Aktiv læring ute
Rebusløp, sporleik eller orientering – kjært barn har mange namn – er ein aktivitet som eignar seg godt for å repetere eit emne eller øve til eksamen. Å flytte undervisninga ut kan vere eit fint avbrekk frå å jobbe i klasserommet eller på naturfagssalen. Elevane får lufta seg, samtidig som dei lærer noko fagleg.
Førebuingar
Lag varierte oppgåver om eit tema, og plassar dei ut i eit avgrensa område i nærleiken av skulen. Merk av på eit kart kvar dei ulike oppgåvene er plasserte.
Gjennomføring
- Del klassen inn i lag/grupper på fire.
- Gi kvar gruppe eit kart som viser kvar oppgåvene er plasserte.
- Elevane beveger seg rundt for å leite etter dei ulike oppgåvene og løyse dei undervegs.
- Alle gruppene må løyse alle oppgåvene som er lagde ut.
Aktiviteten blir avslutta når alle gruppene er tilbake til start.
Kanskje vankar det ein premie til den gruppa som klarer å løyse alle oppgåvene først, eller som har flest riktige svar?
Alternativ for gjennomføring
Stjerneorientering
Elevane får utdelt kart for éi oppgåve om gongen og må kome innom læraren for å hente kart til neste oppgåve.
Skattejakt
Elevane får berre kart for den første oppgåva. Denne oppgåva inneheld hint som skal hjelpe elevane vidare til neste oppgåve.
Historisk vandring
Stadene der elevane skal finne oppgåvene, må besøkjast i ei bestemt rekkjefølgje.
Digital orientering
Det finst ulike appar der du kan lage og leggje ut eigne oppgåver, eller bruke oppgåver som andre har laga.
Elevane bruker kartet i appen for å navigere seg fram til koordinatane der oppgåvene er lagde ut. Når elevane er i nærleiken av dei riktige koordinatane, får dei tilgang til oppgåva du har lagt ut. Så må dei løyse oppgåva digitalt ved hjelp av mobiltelefonen.
Døme på app for digital orientering:
Fotspor (utvikla av Senter for nye medier og Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet ved Høgskulen på Vestlandet)
Elevane må ha lasta ned appen på mobiltelefonen sin før dei begynner på aktiviteten.