informasjon om dei fem søylene i islam og dei sju sakramenta i katolsk kristendom.
    1. Kva for likskapar og forskjellar finn du?
    2. Korleis kan desse religiøse pliktene vere til hjelp for å nå målet og komme til paradis?
  3. Amandus Amadeus konverterte frå kristendommen til islam.
    1. Kva for endringar inneber ei slik konvertering i tankesett, praksis og innstilling til livet, trur du?
    2. Kva trur du kan vere grunnen til at nokon vel å skifte religion?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2022

Læringsressursar

Kristendommen