Mitt prosjekt for auka aktivitet
I dette prosjektet skal du lage og gjennomføre ein plan for auka fysisk aktivitet. Målet med prosjektet er at du skal bli litt meir aktiv enn det du er i dag.
Oppgåveskildring og rammer for prosjektet
Mål: Du skal bli litt meir fysisk aktiv enn du er i dag.
Varigheit: Fire veker.
Førebuing: Lag ein periodeplan med ei oversikt over når og korleis du kan vere meir fysisk aktiv. I artikkelen "Korleis planlegge trening?" finn du eit forslag til ein periodeplan.
Gjennomføring: Gjennomfør aktivitetane som planlagt. Logg øktene, anten med ein treningsapp, selfiar, ei treningsdagbok eller liknande. Lag gjerne grupper i klassen som kan hjelpe å motivere kvarandre.
Etterarbeid: Gjennomfør ei eigenvurdering. I oppgåva "Eigenvurdering fysisk aktivitet" finn du eit forslag til korleis eigenvurderinga kan gjennomførast.
Som ei førebuing skal du reflektere over og svare på fem spørsmål, som kan hjelpe deg å gjennomføre prosjektet. Diskuter gjerne spørsmåla med ein annan elev, eller jobb saman i grupper.
Kvifor er det viktig å vere i fysisk aktivitet?
Korleis kan du motivere deg sjølv til å bli meir fysisk aktiv? Kva gir deg indre motivasjon, og kva kan du gjere for å motivere deg sjølv?
Kva aktivitetar passar for deg?
Når, kor lenge og kor mykje skal du bevege deg?
Korleis kan du følge opp prosjektet undervegs? Set opp minst tre punkt for korleis du kan følge opp prosjektet.
Nedanfor finn du lenker til artiklar og podkastar der du kan få tips og hjelp til å svare på spørsmåla og gjennomføre prosjektet.
Om fysisk aktivitet
Artikkel: Fysisk aktivitet
Artikkel om fordelar med fysisk aktivitet.Artikkel: Frå eit aktivt til eit stillesitjande liv
Artikkel om samfunnsendringar som har ført til eit meir stillesitjande liv.
Om motivasjon og målsetjing
Artikkel: Kva er motivasjon?
Artikkel om ulike former for motivasjon.Artikkel: Målsetjing og motivasjon
Artikkel om korleis du kan setje deg mål og motivere deg sjølv.
Om treningsplanlegging
Artikkel: Kvifor planlegge trening? Artikkel om fordelar med å planlegge trening.
Artikkel: Treningsprinsipp
Artikkel om korleis du kan systematisere og tilpasse treninga.Artikkel: Korleis planlegge trening? Artikkel om korleis du kan lage ein periodeplan og øktplan for treninga.
Helsedirektoratet sine nasjonale tilrådingar for fysisk aktivitet og stillesitjing for aldersgruppa 13–17 år
Oversikt over kor mykje fysisk aktivitet Helsedirektoratet tilrår for ungdom.
Om ulike former for fysisk aktivitet
Podkastar om trening og fysisk aktivitet
Tips! Bruk gjerne podkastane som motivasjon undervegs i prosjektet.