Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Podkastoppgåver om fysisk aktivitet

Kvifor er det viktig å trene, og korleis kan du få tid til å trene i ein travel kvardag? Lytt til ein podkast med komikar Jonis Josef og treningsekspert Yngvar Andersen, og reflekter over kva slags trening som passar for deg.
Ung kvinne på sykkel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1 – førebuing

Før du lyttar til podkasten, tenk etter:

  1. Kva er fysisk aktivitet?

  2. Kva slags fysisk aktivitet passar for deg?

Jonis Josef, som har svart krøllete hår og skjegg, poserer framfor eit mikrofonstativ. Han ser smilande og imøtekommande ut. Foto.
Kva veit eg?

Fysisk aktivitet

Kva er fysisk aktivitet, og kvifor er det så vanskeleg å få til? Kva gjer fysisk aktivitet med kroppen og med hjernen? Kvifor har nokon godt uthald utan at dei trenar? Kva er ein sunn livsstil? Dette ...

0:00
-0:00

Oppgåve 2 – fysisk aktivitet

Lytt til podkasten, og svar på spørsmåla under.

  1. Kvifor er det så lett for oss å ete usunt og ikkje bevege oss, ifølge Yngvar Andersen?

  2. Korleis kan du utnytte moglegheitene i kvardagen din til å komme i betre form utanom trening?

  3. Kva er dei positive effektane av trening, ifølge Andersen?

  4. Kva tips frå podkasten kan du ta med deg for å bli meir aktiv?

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 02.12.2021

Læringsressursar

Fysisk aktivitet som livsmeistring